Dette fotoet viser kor det vart funne spor etter vikingtida. Gjelletadskipet er i det grøne området til høgre. Foto: NIKU

Tilrår utgraving av vikingskip

Skipsgrava i Halden kan vera 1 200 år gamal. No tilrår Kulturhistorisk museum at skipet snarleg vert grave fram.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var hausten 2018 at det vart funne ei skipsgrav ved Jellhaugen i Halden. Dette skjedde etter ei utgraving Norsk insitutt for kulturminneforsking gjennomførte. Dei fann fem langhus, minst åtte gravhaugar og ei skipsgrav.

Fakta

Gjellestadskipet

Georadarundersøkelser ved Jellhaugen i Halden har avslørt spor etter et mulig vikingskip.

Det var NIKU - Norsk institutt for kulturminneforskning - som kunngjorde nyheten om skipsfunnet mandag 15. oktober 2018.

NIKU kaller skipet for Gjellestadskipet.

Avtrykket etter skipet er 20 meter langt, selve skipet kan ha vært opptil 24 meter i sin helhet.

No har Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo funne ut at skipet kan vera 1 200 år gamalt, altså frå tidleg vikingstid. Osebergskipet kjem frå same periode.

Det er Uniforum som skriv dette. Avisa skriv at årringmønsteret i skipet sin kjøl viser at skipet er bygd av eik frå tida mellom år 603 og 724. Treet kjem truleg frå Agder eller tidlegare Sogn og Fjordane.

Har soppskadar

No tilrår Kulturhistorisk museum at ei utgraving raskt kjem i gang. Soppangrep har ført til skadar på skipet, som har fått namnet Gjellestadskipet.

Me tilrår ei snarleg utgraving av skipet for å sikra kunnskaps- og formidlingspotensialet.

Christian Løchsen Rødsrud

— Me tilrår ei snarleg utgraving av skipet for å sikra kunnskaps- og formidlingspotensialet, sa prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud ved Kulturhistorisk museum under ein pressekonferanse fredag, der Uniforum var til stades.

— Eg set pris på slik kunnskap. Derfor er det heilt i orden å få ei slik politisk utfordring, var svaret frå klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum er begeistra for funna som er gjort på Gjellestad.

–- Det er over 116 år sidan det sist blei gjort eit liknande funn i Noreg, og då var det Osebergskipet. Det er eit av dei viktigaste funna frå vikingtida i Europa. Så dette er også spennande, seier han til Uniforum.

Ikkje berre å setja spaden i jorda

Tidlegare har forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sagt at det kan henda at det beste for skipet er å verta liggande der det er. Riksantikvar Hanna Geiran vil ikkje lova utgraving med det første.

— Nei, det vil ta litt tid. Det er ikkje berre å setja spaden i jorda og begynna å grava. Dette må planleggjast godt og grundig. Me må finna ut kor mykje me skal grava og måten me skal gjera det på, seier ho til Uniforum.

Powered by Labrador CMS