Mykje folk samla då Iselin Nybø vitja Volda i august og fortalde om at ein kunne byrja arbeidet med det nye mediebygget. Foto: Øystein Torheim

Styremøte direkte frå Volda kl 09.00: Mediebygg, budsjett og klage på agendaen

Sjå direkte. Høgskulen i Volda har årets siste styremøte torsdag, med mellom anna budsjett, mediebygg og ei klage frå dekan Rotevatn på dagsorden. Sjå møtet direkte her.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Konflikten rundt den tvangsflytta dekanen Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er framleis ikkje over og har gått føre seg i fleire månader no.

Ho er omplassert til rektor Johann Roppen sin stab mot si vilje der ho mellom anna er tiltenkt å jobbe med høgskulens nye mediebygg.

Styret ved Høgskulen i Volda startar møtet kl 9.00 og både mediebygg og kalge får dekanen står på dagsorden. Den sistnemnde blir handsama bak lukka dører.

I tillegg skal styret starta ein ny strategiprosess, diskutere studieprogramportefølje og fastsette løn til rektorat og direktøren. Riksrevisjonen kjem også på besøk.

Du ser strømmen frå styremøtet direkte nederst i saka.

Sakslista er som følgjer:

38/19 - Godkjenning av innkalling og sakliste

39/19 - Godkjenning av protokoll frå styremøte 25.10.19

40/19 - Orientering frå rektor

41/19 - Status nytt mediebygg

42/19 - Orientering til styret om NOKUT-tilsyn

43/19 - Studieprogramportefølje HVO 20/21

44/19 - Budsjett 2020

45/19 - Undervegsrapportering planar 2019

46/19 - Planar for HVO 2020

47/19 - Prosess for ny HVO strategi

48/19 - Styringsordning HVO og delegeringsreglement

49/19 - Revisjon av forretningsorden for høgskulestyret

50/19 - Lønsfastsetjing rektorat og direktør

51/19 - Årsrapport for LMU 2018-2019

52/19 - Kalling - Rugkåsa

53/19 - Klage frå dekan Rotevatn på avgjerd om avvising

54/19 - Ymse

55/19 - Riksrevisjonen møter styret

56/19 - Revidert årshjul høgskulestyret

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS