Professor Anne Lise Fimreite (56) er klar for å gå tilbake til forsking og undervisning. Foto: Tor Farstad
Professor Anne Lise Fimreite (56) er klar for å gå tilbake til forsking og undervisning. Foto: Tor Farstad

Fimreite takkar av

Frå 1. august er perioden som prorektor ved Universitet i Bergen over for professor Anne Lise Fimreite, og ho går tilbake til forsking og undervisning.

Publisert   Sist oppdatert

1. august flyttar professor Anne Lise Fimreite inn på Institutt for samanliknande politikk, og Margareth Hagen tek over jobben som prorektor for forsking ved Universitetet i Bergen (UiB).

— Det har vore mykje arbeid, men det å arbeida i eit kollektiv med dei andre i rektoratet har vore ei fantastisk oppleving. Det har vore veldig kjekt å jobbe tett på administrasjonen. Der blir ein aldri overlaten til seg sjølv. Dei har vore ei fantastisk støtte, seier Fimreite, til På Høyden.

Ho bestemte seg allereie då ho gjekk inn i valkampen for at ho berre ville sitja i ein periode - ho kom då rett i frå ein fireårig periode i dekanatet på Det samfunnsvitenskapelige fakultet.

— Eg vurderte det då - og no - som vanskeleg å komma tilbake fagleg om eg skulle vore vekke endå lengre. Slik det er no, har eg ein del år framfor meg som professor før eg når pensjonsalder. Reint prinsipielt mener eg òg at det må kome nokre fornyingar i ei «regjering», òg om regjeringssjefen går vidare. Eg tenker derfor at det er flott med noko kontinuitet og noko fornying slik det nye rektoratet representerer, seier Fimreite. 

— Strategien det viktigaste

Viss det er ein institusjon i Bergen me burde samarbeida tettare med, så er det NHH. Den er den akademiske, tunge institusjonen. Om det skal føra til samanslåing, har eg ingen formeining
om.

Anne Lise Fimreite
Avtroppende prorektor, UiB

Når ho skal trekke fram kva som har vore det viktigaste ho har gjort desse åra, er det strategien som peikar seg ut.

— Det er gjerne kjedeleg å seia, men arbeidet med strategien stikk seg ut som det viktigaste vi har gjort. Den var ei direkte oppfølging av plattforma vi gjekk til val på. Strategien i seg sjølv er viktig og retningsgjevande for institusjonen. Men prosessen fram mot strategien var også svært nyttig. Det var eit stort opplegg rundt dette, og vi fekk involvert store delar av institusjonen. Det gav oss stor innsikt i organisasjonen.

Den mykje omtalte undervassroboten «Ægir 6000» har også fanga interessa til den avtroppande prorektoren.

— Det har vore veldig gøy å følga den u-båten. Det var omtrent då me hadde vore her ein månad at me fekk infrastrukturløyvinga, og eg har følgt heile prosessen. Dette er ikkje hyllevare, vi kunne ikkje berre gå ut og kjøpa den. Vi har følgt korleis den har blitt til - og det tok halvanna år før den blei sjøsatt.

Ho fekk også æra av å «døypa» roboten.  

— Den er ekstremt finmotorisk - den tok flaska eg heldt og døypte seg sjølv.

Langsiktig satsing

Ho fortel at sjølve u-båten på mange måtar er eit bilete på ei langsiktig satsing som knyt infrastruktur og grunnforsking saman.

— Eg møtte europaministeren nyleg, og våre forskarar presenterte då forskingsprosjektet som kjem ut av Ægir-satsinga. Det er også interessant at Ægir i stor grad hentar teknologien sin frå petroleumssektoren. Det har vore mykje diskusjon tidlegare rundt finansiering av petroleumsforsking ved UiB. Eit argument for å finansiere petroleumsforsking er at det gjev overslag til andre viktige ting vi gjer. Teknologien kan brukast både i medisinsk forsking og innan andre felt. 

Sjølv om ho ikkje er prorektor lengre vil ho følgje Ægir vidare. 

— Ægir kjem eg til å følgje til den blir skrota.

Det å få Aulaen på plass har vore eit strålande høgdepunkt, fortel Fimreite.

— Det er kjempekjekt å sjå korleis Aulaen er blitt ein viktig møteplass for universitetet - både på store formelle feiringar, men òg på mindre samankomstar. Og ikkje minst korleis kafeen er blitt ein stad kor folk møtest på tvers. All ære til den tidlegare universitetsleiinga som fekk dette til.   

— Er det ting du kunne ønska du fekk gjort som prorektor, men som det ikkje blei tid til?

— Eg har sett gjennom valprogrammet, og det er starta opp arbeid på det meste. Men det er ting ein ikkje har hatt like mykje tid til, sjølvsagt. Det som vi hadde planar om, men som vi ikkje fekk landa heilt er rekrutteringsprogram for yngre forskarar. Men eg er sikker på at den nye prorektoren får dette i hamn.

Fimreite seier ein manglar gode rutinar for oppfølging av postdoktorar.

