UiB braut offentleglova i tilsetting

Leiarkandidatar som blir kalla inn av hodejegerfirma skal også stå på offentleg søkjerliste, seier Sivilombodsmannen. Universitetet i Bergen får smekk for å ha brote offentleglova på dette området.

Publisert Oppdatert

Universitetet i Bergen (UiB) hadde samtalar med fleire kandidatar som var interesserte i stillinga som assisterande universitetsdirektør, utan å føra personane opp på søkjarlista. Det skulle dei ha gjort, seier Sivilombodsmannen.

«Den valgte framgangsmåten bryter med offentleglovas grunnleggende prinsipp om åpenhet i tilsettingssaker, og det bes om at fremtidig tilsettingspraksis innrettes i tråd med ombudsmannens syn».

Det heiter det i brevet Sivilombodsmannen sendte til UiB før helga, skriv På Høyden.

– Søkte ikkje

Bakgrunnen for saka er at På Høyden klaga UiB inn til ombodsmannen. Redaksjonen ba om innsyn i søkjarlista til stillinga som assisterande universitetsdirektør.

Etter ombudsmannens syn bryter universitets fremgangsmåte i denne saken med offentleglovas grunnleggende prinsipp om åpenhet i tilsettingssaker.

Åge Thor Falkanger

UiB brukte eit rekrutteringsbyrå i arbeidet med å finna dei beste kandidatane. Redaksjonen mistenkte difor at det hadde vore kandidatar inne i biletet som ikkje stod på den offisielle søkjarlista. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm stadfesta dette. I intervju med På Høyden 22. mai sa han at «det er andre kandidatar til vurdering, men dei har ikkje søkt endå».

I Offentleglova heiter det at «organet skal snarast etter at søknadsfristen er gått ut, setje opp ei søkjarliste som skal innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar».

Klage frå På Høyden

På Høyden klaga difor til Sivilombodsmannen.

I svar til ombodsmannen frå UiB kjem det fram at det var to kandidatar som var inne til samtalar med UiB og representantar for rekrutteringbyrået. I tillegg var Tore Tungodden, som hadde vore konstituert i stillinga og fekk jobben, inne til samtale.

UiB skriv at for alle tre danna møta eit vurderingsgrunnlag for forslagskomiteen med sikte på kven som skulle verta invitert til testar og andregangsintervju. Dei to eksterne kandidatane vart oppfatta som mindre aktuelle enn Tungodden.

– Bryt grunnleggande prinsipp

Ombodsmannen skriv at formålet synest å ha vore å få klargjort kven av dei tre personane som var best kvalifisert for stillinga, og at samtalane dermed gjekk lenger enn å avklara om dei aktuelle personane kunne vera interesserte i å verta vurdert for stillinga.

«Etter ombudsmannens syn bryter universitets fremgangsmåte i denne saken med offentleglovas grunnleggende prinsipp om åpenhet i tilsettingssaker. Søkerlisten forutsettes å skulle gi et dekkende bilde av de kandidatene som har vært vurdert til stillingen, og de aktuelle personene skulle derfor ha vært ført opp på søkerlisten».

Kierulf og Bernt nøgde

– Det er avklarande at Sivilombodsmannen vurderer dette på same måte som På Høyden og eg sjølv har gjort. Det er òg bra at Sivilombodsmannen gjer det klart at offentlege verksemder må følgje grunngjevinga til reglane, og ikkje berre ordlyden deira, seier advokat og UiO-forskar Anine Kierulf.

– Generelt har sivilombodsmannen lite makt bak sine krav. Men det er unikt at ein følgjer hans uttaler i kraft av autoriteten hans, og ikkje krafta hans. Vi ønskjer å ha ei transparet og god forvaltning, og heldigvis pleier dei å vere flinke til å følgje ombodsmannen, seier Kierulf. 

UiB-professor og ekspert på offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, er usikker på kor tenleg lova er på dette punktet, men er glad for at Sivilombodsmannen har kome til ein slik konklusjon. 

– Reint prinsippielt er det sterkt betenkeleg at ein nyttar seg av ein prosedyre der potensielle søkjarar i praksis blir silt bort ført det er gjort ei vurdering av kvalifikasjonane deira ved noko ansvarleg organ. Då hadde det vore betre om søkjarlista hadde vore lukka, slik at tilsettingsorganet sjølv kunne vurdere kven dei ønskte, seier Bernt i ein kommentar til På Høyden. 

UiB går gjennom rutinane sine

UiB-leiinga skriv i ei pressemelding at dei vil gå gjennom rutinane sine knytt til rekruttering til leiarstillingar.

«UiB tar til etterretning at sivilombudsmannen har et annet syn på hva som var formålet med disse samtalene. I hele prosessen har UiB ønsket å rekruttere den rette personen, og har derfor i tillegg til stillingsutlysning søkt aktivt i arbeidsmarkedet gjennom bruk av rekrutteringsbyrå samt samtaler med enkeltpersoner for å identifisere mulige søkere til stillingen».

Redaktør: For mange hemmelege dokument

– Å halde hemmelege kandidatar til ei stilling gjer jobben lettare for universitetet i tilsetningsprosessar, men det gjer det ikkje lovleg av den grunn. Vi opplever at det generelt er for mange dokument som blir haldne hemmelege i universitetssektoren. Men store summar blir brukt å forsking og utdanning, og institusjonane som forvaltar desse verdiane på vegne av samfunnet må finne seg i at dei blir kikka i korta. Denne uttalen frå Sivilombodsmannen er eit klart signal om at ein må følgje intensjonane i lova, seier På Høyden-redaktør Dag Hellesund. 

(På Høyden er ein liten redaksjon. Dei tilsette som klaga til Sivilombodsmannen, har difor, naturleg nok, òg jobba med denne saka.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!