korona
Universiteta må betala for forseinka stipendiatar
Institusjonane kan ikkje rekna med at regjeringa vil ta rekninga for at stipendiatar og postdoktorar skal få forlenga tilsetjingsperioden sin etter korona-våren.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Forskingsrådet har signalisert at dei vil bidra til at stipendiatar får fullført doktorgrada si. Elles legg me vil grunn at institusjonane vurderer å forlenga enkelte åremål innanfor eksisterande rammer der dei har vorte forseinka på grunn av koronakrisa.
Det skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ein epost til Universitetsavisa.
Forseinkingar blant doktorgradsstipendiatar kan kosta ein milliard kroner, har Universitetsavisa tidlegare skrive. Det er Universitets- og høgskulerådet som samlar inn data frå universitet og høgskular. Bakgrunnen er korona-våren, som òg har ramma vitskapeleg tilsette i mellombels stilling. Nokre har vore heime med barn og har fått gjort mindre enn dei hadde tenkt, andre har ikkje kome seg på viktige konferansar eller ut i felt.
Debatt om betaling
Spørsmålet er kven som skal betala for at dei mellombels tilsette får forlenga tilsetjingsperioden sin. Khrono har skrive om dette i fleire saker, sist om OsloMet som har vedteke at det er sentralnivået på universitetet som skal betala.
— I og med at Forskningsrådet har sagt at dei vil ta sin del, og regjeringa signaliserer at dei vil koma med løyvingar her, har me valt å endra praksis, sa viserektor Per M. Norheim-Martinsen til Khrono.
Først var det opna for at det berre var stipendiatar som kunne for forlenga kontrakt, men det er seinare endra til å òg gjelda postdoktorar.
Les også: Samler seg til felles front for stipendiat-krav
Lovar ikkje fleire løyvingar
Forskingsrådet har altså sagt at dei stipendiatstillingane som er finansiert av dei, vil kunne verta forlenga som følgje av korona-utbrotet. Regjeringa har løyva 40 millionar som kan fordelast på dei som har eksternfinansierte stipendiatstillingar. Men dei andre stillingane må altså institusjonane dekka sjølve. Som Khrono har skrive, er det fleire av utdanningsinstitusjonane som har ei løysing der dei tilsette sjølve må søkja om forlenging, det er ikkje nødvendigvis slik at alle får.
Asheim skriv i eposten at som stipendiatar har postdoktorar ulike finansieringskjelder, og at det er institusjonane sjølve som må vurdera kriterium.
Han lovar ikkje nokre ekstraløyvingar.
– Me har lova 40 millionar kroner til dei som er eksternfinansiert og forventar elles at institusjonane sjølve vurderer å forlenga nokre åremål innanfor dei rammene som allereie eksisterer, slår Asheim fast til UA.
Nyeste artikler
Mener UiO må bli mer synlige: — Mange av de samme ansiktene som går igjen
Rektor og direktør krangla i styremøte: — Oppteken av å visa at rektor har gjort feil
Ledere om økonomisk krise ved NTNU: — Det er alltid ønske om en omkamp
Exit for Oddmund Hoel etter ett år og en uke
Disse kan bli ny statsråd etter Hoel
Mest lest
Ansatte reagerer på krav om høflighet på jobben i Sørøst
Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk
Snart kan ingen lære norske elever fremmedspråk
20 varsel mot Søreide: — Jeg blir framstilt som en tyrann
I denne gata fikk bare akademikere bo. Helle (90) har bodd her i snart 60 år