universitetet i oslo

UiO opnar for å droppa eksamensoppgåver på nynorsk. Det kan dei ikkje, svarar Språkrådet

Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo har informert om at dei tilsette kan velja å gje ut eksamen på berre éi målform på grunn av koronapandemien.
– Det er vanskeleg å sjå at UiO tolkar unntaka i forskrifta rett, svarar Språkrådet.

Eksamen på UiO. I år skal studentane sitja heime, og det er ikkje sikkert alle får oppgåvene på den målforma dei ønskjer.
Eksamen på UiO. I år skal studentane sitja heime, og det er ikkje sikkert alle får oppgåvene på den målforma dei ønskjer.
Publisert Oppdatert

«Forskrift om målform i eksamensoppgaver» er klar: Studentar skal kunne velja om dei vil ha eksamensoppgåvene på nynorsk eller bokmål. Men no meiner Universitetet i Oslo at tilsette kan velja å laga oppgåvene på berre ei målform på grunn av koronautbrotet. Det er Framtida som skriv om dette.

I ein epost som har vorte sendt ut frå studieavdelinga ved UiO heiter det at koronaepidemien kan sjåast på som eit særskilt tilfelle og at det er bestemt at ein kan velja å gi eksamensoppgåvene på berre ei målform: Bokmål eller nynorsk.

— Hinsides

Jonas Økland leiar Studentmållaget i Oslo.
Jonas Økland leiar Studentmållaget i Oslo.

Som Khrono tidlegare har skrive, er norske universitet og høgskular ikkje flinke nok til å nytta nynorsk. No fryktar leiar i Studentmållaget i Oslo, Jonas Økland, at det nettopp er nynorsk som vert kutta på eksamen.

– Det er absolutt inga grunn til at målform skal verta påverka av noko pandemi, seier han til Framtida.

Han meiner Universitetet i Oslo brukar unntak i lovverket rundt koronakrisa til å sleppa å gjere noko dei eigentleg ikkje har lyst til.

– UiO følgjer ikkje Mållova til vanleg. At dei synest det er greitt å unnvika ei lov dei ikkje følgjer er ganske hinsides. Det at dei tek seg tida til å følgje opp dette unntaket viser at dei ikkje gidd, har tid eller lyst til å oppfylla lova, seier han.

Ikkje generelt fritak

Avdelingsdirektør Hanna Ekeli seier til Framtida, via pressekontakten sin, at svært mange av emna ved UiO endrar eksamensform dette semesteret. Det gjer at eksamensavviklinga vert særleg krevjande. Ekeli seier at det ikkje har vorte gitt eit generelt fritak frå forskrifta:

— Det er opp til fakulteta å ta stilling til eventuelle unntak frå kravet om eksamensoppgåver på begge målformer. I tilfelle der utarbeidinga av eksamensoppgåver på begge målformer vert særleg krevjande, kan eksamen verta gitt på anten nynorsk eller bokmål.

Ekeli seier at det ikkje er gitt at det er nynorsk som må vika, og ho avviser at UiO nyttar høvet til å sleppa noko dei ikkje vil.

– Det stemmer ikkje. Dette er ein ny situasjon der mange gjer så godt dei kan under annleis og krevjande tilhøve, seier Ekeli.

UiO bruker unnataket feil

— Det er vanskeleg å sjå at UiO tolkar unntaka i forskrifta rett, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til Khrono.

Ho seier at dei spesielle forholda som knyter seg til moglege unnatak fyrst og fremst gjeld språkelge ting.

— Det er vanskeleg å forstå korleis koronakrisa påverkar det språklege innhaldet i det som er ei rutineoppgåve ved UiO, som det skal vera gode, innarbeidde rutinar for, seier ho.

UiO har visst om den nye eksamensavviklinga ei tid, difor meiner ho at det er vanskeleg å sjå føre seg kvifor koronasituasjonen skulle gjera det uråd å utarbeida eksamensoppgåver på nynorsk.

Det måtte i så fall vera om alle dei som kunne skriva nynorsk ved UiO låg heime med koronasmitte samtidig, og i nett den perioden eksamensoppgåvene skal ferdigstillast. Det kan me vanskeleg sjå føre oss.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Retten til å få eksamen på eiga målform er ein rett studentane har. Dersom UiO vel å stå ved tolkinga som den dei har gjort, må vil dei også ha informasjonsplikt overfor studentane.

— Då må dei informera studentane om klageretten deira og korleis desse klagene eventuelt skal fylgjast opp, seier Wetås, før ho legg til:

— Dersom dette skulle vore handtert på ein måte som støtta opp om dei språkpolitiske intensjonane i lova, så kunne UiO ha sagt at dei utarbeidde halvparten av eksamensoppgåvene på nynorsk og halvparten på bokmål i 2020.

Det hadde heller ikkje vore heimla i lova, men dei hadde vist at dei tok omsyn til intensjonane i lovverket, og det kunne ha støtta opp om at dette var eit tiltak som var meint for å få til ei særleg forenkling i vår.

Asheim: Eksamen viktigast

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim gir UiO rett. I ein epost til Framtida skriv han at dersom universitetet meiner at situasjonen gjer det umogleg å sikra at alle eksamensoppgåver vert gitt på begge målformer, har dei moglegheit til å gjera eit slikt unntak.

— Me veit av lang erfaring at den målforma som er under mest press er den som taper i slike samanhengar. Dette er veldig uheldig, seier språkrådsdirektør Åse Wetås.
— Me veit av lang erfaring at den målforma som er under mest press er den som taper i slike samanhengar. Dette er veldig uheldig, seier språkrådsdirektør Åse Wetås.

— Det aller viktigaste no er at studentane får gjennomført eksamen som planlagt, seier Asheim.