Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
mediefag
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Tidleg i mars vart det kjent at det ikkje vart tilsett nokon ny dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Tor Bang, som fekk tilbod om stillinga, takka nei.
No har stillinga vorte lyst ut på nytt, med seks søkjarar. Tre av dei har fått namnet sitt unnteke offentlegheit (sjå faktaboks), av dei er to kvinner og ein mann. Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen skriv i ein epost til Khrono at styret tek sikte på å tilsetja dekan i styremøtet 11. juni.
| Katerin Fortomari | 24 | Private Teacher of Special Education in Early Childhood | Thessaloniki |
| Søker er unntatt offentlighet | Kvinne | ||
| Søker er unntatt offentlighet | Kvinne | ||
| Pål Aarsæther | 50 | Lektor m/tilleggsutdannelse | Skodje |
| Søker er unntatt offentlighet | Mann | ||
| Kate Kartveit | 60 | Førstelektor PhD | København |
Som Khrono har skrive, har det vore ei konflikt ved Avdeling for mediefag, som gjorde at dåverande dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart mellombels omplassert før studiestart i august i fjor. Åremålet hennar som dekan går i ut i sommar, og Rotevatn vat blant søkjarane då stillinga vart lyst ut før jul. Ho fekk ikkje jobben, og sa at ho ikkje var overraska over det. Like før påske vart det kjent at Rotevatn vert ny direktør for Musea på Sunnmøre.
— Det var godt å få lukka den døra til Høgskulen i Volda. Det har vore ein ni månaders langt mareritt som eg er glad for å vera ferdig med, sa Rotevatn til Khrono, og fortalde at ho hadde levert oppseiinga si.
Rotevatn har, via fagforeininga Samfunnsviterne, klaga omplasseringa inn for Kunnskapsdepartementet. Saka er førebels ikkje ferdig handsama.
Når høgskulestyret skal ha digitalt styremøte torsdag, står dekansituasjonen ved AMF på sakskartet. Det skal vera ei munnleg utgreiing om saka bak lukka dører, heiter det. Direktør Jacobsen skriv at handsaminga skjer på denne måten fordi det handlar om tilsetjingsforhold.
— Odd Ragnar Hunnes er framleis vikarierande dekan. Kva som skjer framover må me koma attende til, skriv Jacobsen.
Rektor Johann Roppen seier til Khrono at han håpar den nye dekanen kan vera på plass tidlegast råd. Med tilsetjing i juni kan det ta noko tid dersom den som vert tilsett må jobba ut oppseiingstid ein annan stad.
— Me har ikkje hatt intervju endå, men blant dei som jobbar med denne saka er det optimisme, seier Roppen.
Blant søkjarane som har namnet sitt på den offentlege lista, er Kate Kartveit. Ho er førsteamanuensis ved Danmarks medie og journalisthøjskole. Pål Aarsæther søkte også førre gong stillinga vart lyst ut. Han er i dag leiar for Norsk Lektorlag i Møre og Romsdal.
I tillegg til dekansituasjonen ved AMF skal styret mellom anna handsama to saker knytt til koronasituasjonen, dei skal handsama høyringsuttale om forslaget til ny universitets- og høgskulelov og dei skal få ein presentasjon om planane for campusutvikling.
Møtet er digitalt, og vert difor ikkje strøyma. Men opptak av møtet skal verta lagt ut i ettertid. Sakslista finn du her.
Nylige artikler
Er Norsk Studentorganisasjon blitt for Oslo-sentrert?
Kvinner og unge forskere rammes hardest av Trumps forskningskutt
Østfold får sin første nærings-ph.d. — Enormt heldig
Hvem skal bli fremtidens tannleger?
Bytte fagforening? Da bør du gjøre det før 1. mai
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre