korona

Tjora: Må vere kreative for dei einsame studentane

Sosiologiprofessor Aksel Tjora vil ha studentfamiliar mot einsemd.

Nokre studentar held alltid ein meter avstand til andre menneske. Det er ikkje sunt, meiner sosiologiprofessor Aksel Tjora.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Avlyste fadderarrangement. Mindre undervisning på campus. Smittevern- og avstandsreglar. Slik er hausten for norske studentar.

Då NTNU hadde styremøte torsdag, tok styremedlem og sosiologiprofessor Aksel Tjora opp korleis ein kan ta vare på studentane. Dette skriv Universitetsavisa.

— Einmetersregelen er ikkje bra for einsame studentar utan sosiale nettverk. Her må me vera kreative og gjera noko for at dei vert ein del av fellesskapen, sa Tjora, ifølge UA.

Han har kome med forslag om det han kallar studentfamiliar, der mindre grupper studentar kan vera saman.

Nokon å gi ein klem

— Mange studentar har nokre relasjonar, anten bur dei saman med venner eller har familie i nærleiken. Men nokre er åleine. Dei må ha minst ein meter avstand til andre. Det er ikkje ein god psyko-sosial situasjon, seier Tjora til Khrono.

— Korleis vil du gjennomføra ei ordning med studentfamiliar reint praktisk?

— Eg har ikkje ei praktisk løysing, og meiner ikkje at dette er noko universitetet skal bruka mykje ressursar på. Studentane må sjølve ta ansvar, seier Tjora.

Men han nyttar eit døme frå eiga undervisning: Han har obligatorisk seminarundervisning, i grupper på mellom 12 og 15.

Det handlar om å ha nokon ein kan ha meir kontakt med, og òg gi ein klem av og til.

Aksel Tjora

— Her vil det vera mogleg å kartlegga kven som ikkje har eit nettverk. Sidan det er obligatorisk oppmøte vil ein fanga alle. Det klarar ein ikkje på same måte dersom det er ei linjeforeining eller liknande som skal vera ansvarleg, seier Tjora.

Sidan ein ikkje skal ha nærkontakt med mange, meiner Tjora desse seminargruppene er eit godt utgangspunkt.

— Det handlar om å ha nokon ein kan ha meir kontakt med, og òg gi ein klem av og til.

Ikkje berre i år

Mange norske studentar rapporterer at dei er einsame, det viser studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT). Einsemd var også det Norsk studentorganisasjon peika på i debatten om fadderveker eller ikkje, og har peika på i samband med meir digital undervisning.

Tjora er oppteken av at mange kan vera einsame denne litt rare hausten. Men han er òg oppteken av at det ikkje er noko som gjeld for berre 2020.

— Me bør ha dette med studentgrupper vidare òg, for å motverka einsemd.

Powered by Labrador CMS