Kuttplan klar: Minst 10 blir sagt opp ved Nord universitet
Oppseiingar. Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur skal kvitte seg med 30 årsverk. No tilrår universitetsleiinga at minst 10 av dei fast tilsette blir oppsagde.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det har lenge vore klart at Nord universitet ville måtte seie opp tilsette for å komme i mål med den omfattande kuttplanen for Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur (FLU). Neste veke skal status for arbeidet med den lenge annonserte bemanningsplanen for fakultetet leggast fram for universitetsstyret.
Der går det fram at ti fast tilsette på fakultet kan vente seg oppseiingsbrev i posten før sommaren. Det er lagt opp til å avslutte arbeidsforholda innan 2021.
I tillegg må truleg opptil fire årsverk bort i 2022 for å nå målet om økonomisk balanse som leiinga har sett for fakultetet. Reduksjonen vil ifølgje saksframlegget til universitetsstyret vere ein «kombinasjon av naturlig avgang og oppsigelser».
Med utgangspunkt i talet på tilsette per i dag er målet å kutte totalt 30 årsverk innan 2022.
Ifølgje planen skal 11 årsverk blant mellombels tilsette bort i det kontraktane går ut i 2020. I tillegg går fire tilsette over i pensjon.
«Knyttet til nedlagte studietilbud»
Kven som blir oppsagde er ikkje klart, men i utgreiinga til styret heiter det at «avvikling av arbeidsforhold kommer som en følge av bortfall av arbeidsoppgaver knyttet til allerede nedlagte studietilbud».
Nord universitet har i 2019 mellom annan bestemt at lærarutdanninga på Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen skal leggast ned.
I staden skal Nord no prioritere «robuste fagmiljø i Bodø og Levanger» og bygge «en tydelig universitetskultur, der særlig leveransene innen forskning må økes», heiter det i saksframlegget til universitetsstyret.
FLU er det største fakultetet ved Nord universitet, med sine per i dag cirka 342 årsverk. Med det er fakultetet 8 årsverk «etter skjema» i forhold til den opphavlege planen om reduksjonar.
Forseinkingane har ført til at FLU i løpet av dei to første månadene i 2020 har auka underskotet med 1 million kroner. Dersom Nord vedtar kuttplanen neste veke, og klarer å følgje den, vil fakultetet vere i økonomisk balanse i 2023.
Då kan FLU kome til å auke talet på tilsette igjen.
Kan auke staben på nytt i 2023
«Det er verdt å merke seg at med denne nedbemanningsplanen, vil FLU sannsynligvis ha en så sterk økonomisk situasjon i 2023 at bemanningen kan økes noe fremover igjen», står det i saksframlegget til Nord-styret.
Bemanningsplanen frå Nord skal no opp til drøfting med fagforeiningane. Rektor skal etter planen gjere endeleg vedtak i april. Deretter følgjer informasjonsmøte og oppfølgingssamtalar med dei arbeidstakarane som vil bli oppsagde.
Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, har tidlegare gitt uttrykk for at ho førebur seg på at det kan bli rettslege oppgjer. Universitetet har også tilsett ein eigen prorektor i prosjektstilling for å arbeide med kutt på FLU. I tillegg er konsulentselskapet Ernst & Young engasjert for å hjelpe med gjennomføringa av kutt og oppseiingar.
— Vi må lage en plan som vi i verste fall kan bruke i rettssalen, sa Hansen på universitetsstyremøtet i januar.
(Saka er oppdatert klokka 14.04 den 5.3.2020: Det stod opphavleg at bemnningsplanen blir lagt fram for styret. Det rette er at status for arbeid med bemanningsplanen blir lagt fram)