Studentrebell på høgskolen vann skrivekonkurranse
Bjarne Bjørnevik (21) svingar pisken over sin eigen generasjon og etterlyser fleire rebellar og meir opprør. Det vann han ein skrivekonkurranse på.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Den unge rebellen går andre året på Bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Rett før jul vann han ein essaykonkurranse i tidsskriftet Syn og Segn.
Ungdomar under 28 år var inviterte til å delta, og temaet var valfritt innafor emna kultur, politikk, samfunn. 21-åringen gjekk av med sigeren med essayet All von til rebellane?. Bjarne Bjørnevik (biletet under) liker å skrive og spissformulere seg.
Inspirert av Bjørneboe
— Det er viktig med spissformuleringar, elles blir det tørt og kjedeleg, meiner Bjørnevik, som seier han er aller mest inspirert av Jens Bjørneboe. Og det manglar ikkje på spissformuleringar i vinnar-essayet hans, som tar utgangspunkt i ein debatt som gjekk mellom sosiologen Gunnar Aakvaag og ungdomspolitikaren Aksel Braanen Sterri i fjor haust - om det Aakvaag kalla «Generasjon lydig - den første generasjonen i Etterkrigs-Norge som ikke har tatt sin demokratiske plikt til ungdomsopprør alvorlig». Aakvaag meinte at dagens ungdom ikkje hadde noko kollektivt prosjekt, medan Sterri meinte at trua på vitskapen og evna til å omforme den, vil bli 1980-1990-tal-generasjonen sitt prosjekt, men at ironigenerasjonen står i vegen for dei.
— Eg er jo samd med den gamle professoren, seier Bjørnevik (Aakvaag er fødd i 1972, red.mrk).
Vi unge i dag har ikkje noko felles prosjekt, og eg kan ikkje sjå at vi skal klare å skape eit heller
Bjarne Bjørnevik
— Vi unge i dag har ikkje noko felles prosjekt, og eg kan ikkje sjå at vi skal klare å skape eit heller, seier han og legg skulda på kapitalismen.
I essayet formulerer han det mellom anna slik:
Ein rutelaus komet
«Vent ein augneblink no, kjære lesar, før du kvesser knivane og spikrar ein ung skribent opp på den blodige, raude altertavla saman med marxistiske gromgutar som Pol Pot, Mao og Stalin. Frykt ikkje: Dette kjem ikkje til å munne ut i eit dogmatisk syrebad. Eg trur ikkje på politiske ideologiar uansett. Eg er ein rutelaus komet. Ung og urøynd nok til framleis å feste lit til den uregjerlege menneskesjela og livet her på jorda. I denne samanhengen er eg ingen ideolog, men meir av ein fattigmanns psykolog som freistar å setje ein diagnose på intuisjon og medfødd instinkt. Det einaste eg vil fram til, er at kapitalismen er kongroa som spinn saman mange av dei tilhøva som kjenneteiknar samtida. Me er fanga inn i ein vev som gjer rakrygga motstand umogleg».
Bjørnevik er medlem i Amnesty International, og ikkje nokre andre institusjonar. Han kjenner seg ikkje heime i nokre av de politiske ungdoms- eller interesseorganisasjonane:
— Nei, eg blir ikkje tiltrukke av dei politiske debattane - dei er alfor polerte og uinteressante, seier han.
Etterlyser studentengasjement
Han etterlyser også eit større engasjement blant studentane ved HiOA. Sjølv sit han i styret til studentrådet ved fakultetet, og dei slit med å få tak i kanditater til å ta på seg verv.
— Det er altfor dårleg. Studentane og dei unge tar ikkje ansvar for sin eigen kvardag. Vi slit med å få tak i nok folk. Og viss du ser endå litt større på det: Klart at studentane hadde klart å få gjennom 11 månaders studiestøtte viss vi hadde stått på litt og vore meir politisk bevisste alle saman. Alle studentar til saman er mange og har stor innverknad viss vi ville bruke den. Men det er ikkje kultur for felles prosjekt i det samfunnet vi veks opp i - vi har vakse opp i ei verd med eit heilt anna perspektiv - somheiter individualisme, meiner han.
— Du svartmålar ikkje litt for mykje no?
— Det er ikkje meininga mi å svartmåle. Eg meiner ikkje at min generasjon er usympatisk eller lat eller noko slik. Mange er både kunnskapsrike og målretta. Men eg må få lov til å rette peikefingeren til det som er galt og konformt, og det er mykje, seier Bjørnevik.
— Og kva er framtidsplanane dine?
— Eg skal jo bli bibliotekar ein plass - og så vonar eg at eg kan halde fram med å skrive litt, seier han.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!