tilsetting

Tidlegare omstridd Ap-topp blir rådgivar for Tromsø-rektor

I 2012 trekte Roger Ingebrigtsen seg som statssekretær etter at det vart kjent at han hadde hatt eit forhold til ein 17-åring. No er han henta inn som rådgivar for UiT-rektor Anne Husebekk.

Roger Ingebrigtsen då han framleis var statssekretær. I 2012 trekte han seg etter å ha hatt eit seksuelt forhold til ei kvinne som den gong var 17 år.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Roger Ingebrigtsen er mellombels tilsett som politisk rådgivar for rektor ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT). Det kjem fram i ei melding frå UiT sjølv.

– God dialog og samarbeid med nasjonalt, regionalt og lokalt politisk avgjerdsnivå er eit viktig bidrag for realisering av UiT sin strategi «Drivkraft i nord», seier rektor Anne Husebekk i meldinga.

Ingebrigtsen har lang erfaring frå norsk politikk som statssekretær og rådvgivar i fem departement. Ingebrigtsen har også vore nyheitsredaktør i Nordlys og journalist i VG og Dagbladet.

Som Khrono har skrive, vart det i vår lyst ut ei stilling som strategisk rådgivar for rektor, der oppgåvene mellom anna skulle vera å skriva talar og kronikkar. iTromsø skriv no at denne stillinga er gjort om, og at Ingebrigtsen er tilsett i eit eittårig engasjement. Det er like lenge som Anne Husebekk har igjen som rektor ved UiT.

— Det som har skjedd etter utlysinga, med diskusjon om rektor, er at det vart bestemt at stillinga ikkje skulle vera ei seniorrådgivarstilling, men eit engasjement på eitt år, seier Husebekk til Khrono.

Ho seier at innhaldet i stillinga er likt.

Då søkjarlista var klar, var det fem søkjarar som var unntatt offentlegheit.

— Stod Ingebrigtsen på den delen av søkjarlista?

— Han har vore søkjar, stadfestar Husebekk.

Forhold til 17-åring

Roger Ingebrigtsen (53), har, som Medier24 har skrive, det siste året vore tilsett i PR-byrået First House. Han er mest kjent som Arbeidarparti-politikar.

I 2012 trekte Ingebrigtsen seg frå stillinga som statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet. Då hadde det vorte kjent at han i 2004 hadde hatt eit seksuelt forhold til ei tjue år yngre jente. Ho var AUF-politikar, han var fylkesråd for kompetanse og utvikling i Troms fylkeskommune. Arbeidarparti-leiinga sa at saka var eit brot på tillit, og at Ingebrigtsen hadde vist dårleg dømmekraft.

Kvinna, som i 2012 var student, sa til Nordlys at ho kjende seg pressa til å ha sex med Ingebrigtsen.

Tidspunktet saka vart kjent på, fall saman med ein nominasjonskamp i Arbeidarpartiet, og TV2 snakka med fleire som meinte at dette var ein såkalla «drittpakke» mot Ingebrigtsen.

Husebekk seier at saka har vore tema no når Ingebrigtsen er tilsett.

— Dette har vore diskutert veldig nøye. Men dette er ei historie frå 2004, og søkjar forsikrar at det ikkje er fleire slike saker. Han har òg beklaga, seier Husebekk.

— Men han er klar over at det ikkje er nokon toleranse for oppførsel i den retninga, seier ho vidare.

Byrjar i august

Anne Husebekk går snart inn i sitt siste år som rektor ved UiT. Som Khrono har skrive, skal universitetet gå over til å ha tilsett rektor frå 2021.

Roger Ingebrigtsen byrjar i stillinga som rådgivar i august. Han bur i Tromsø.

– UiT sin rektor, direktør og annan leiing må jobba nært og langsiktig med alle politiske miljø. Eg ser fram til å støtta leiinga i dette arbeidet, seier Ingebrigtsen til UiT sine nettsider.

(Saka er oppdatert kl 17.27 med kommentarar frå Anne Husebekk)

Powered by Labrador CMS