
Nye leiarar i Tromsø
UiT Norges arktiske universitet har tilsett viserektorar i Harstad og Alta. To nye dekanar er også på plass.
Kriss Rokkan Iversen er tilsett som viserektor for Sør-Troms og Nordland, medan Sveinung Eikeland er tilsett som viserektor for Nord-Troms og Finnmark, melder UiT Norges arktiske universitet.
Det blei avgjort på universitetsstyremøtet, 30. november.
Hovudsete for stillingane er lagt til Alta og Harstad.
Kriss Rokkan Iversen har doktorgrad i marin systemøkologi frå UiT, og jobbar i dag i SALT, ei bedrift ho har vore med å grunnleggje. For ti år sidan satt ho også i universitetsstyret ved UiT.
Glad og takksam
— Eg er utroleg glad, takksam og stolt for høvet til å bidra med min kompetanse og mine perspektiv, samt å vere med å utvikle UiT og landsdelen vidare, seier Rokkan Iversen.

Sveinung Eikeland innehar i dag stillinga som viserektor ved UiT i Alta, og er ein del av universitetsleiinga ved UiT.
Viserektorane skal bidra til å løfte fram UiTs satsingar i forsking og utdanning. Stillinga som viserektor er ein fagleg leiarfunksjon, og har på vegner av rektor ansvar for UiT si verksemd som regional utviklingsaktør og for å tydeleggjere og forsterke UiTs samla innsats på dette området. Viserektor er tilsett i årmål fram til 31.juli 2021.
Nye stillingar
Universitetsstyret ved UiT vedtok i juni i år å opprette dei to nye viserektorstillingane som ein del av den nye organiseringa av UiT frå 1. januar 2018. Då blir det seks fakultet ved universitetet, samanlikna med åtte i dag.
- Les også: Enstemmig vedtak om seks fakultet
Frå 1. januar 2020 blir Troms og Finnmark gjort om frå to fylke til ein region, utan at dette skal ha noe å seie for ansvarsområda til dei to viserektorane.
To nye dekanar

Det same styremøtet i dag tilsette også Thrina Loennechen som dekan ved Det helsevitskapelege fakultet, og Lena Bendiksen som dekan ved Det juridiske fakultet.
Thrina Loennechen er i dag instituttleiar ved Institutt for farmasi ved UiT.
Lena Bendiksen er i dag professor ved Det juridiske fakultet. Ho var einaste søkar til stillinga.
Under diskusjon om ny fakultetsstruktur var det stor debatt kring Det juridiske fakultet, som ei arbeidsgruppe foreslo å legge ned. Men etter mykje dragkamp vedtok styret å oppretthalde jus som sjølvstendig fakultet.
Les også: Norges jusdekaner slår ring om jus i Tromsø
Fire nye dekanar tidlegare

På universitetsstyremøtet i oktober i år blei dei fire første dekanane tilsett. Bjørn Solvang skal leie Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak), Sonni Olsen blir leiar for Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak), Kathrine Tveiterås skal leie Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak) og Arne Smalås Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak).
Øvste leiar
Dekan er øvste leiar av eit fakultet, retta mot undervising og forsking, innan eitt eller fleire nærskylde fagfelt. Dette inneber ivaretaking av den samla verksemda til fakultetet, i ein sentral leiarposisjon, saman med prodekan og fakultetsdirektør. Dekanar blir tilsette på åremål for ein periode på fire år, med mulegheit for tilsetting i ytterlegare to fireårsperiodar.
Det var 28 søkarar til dekan- og viserektorstillingane. To dekanstillingar blei lyste ut to gongar.
Les også:
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!