— Rekrutteringsprogrammet har vore oppe til handsaming i forskingsutvalet fleire gonger, men vi har ikkje hatt kapasitet til å få det opp å gå. Vi bør ha ein heilskapleg politikk på korleis postdoktorane skal brukast, kor dei skal tilsettast, og kor lenge dei kan tilsettast.

Nytt institutt 

No ventar nye utfordringar for statsvitaren - på nytt institutt.

Ho har høyrd til på Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap i mange år, men når ho tek fatt på forskarkarrieren igjen, blir det på Institutt for samanliknande politikk (Sampol).

— Det handlar om behovet for å byrja litt på nytt, og få ein ny start. Samstundes er det veldig trygge omgjevnader. Eg har jobba mykje med folk på Sampol før.

— Kva skal du i kast med?

— Eg skal drive med forsking på kommunereforma, eg er med i eit prosjekt om dette finansiert av Forskingsrådet. Eg skal òg vere rettleiar for masterstudentar, og undervise på eit innføringskurs på Sampol.

Utelukkar ikkje rektorrolla

Det blir ikkje mangel på arbeidsoppgåver. I tillegg til arbeidet på instituttet, er Fimreite med i fleire styrer og utval.

Ho sit i hovudstyret i Forskingsrådet, leiar divisjonsstyret for vitskap same stad, er styreleiar i Khrono, og er òg medlem i styret til Roskilde universitet.

I tillegg er ho med i forvaltingslovutvalet og i eit ekspertutval som skal sjå på oppgåver for dei nye fylkeskommunane.

— Det blir ikkje så mange færre morgonfly til Oslo frå hausten av, akkurat, seier Fimreite.

— Du sa i eit intervju med På Høyden då du blei valt til prorektor, at du ikkje lar deg stressa så lett. Stemmer det fortsatt?

— Eg trur faktisk det skal endå meir til no for å stressa meg enn før. Eg har ein overlevelsesstrategi - og det er å legga ting vekk. Det har eg lært meg til i større grad enn før. Det å liggje vaken om natta, det gjer eg knapt. Og skjer det, har det ingenting med jobben å gjera.

Men ho innrømmer at det finst nokre ting som får stressnivået til å stiga litt.  

— Sist gong eg var skikkeleg stressa var då eg skulle på Holbergpris-middagen. Eg stod klar i bunaden heime, og taxien kom ikkje. Eg måtte springa ut for å finna ein ny taxi. Då var eg ganske oppkava. Fly som er forsinka, og taxiar som ikkje kjem er ting eg ikkje taklar så bra.

— Fornøgd med den institusjonen me er no

— Det er mange nye universitet i emning, og samanslåingar har ført til større institusjonar. Burde UiB slått seg saman med HVL?

— Eg er fornøgd med at vi er den institusjonen vi er no. På det noverande tidspunktet meiner eg det hadde det vore feil å slå seg saman, vi er så ulike institusjonar med så ulike samfunnsoppdrag. Det hadde vore utfordrande. Men det er fint og berikande at Kunst- og designhøgskulen blei ein del av oss. Eg håpar UiB sine gamle fakultet tar i mot det nye fakultetet og brukar dei for det som det er verdt.

Ho ser meir positivt på eit tettare samarbeid med NHH.

— Viss det er ein institusjon i Bergen me burde samarbeida tettare med, så er det NHH. Den er den akademiske, tunge institusjonen. Om det skal føra til samanslåing, har eg ingen formeining om.

— Du er ikkje bekymra for at UiB blir for liten?

NTNU er i ferd med å bli stor. Eg tenker at det ikkje er om å gjera å verta stor berre for å vere stor. Eg trur det er viktigare å utvikla ein profil som er vår eigen. Den breiddeprofilen vi er i ferd med å få, som samtidig er spissa mot marin, globale samfunnsutfordringar og klima - og med klyngesatsingar, kan setta oss på kartet. Viss ein klarer å finna sin eigen profil, så trur eg det er viktigare enn å vere reint stor.

— Å vere rektor er ikkje draumejobben

— Kva med rektorrolla? Er det noko du kunne tenkt deg å prøva?              

— No er ikkje det aktuelt. Eg er glad det ikkje er meg som er rektor. Eg ser for meg det som ein veldig stor jobb, det å alltid vere rektor. Ein har eit tett program.

— Men du er ikkje heilt framand for tanken?

— Livet har lært meg å aldri seie aldri, men som sagt ser eg ikkje på dette som draumejobben.

No er ho klar for å berre vere professor att.

— Å vere prorektor er eit verv og eigentleg ikkje ein jobb. Jobben min er å vere professor og den ser eg fram til å kome tilbake til. Eg gler meg både til å ha meir samarbeid med kollegaer i forskinga og ser verkeleg fram til å møta nye generasjonar av studentar. Eg kjem heilt sikkert til å sakna mange av dei eg har jobba tett med - både i den faglege leiinga, i administrasjonen og elles ved UiB. Men alt har si tid, og tida som prorektor er over for meg no, seier ho, og legg til:

— Eg ønsker det nye rektoratet lukke til. Eg trur det kjem til å gå veldig bra.