Det er talet på praksisplassar i medisinutdanninga på Vestlandet som er utfordringa, meiner medisinprofessor Steinar Hunskår. Ill.foto: På Høyden

Bergen vil ikkje at Stavanger skal få medisinstudium

Medisin. Universitetet i Bergen ønskjer ikkje eit nytt medisinsk fakultet i Norge, men bergensarane kan vere villige til å legge eit studium med sine studentar til Stavanger.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit ekspertutval skal vurdera om ein skal ha fleire studieplassar i medisin i Noreg. Ein skal òg vurdera om UiB-studentar skal kunne ta deler av studiet i Stavanger.

— Det er ingen løyndom at UiB ikkje ønskjer eit nytt medisinsk fakultet i Noreg. Men me ønskjer å kunne nytta Stavanger og området rundt i større grad enn me gjer i dag, og er villige til å laga eit studium der nokre av studentane bur og studerer fleire år i stavangerområdet, seier Steinar Hunskår til På Høyden.

Han er medisinprofessor og prodekan for utdanning ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen. No skal han sitja i eit ekspertutval som skal vurdera om ein skal ha fleire studieplassar i medisin i Noreg.

Framande fuglar

I dag vert berre om lag halvparten av dei legane ein faktisk treng i Noreg utdanna her. Resten tek medisinutdanninga si i utlandet. Det ønskjer Stortinget å gjera noko med. I samband med handsaminga av 2018-budsjettet vart det løyva fem millionar kroner til ei utgreiing av om ein kan auka talet på studieplassar i Noreg.

No kjem ein del av dei inn som framande fuglar frå utlandet og må få opplæring i den norske måten å gjera ting på etter at dei er ferdig-utdanna.

Steinar Hunskår

— Det er positivt dersom norske medisinstudentar kan få relevant røynsle frå det norske helsevesenet under studia, seier forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Det er universiteta heilt samde i, seier Hunskår.

— Me meiner det er bra for norske helsetenester at studentane er utdanna der dei seinare skal arbeida. No kjem ein del av dei inn som framande fuglar frå utlandet og må få opplæring i den norske måten å gjera ting på etter at dei er ferdigutdanna.

No skal utvalet han er med i sjå på to ting: Skal ein ha fleire studieplassar i Noreg? Viss svaret på det er ja, kor skal dei studieplassane då vera?

Kven skal utdanna norske legar?

Det er som svar på det siste spørsmålet det kan vera aktuelt med eit samarbeid mellom UiB og UiS. Uansett må ei løysing som inneber Stavanger greiast ut, det ligg i mandatet. Ein av modellane er at norske studentar som studerer medisin i utlandet skal kunne ta dei siste åra ved UiS.

— Ei slik løysing hadde ein i Oslo for ein del år tilbake. Då kunne dei som hadde studert medisin i andre land ta eit kortare løp når dei kom heim til Noreg, seier Hunskår.

Samarbeid

Den andre løysinga inneber eit samarbeid mellom UiB og UiS. Hunskår seier at UiB er innstilte på å utvida medisinstudiet, men at det er talet på praksisplassar som er utfordringar. I dag har UiB-studentar praksis både i Førde, Haugesund og Stavanger. Gjennom å ha eit endå tettare samarbeid med Stavanger vil ein kunne ta større deler av Rogaland i bruk.

– Dersom det vert fleire studieplassar i medisin i Noreg, trur de då norske studentar heilt vil slutta å reisa ut?

— Nei, det trur me ikkje, og det er heller ikkje det dette i hovudsak handlar om. Dessutan kjem nok karakterkravet for å koma inn framleis vera høgt. Men det er òg eit politisk spørsmål her: Er det rett at fattige land utdannar norske legar? Universiteta meiner nei, seier Hunskår.

Ekspertutvalet skal koma med sine tilrådingar innan utgangen av september 2019.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS