Følg styremøtet i Bergen
Eit splitter nytt styre ved Universitetet i Bergen skal i ettermiddag behandle langtidsplan for forskning og utdanning, og evaluere universitetsdirektøren. Følg styremøtet direkte her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det nye styret ved Universitetet i Bergen har sitt første møte kl. 13:30 torsdag. Tidlegare i dag har det vore seminar for styret, med opplæring om rolla og informasjon om institusjonen.
På sjølve styremøtet er det få og korte saker som skal opp, men ei av dei er ei vurdering av måloppnåinga til universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, som deretter blir sendt til Kunnskapsdepartementet.
Den offentlege delen av saksframlegget er ein gjennomgang av kor langt universitetet har kome på strategisk viktige område, og speglar at Bernstrøm er ansvarleg for heile drifta til institusjonen, heller enn kva hans personlege innsats har vore.
Bak lukka dører
På vanskelege område, som mellombels tilsetting, der UiB har prestert særleg dårleg gjennom ei årrekke, er det lite direkte kritikk å spore. «Det er tidkrevende å endre etablerte praksiser og arbeidet videreføres for å oppnå mer tilfredsstillende resultater» står det i evalueringa.
Då På Høyden gjekk gjennom leiarlønsavtalar i sektoren i 2016, viste det seg at ingen hadde fått reduserte bonusar i løpet av dei siste fem åra.
Evalueringa inneheld òg ein hemmeleg del, som På Høyden har bede om innsyn i. Administrasjonen har varsla at denne delen av møtet kan bli lukka, men det er styret sjølv som kan avgjere lukking.
Mange nye medlemmar
Styret vil det neste året bli leia av rektor Dag Rune Olsen. Kjersti Fløttum og Alf Erling Risa representerer dei vitskapleg tilsette, mens Synnøve Fluge er representant for mellombels vitskapleg tilsette.
Jørgen Melve er vald av dei teknisk og administrativt tilsette. Studentrepresentantar er Katja Løvik og Vegard Fosso Smievoll. Dei nye eksterne representantane er Hanne Foss Hansen, Bjørn K. Haugland, Marianne Møgster og Bjørn Østbø.
Klokka 10:00 fekk styret òg ei orientering om tjuveriet ved Universitetsmuseet. Dette skjedde bak lukka dører.
Møtet blir strøyma her frå 13.30:
Saker som skal behandles i møtet:
- S 81/17 Godkjenning av innkalling og saksliste
- S 82/17 Universitetsstyret 1.8.2017-31.7.2021 - konstituering
- S 83/17 Styrets forretningsorden
- S 84/17 Økonomirapport per juli 2017
- S 85/17 Langtidsplan for forskning og utdanning - Ettersendes
- S 86/17 Retningslinjer for Senter for fremragende forskning (SFF-IV) ved Universitetet i Bergen
- S 87/17 Endring i reglene for Læringsmiljøutvalget - virkeområde og sammensetning
- S 88/17 Oppnevning av meldemmer til sentrale råd og utvalg for perioden 1.8.2017-31.7.2021
- S 89/17 Oppnevning av eksterne medlemmer til styret for Det medisinske fakultet
- S 90/17 Universitetsdirektørens måloppnåelse 2017
- Orienteringer
- Eventuelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!