topplistene
UiO rangert på tredjeplass av nordiske universitet
Københavns universitet rangerast øverst i Norden, Oxford i Europa og Harvard i verda. Det er få endringar i toppen mellom dei fremste institusjonane i verda.
Det er Webometrics si januar-rangering som er omtalt i Uniforum. Avisa skriv at lite har skjedd i toppen av listene sidan førre runde i juli 2021.
I verda er det Harvard University, fylgd av Stanford University og Massachusetts Institute of Technology. University of Oxford er på femteplass, og det einaste ikkjeamerikanske universitetet på ti-på-topp-lista, skriv Uniforum.
Webometrics rangering av verdas universitet januar 2022
Best i verda: |
1. Harvard University |
2. Stanford University |
3. Massachusetts institute of Technology |
4.University of California, Berkeley |
... 94. Universitetet i Oslo |
Best i Europa: |
1. University of Oxford |
2. University of Cambridge |
3. University College London |
4. ETH Zürich |
Best i Norden: |
1. Københavns Universitet |
2. Universitetet i Helsingfors |
3. Universitetet I Oslo |
4. Aarhus Universitet |
5. Uppsala universitet |
Best i Noreg |
1. Universitetet i Oslo |
2. Universitetet i Bergen |
3. NTNU |
4. Universitetet i Tromsø |
5. Universitetet i Stavanger |
6. NMBU |
7. Universitetet i Agder |
8. OsloMet |
9. Høgskulen på Vestlandet |
10. Høgskolen i Østfold |
11. Noregs idrettshøgskule |
12. Høgskulen på Innlandet |
(Kjelde: Webometrics) |