Havforsking
Tar imot russisk delegasjon til forskarmøte i Bergen
Alt samarbeid med Russland er stengt ned — nesten. Måndag kjem russiske forskarar til Bergen for å diskutere grunnlaget for fiskeriforvaltninga.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I heile den vestlege verda har sanksjonane mot Russland lagt så godt som all kontakt med forskingsinstitusjonar i landet på is. Når ei gruppe forskingsleiarar frå russiske havforskingsinstituttet VNIRO landar i Bergen på måndag, representerer dei dermed eit heilt spesielt unntak.
Den norske regjeringa har gjort to unntak frå dei elles altomfattande sanksjonane: Arbeid knytt til atomtryggleik - og den felles norsk-russiske ressurs- og fiskeriforvaltninga i Barentshavet.
Fleire samtalar
Det er fastsetjinga av fiskekvotar og forskingsdata frå dei to sidene som dannar grunnlaget for dette, som står på dagsorden måndag og tysdag på Nordnes i Bergen.
Vanlegvis møter forskarane frå Havforskingsinstituttet kollegaer frå eit tjuetals søsterinstitusjonar i det internasjonale kvoterådet, ICES. Men med Russland kasta ut av ICES, må altså Noreg opprette ein direkte dialog med det russiske havforskingsinstituttet for å kunne følgje opp felles fiskeriforvaltning.
— No må vi etablere ein bilateral måte å gjere dette på, seier fagdirektør Geir Huse til Khrono.
Også seinare i veka blir det samtalar mellom fleire norske og russiske forskarar, men då med digitale hjelpemiddel. Som Khrono tidlegare har skrive, skal det årlege norsk-russiske økosystemtoktet gå som planlagt. Dette er det mest omfattande toktet av sitt slag i verda, der norske og russiske forskarar arbeider side om side gjennom nokre hektiske veker på havet i august.
Samarbeid sidan 1958
Toktet krev omfattande planlegging, og sidan 1983 har forskarane frå dei to landa møttest i Tromsø i mars. Det er dette møtet som er blitt forsinka og som no skal gjennomførast digitalt.
Knapt nokon andre fagfelt i Noreg har tettare og meir tradisjonsrike band til russiske kollegaer enn havforskinga:
Samarbeidet mellom Havforskingsinstituttet og den sovjetiske, og seinare russiske søsterorganisasjonen, strekker seg samanhengande frå 1958 fram til i dag. Det første felles norsk-sovjetiske toktet i Barentshavet blei gjennomført i 1965.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert for korrupsjonsanklager