Ønskjer dedikerte ressursar til etter- og vidareutdanning
Etterutdanning. Omfanget av etter- og vidareutdanning er ikkje godt nok, meiner universitetsstyret ved UiB. Ei løysing er å tilsetja fagleg personale som skal ha undervisning innan dette feltet, seier Oddrun Samdal.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Først heitte det Senter for etter- og vidareutdanning (Sevu). Etter ein viss turbulens, der eit av styremedlemmene mellom anna vart klubba i møtet, vart Kontor for etter- og vidareutdanning (Kevu) oppretta av universitetsstyret. No heiter eininga som har ansvar for etter- og vidareutdanning UiBVidere, skriv På Høyden.
— Me ser konturane av at endringane som er gjort ikkje har hatt ønska effekt. Omfanget av etter- og vidareutdanning er ikkje i tråd med dei forventningane me har. Difor vert det no lagt fram ein handlingsplan, og me ønskjer ein diskusjon om korleis ein strukturerer dette feltet.
Det sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm då universitetsstyret i februarmøtet skulle handsama handlingsplanen for etter- og vidareutdanning (evu).
Aukast i volum og inntekter
I den nye handlingsplanen heiter det at det er ei uttala målsetjing at evu-tilbodet skal aukast i vokum og i tillegg generera høgare inntekter enn i dag. Fleire styremedlemmer stilte spørsmål ved om UiB sine tilbod innan etter- og vidareutdanning er kjent nok, og nemnde særleg kurs for næringslivet som ei moglegheit til å få gode inntekter.
Me må sjå om det er rom for å tilsetja vitskapeleg personale som skal undervisa på etter- og vidareutdanningskurs.
Oddrun Samdal
Eit av spørsmåla er kven som skal ha ansvar for evu-verksemda. I sakspapira heiter det at «per i dag er 'UiBVidere' organisert som en enhet ved Studieadministrativ avdeling, som primært har ansvar for markedsføring av og opptak til fakultetenes tilbud innen EVU. I denne modellen må alle nivåene i universitetsorganisasjonen ha et aktivt forhold til handlingsplanen for at vi skal lykkes. Fakultetene må ta et tydelig ansvar for EVU-aktiviteten og økonomien på sitt eget fakultet».
— Me treng meir dedikerte ressursar til etter- og vidareutdanning, sa Bernstrøm i møtet.
Oddrun Samdal, som er viserektor for utdanning, er samd. Ho seier at UiB tenkjer å tilsetja nokon som skal ha undervisning innan etter- og vidareutdanning som hovudoppgåve. I universitetsstyret sa ho at evu til no har vore ein slags «på toppen av»-undervisning, som det ikkje alltid har vore lett å få tilsette til å ta på seg.
— Men me må sjå om det er rom for å tilsetja vitskapeleg personale som skal undervisa på etter- og vidareutdanningskurs. Stilllingane må i så fall finansierast gjennom dei inntektene ein får, seier Samdal til På Høyden.
Samarbeid med HVL
Sjølve handlingsplanen er delt i fire: Evu og arbeidslivet, evu og skulen, evu og UiB sine satsingsområde og kunnskapsklynger og evu og digitalisering.
— Me må finna vår naturlege nisje i det tematiske, seier Samdal.
— Kva med konkurrentane BI og NHH, skal UiB tilby det same som dei?
— Eg tenkjer at BI og NHH har ein annan profil enn oss. HVL er nok tematisk meir like oss, og dei vil naturleg kunne supplera vårt tilbod, i tillegg til at me samarbeider om konkrete tilbod. UiB har allereie eit tilbod til skulen, og der trur eg me er gode, seier Samdal.
— Me har òg planar om å utvida dette tilbodet, mellom anna i samarbeid med HVL.
Vil ikkje ha folkeuniversitet
Både Det matematisk-naturvitskapelege og Det humanistiske fakultetet har vidareutdanning for lærarar. Jørgen Sejersted, dekan ved HF, meiner at forskingskompetansen er det fremste fortrinnet for UiB på etter- og vidareutdanningsmarknaden.
— Eg meiner at særleg for dei kursa der deltakarane kjem på samlingar, er det eit poeng at dei får treffa akademikarar med forskarkompetanse. Forskingsforankra undervisning på alle nivå er vår styrke. Det er ikkje noko poeng for oss å laga eit slags folkeuniversitet basert på innleigd arbeidskraft, meiner Sejersted.
Ved fakultetet har dei nokre kurs som har gått lenge, det eldste vidareutdanningskurset går attende til 1993. Nokre kurs har mykje felles med kurs for ordinære studentar.
— Me er i ferd med å tilsetja i ei stilling knytta til Prisme, som er nettstudiet i norsk som andrespråk, seier Sejersted.
Harald Walderhaug er prodekan for utdanning ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Han seier at det er disiplinfaga som er fakultetet sin styrke, òg innan etter- og vidareutdanning.
— Me har nokre kurs som er retta mot industrien, men først og fremst tilbyr me etter- og vidareutdanning for lærarar. Eg trur det hadde vore lettare å få til eit godt etter- og vidareutdanningstilbod dersom me hadde nokre tilsette som hadde dette som ei hovudoppgåve eller i alle fall som ein definert del av jobben. Slik det er i dag er problemet at tilbodet me har, særleg det som er retta mot industrien, ikkje er langsiktig nok. Det er vanskeleg å tilsetja nokon før me veit at me har ein kunde over år, seier Walderhaug.
Vil ha betre koordinering
I desember 2014 skreiv På Høyden om det dåverande Kontor for etter og vidareutdanning, som halvanna år etter at det vart oppretta, framleis mangla ein fast leiar. Den gongen sa Samdal at UiB skulle få eit større tilbod innan etter- og vidareutdanning. «UiB vil verta større på etterutdanning, der yrkesaktive får oppdatert den eksisterande kunnskapen sin, og vidareutdanning, der folk får ytterlegare formell kompetanse», står det i saka.
Dekan Sejersted viser til at tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la vekt på livslang læring, og meiner at det er noko som bør vera generelt tilgjengeleg og at universiteta kan spela ei viktig rolle her. Han lurer på om noko kanskje var betre før.
— Eg meiner det bør vera mogleg å bygga ut evu-tilbodet, både ved HF og resten av UiB. Men det vil kan hende krevja koordinering av tilbodet og ei god økonomistyring. Inntrykket mitt er at UiBVidere er meir på eit overordna nivå enn det Sevu var. Eg opplevde dei som meir konkrete. No er meir overlete til fakulteta, og det vil nok i praksis ofte seia enkeltmiljøa.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!