Studentane har sagt si meining og valt 28 representantar til det nye Studenttinget ved Høgskulen på Vestlandet. Bildet er frå opning av ny campus på Kronstad i 2014. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Studentane har sagt si meining og valt 28 representantar til det nye Studenttinget ved Høgskulen på Vestlandet. Bildet er frå opning av ny campus på Kronstad i 2014. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Dårlegare deltaking i studentval i Bergen

Blant bergensstudentane er valdeltakinga halvert frå tidlegare år. Dei har likevel høgare deltaking enn dei andre nærregionane i Høgskulen på Vestlandet. Sjå kven som er valt inn i Studenttinget her.

Publisert   Sist oppdatert

Måndag vart det endelege resultatet i studenttingsvalet ved Høgskulen på Vestlandet klart. Den nyfusjonerte høgskulen har vore utan studentdemokrati sidan opninga 1. januar, og med 28 valde representantar er ein no klar for stiftingsmøte i Bergen om to veker, skriv På Høyden. 

Stord/Haugesund har ein liten nedgang i valoppslutnaden, medan Sogndal/Førde har ein oppgong frå tidlegare val. 

Måtte flytta valet

I Bergen låg oppslutnaden på 14,5 prosent, mot rundt 30 prosent ved dei fem siste vala. Det er ikkje tidlegare leiar ved Studentparlamentet i Høgskulen i Bergen, Fredrik Bødtker, overraska over. 

— Valoppslutnaden var forventa. For det første, så var me nøydde til å flytta valet til januar, då er det færre studentar å få tak i, det gjeld også kandidatar. Det var lenge usikkert når me skulle halda valet, og det gjer at me også har hatt utfordringar med rekruttering av kandidatar, men me fekk til slutt 23 kandidatar til å stilla, noko me er godt fornøgde med, seier Bødtker.

Det er ingen geografisk tvang på kor leiar kan sitta, så ein kan stilla frå alle
studiestadane.

Kim Kantardjiev
Leiar, Fusjonskomiteen

— Det andre er at det er noko heilt nytt, me har bygga merkevare i mange år med Studentparlamentet i Bergen, no er det blitt til Studenttinget. Eg trur folk heldt på å venna seg til at dei går på HVL, og det er vanskeleg å driva rekruttering til noko som ikkje alle kjenner til frå før.

— Kjekt å få tilliten 

Ei av dei som vart valt frå Bergen er Frida Bjørlo Øien, som går tredje året på grunnskulelærarutdanninga.

— Eg synest det er veldig kjekt å få tilliten til studentane på den måten, slik at eg kan jobba for ei betre framtid både for skulen og den enkelte student. Det er sjølvsagt litt trist at valdeltakinga ikkje er høgare i år, men det er viktig å huska at dette ikkje er spesielt lågt på landsbasis. På grunn av fusjonen blei også tidspunktet for valet i år litt uheldig, så me vil jobba for å koma tilbake til den høge valdeltakinga me har pleid å ha ved neste val, seier Bjørlo Øien (bildet).   

Ho peikar på geografi som noko av det som kan bli mest utfordrande med det nye Studenttinget.

— Ein har ei utfordring med avstand mellom skulane og representantane, men me har kome langt når det gjeld teknologi, og me kjem til å møtast når det er møte. Så eg trur det kjem til å gå bra, men me må jobba for å få det til å gå seg til. 

— Har vore mykje jobb

I nærregion Stord/Haugesund var det 13 personar som kjempa om sju plassar i tinget. Valoppslutnaden låg på 12,16 prosent, ein nedgang frå førre val som låg på 14,12 prosent.

— Eg er fornøgd med det, det er ein liten nedgang frå det me hadde i haust, men studentane er ikkje vande med at me har val på denne tida av året. I tillegg har me har hatt lita tid til å driva med rekruttering og promotering av valet, seier valleiar for Stord/Haugesund, Kristine Elsa Krokli (bilete under).

Ho seier fusjonen har krevd mykje ressursar av studentpolitikarane. 

— Eg trur me hadde klart å slå 14 prosent viss me hadde hatt betre tid. Me det har vore mykje jobb med fusjonen, og me har hatt mykje å gjera klart til stiftingsmøtet. Ein del av studentane er også ute i praksis no, og det er vanskeleg å planlegga rundt det.

Ny rekord for Sogndal/Førde

I nærregion Sogndal/Førde har ein sett ny rekord med 11 prosent oppslutnad om valet. 

— Me er veldig fornøgd med det, me har over dobbelt så mange stemmer som ved førre val. Det er ny rekord for oss, med god margin. Det har vore fantastisk blest og engasjement rundt valet, seier valleiar Knut Almås Anfinset. 

— Men er 11 prosent godt nok? 

— Det er berre to periodar sidan me hadde det første elektroniske valet, det tar tid å få studentane til å skjønna at det er ei viktig sak. Me har mykje å gå på, mellom anna har Bergen det som eit eige fag i It’s Learning, medan me sender ut questback på e-post. Men frå neste år blir det nok eit felles valsystem.  

Stiftingsmøte neste

No ventar stiftingsmøte i Bergen 10.-12. februar, kor mellom anna leiar for Studenttinget og eit arbeidsutval skal veljast. 

— Først og fremst så blir det viktigaste og få på plass strukturen, det betyr at ein må vedta ein del dokument, vedtekter, budsjett, og ikkje minst få valt personane som skal sitta i arbeidsutvalet. Det er mange formelle ting som må på plass for at studentdemokratiet skal fungera, seier Kim Kantardjiev.

Han har leia fusjonskomiteen, som har arbeida med å finna forma på det nye studenttinget. 

Alle som er studentar ved HVL kan stilla til val som leiar - og det er representantane i Studenttinget som skal stemma over det. 

— Det er ingen geografisk tvang på kor leiar kan sitta, så ein kan stilla frå alle studiestadane. Det blir fem stykk som sit på heiltid i arbeidsutvalet, og to personar som jobbar i 30 prosent-stillingar.

Ventar på samarbeidsavtale

Når det gjeld budsjett er tanken at budsjetta skal vidareførast frå kvar nærregion, med forventning om at det aukar litt, særleg med tanke på reisekostnadane, fortel Kantardjiev.

— Budsjettet er avhengig av samarbeidsavtalen som ein forhandlar om med HVL. Korleis den blir sjåande ut er ikkje avklart endå. Lønnsnivået til leiar og dei som sit i arbeidsutvalet er heller ikkje avklart, det blir avklart i budsjettprosessen.

No er det opp til Studenttinget å endeleg vedta korleis dei ønsker at organisasjonen skal utformast. 

— Eg er veldig spent. Det er ein relativt liten gjeng som har såte mykje med dette arbeidet før og etter jul, og så håpar me at me har kome fram til noko veldig bra. Det blir spennande å sjå om dei valte representantane er einige i det me har kome fram til, seier Kantardjiev.