Arvid Hallén går av som forskingsdirektør etter 12 år. Kven tar over?
Arvid Hallén går av som forskingsdirektør etter 12 år. Kven tar over?

Kven kan bli ny forskingsdirektør?

Kan Kristin Clemet bli ny administrerande direktør for Forskingsrådet? Eller vil hovudstyret landa på NOKUT-direktør Terje Mørland? Kanskje vil heilt andre dukka opp. Avgjerda blir tatt om kort tid.

Publisert   Sist oppdatert

I år går Forskingsrådets administrerande direktør Arvid Hallén (65) av etter at det andre av to seks år lange åremål er over. Jakta på å finna etterfylgjaren hans er allereie i gang.

I fleire omgangar har Forskingsrådet søkt etter personar som kan tenkja seg å overta den mektigaste forskingsleiarjobben i Noreg.

Arvid Hallén har vore ein tydeleg leiar og aktiv samfunnsdebattant i dei snart 12 åra han har vore direktør. Då han blei tilsett i 2004, kom han frå stillinga som divisjonsdirektør for vitskap i Forskingsrådet. Tidlegare hadde han vore områdedirektør for kultur og samfunn.

Blei ikkje UiO-direktør

Eitt år før var han ein av tre søkjarar til den ledige stillinga som universitetsdirektør ved UiO. Universitetsstyret var ikkje nøgd med søkjarane, og fekk hanka inn Hanne Harlem som ny universitetsdirektør. Truleg var det difor ein stor triumf for den sindige strilen då han kort tid etter blei funnen godt kvalifisert til å bli ny administrerande direktør for Noregs forskingsråd etter juristen Christian Hambro.

Blant eksterne kandidatar, vil dagens direktør for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), Terje Mørland, truleg vera ein av dei fremste kandidatane til å overta.

Martin Toft
Redaktør, Uniforum

I desse åra har han vore med på å halda fram med ordninga med senter for framifrå forsking, samtidig som det er blitt endå større satsing på å få fram den gode forskinga både frå politisk hald og frå Forskingsrådet. Mange vil truleg seia at det er blitt meir pengar til programforsking og mindre til forsking som forskingsinstitusjonane og forskarane sjølve kan bestemma over.

Frå NOKUT til NFR?

Arvid Hallén er utdanna sosiolog og jobba som direktør for Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) før han kom til Forskingsrådet i 1995.

No er det svært truleg at stillinga vil bli overtatt av ein person med ein litt annan bakgrunn. Om ein skulle gå inn i spekulasjonar blant eksterne kandidatar, vil dagens direktør for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), Terje Mørland, truleg vera ein av dei fremste kandidatane til å overta. Han har omorganisert NOKUT, og gjort organisasjonen til ei viktig og lydhøyr stemme i forskingsdebatten. Dessutan har han bakgrunn både som forskingsdirektør ved Universitetet i Oslo og som rådgjevar i Forskingsrådet.

Gode kandidatar med nye direktørjobbar

Alexandra Bech Gjørv kunne ha vore ein svært aktuell kandidat, om ho ikkje nyleg hadde begynt i jobben som ny direktør for SINTEF i Trondheim. Av tidlegare politikarar vil det vera naturleg å trekkja inn tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som i dag er direktør for Cicero Senter for klimaforsking. Ho er også styreleiar for Naturhistorisk museum ved UiO, og styreleiar for Bioteknologirådet. Truleg har heller ikkje ho lyst til å forlata stillinga som Cicero-direktør etter knapt to år i sjefsstolen.

Frå politikar til forskingsbyråkrat?

Då er det meir sannsynleg at ein av forgjengarane hennar, Kristin Clemet vil vera meir aktuell. Ho har allereie eit godt ord på seg for å ha grunnlagt tankesmia Civita, og kan sikkert tenkja seg å utøva forskingspolitikken frå ein så sentral stilling som toppjobben i Forskingsrådet.  

Ei tredje Kristin som også kan vera aktuell, er stortingsrepresentant Kristin Vinje. Ho har både doktorgrad i kjemi og erfaring som assisterande direktør for Simula Research Laboratory på Fornebu. Dessutan har ho vore finansbyråd i Oslo. No er ho også medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. Både ho og Kristin Clemet har også lang fartstid i regjeringspartiet Høgre.

Samtidig kan det henda at statssekretær Bjørn Haugstad også siktar seg inn på den jobben. Då må han i tilfelle forlata vervet som nestkommanderande i Kunnskapsdepartementet, for å bli forskingsbyråkrat. Som tidlegare forskingsdirektør ved UiO har han god røynsle med det. Før han slutta i den jobben, fekk han også endeleg i hamn doktorgraden sin frå Universitetet i Oxford. Det som talar imot han, vil vera at han kjem til å møta seg sjølv i døra litt for mange gonger.

Frå opposisjonspolitikk til forskingsbyråkrati?

Blant opposisjonspolitikarane vil sjølvsagt Marianne Aasen vera eit aktuelt namn. Ho har i lang tid vore ein sentral forskingspolitisk aktør for Arbeidarpartiet. Nyleg har ho også gjort det klart at ho ikkje stiller til val som stortingsrepresentant i 2017. Også ho er medlem i Stortingets kyrkje-, forskings- og utdanningskomité.

Likevel vil truleg komitéleiaren Trond Giske (A) vera ein endå meir sannsynleg kandidat. Med bakgrunn både som kunnskapsminister, kulturminister og næringsminister vil han ha erfaring frå dei fleste område som blir dekte av Forskingsrådet. Men om han skulle takka ja til den stillinga, måtte han kutta ut alle sine politiske ambisjonar. Og Trond Giske er truleg eit for godt utvikla politisk dyr til at han vil finna seg i å sitja stille i ein byråkratstol og berre kunne snakka om forsking.

Møter seg sjølve i døra

Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen og NTNU-rektor Gunnar Bovim kunne ha vore interessante namn. Førstnemnde går av som vald rektor neste år, medan Gunnar Bovims første åremål som tilsett rektor også tar slutt i 2017. Problemet er at tidlegare universitetsrektorar vil møta seg sjølve i døra minst like ofte som tidlegare statssekretærar eller statsrådar. Gunnar Bovim sit også i Hovudstyret til Forskingsrådet.

Sterke, interne kandidatar

Det aller enklaste for hovudstyret til Forskingsrådet vil vera å tilsetja folk som allereie er i Forskingsrådet. Då vil både divisjonsdirektør for vitskap, Anders Hanneborg og divisjonsdirektør for samfunn og helse, Jesper W.Simonsen vera aktuelle kandidatar. Ein annan sterk, intern kandidat vil vera Anne Kjersti Fahlvik, som i dag er divisjonsdirektør for innovasjon.

Tener meir enn statsministeren

Fristen for å søkja jobben som ny administrerande direktør for Forskingsrådet går ut 14. april. Når den endelege avgjerda blir tatt, kan det godt henda at hovudstyret tar ein heilt annan kandidat opp frå hatten enn dei me har vore inne på her.

Uansett vil vedkomande bli viktig i arbeidet med å staka ut framtidas forskingssatsing og forskingsfinansiering i Noreg. Lønna er heller ikkje å kimsa av. Med ei årslønn på 2,1 millionar kroner, tener toppleiaren for Forskingsrådet over 500 000 kroner meir enn statsminister Erna Solberg.

Les også: Utlysing av stillinga som forskingsdirektør