Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skal mellom anna utgreiie om ein skal ha ein eigen tryggleiksansvarleg ved Universitetet i Bergen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Tryggleiken er for dårleg

I 2011 diskuterte universitetsstyret i Bergen tryggleik, men la vekk saka. I dag slo universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fast: Tryggleikskulturen ved universitetet er for dårleg.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Tryggleikskulturen ved UiB er for dårleg.

Det slo universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fast under torsdagens universitetsstyremøte, skriv På Høyden.

Styret handsama saka «Orientering om oppfølging av arbeidet med sikkerhet ved UiB etter tyveri fra universitetsmuseet». Deler av sakshandsaminga gjekk for lukka dører.

Vakna fort

Bakgrunnen for saka er sjølvsagt innbrotet ved Universitetsmuseet i august. Universitetsdirektøren har fått ein rapport frå ei arbeidsgruppe som seier noko om korleis tryggleiksarbeidet ved institusjonen bør vera.

Om me ikkje bråvakna, så vakna me ganske fort.

Kjell Bernstrøm

— På mange måtar vart innbrotet ein vekkar. Etter at parken vart stengt, fall talet på innbrot ved Universitetet i Bergen med nitti prosent. Denne typen alvorlege hendingar har me ikkje hatt før. Om me ikkje bråvakna, så vakna me ganske fort, sa Bernstrøm.

Han informerte om at universitetsstyret i 2011 diskuterte ei sak som handla om tryggleik. I sakspapira heiter det at temaet kom opp på styreseminar i 2010.

— Saka vart stoppa. Styret ville ha opne dører ved Universitetet i Bergen. Då sleppte ein taket i saka, sa Bernstrøm.

Vedtaket den gongen var at «Styret diskuterte forslaget frå arebidsgruppa. Universitetsleiinga tek med momenta frå diskusjonen i det vidare arbeidet».

Farlege kjemikaliar

Bernstrøm sa at ansvaret for trggleiken ved UiB ikkje har vore einsidig tydeleg.

— Ein har ein brannansvarleg, ein har tilsette med ansvar for HMS, men ein har mangla eit overordna tryggleiksomgrep, særleg når det gjeld fysisk tryggleik.

Som På Høyden skreiv, er eitt av forslaga frå arbeidsgruppa at ein får ein eigen tryggleiksansvarleg ved UiB.

— Dette kjem me til å følgja opp ganske raskt, sa direktøren.

Rektor Dag Rune Olsen peika på at tryggleik ikkje berre handlar om sjeldne samlingar.

— Det handlar om ein heil tryggleikskultur. Me som universitet har òg andre einingar der me treng fokus på tryggleik, mellom anna har me farlege kjemikaliar, sa han.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS