Det skal først ha blitt kasta fram i eit innlegg frå ein filosofistudent i Bergen, nærast som ein digresjon, eit tenkt døme på ein ubrukeleg floskel, eit idiotisk slagord, som for all del ikkje måtte takast i bruk.
«Hernes må fjernes».
Refrenget til tidenes studentopprør var skapt. Supersosiologen
Gudmund Hernes var utdanningsminister i Gro Harlem Brundtlands tredje
regjering. Slagordet kom for alltid til å klistre seg fast til namnet hans.
Dei største studentdemonstrasjonane i
norsk historie hausten 1993 markerte samstundes slutten på den opprørske
studentpolitikken.
— Som ein direkte konsekvens av studentopprøret i 1993 lykkast det studentane å komme tett på makta. Det starta ein prosess som på eit vis vart fullbyrda med kvalitetsreforma på starten av 2000-talet. Demonstrasjonar,
utanforskapets verkemiddel, førte til eit gjennombrot for lobbyismen,
innanforskapets verkemiddel, seier historikar Åsmund Borgen Gjerde.
Han er forfattar av «Pamper og opprørere. Den norske studentbevegelsens historie», som kjem ut denne
veka. Boka fortel om den
nasjonale studentpolitikken, og korleis han har baksa seg gjennom skiftande
tider, idear, makt og avmakt.
Riset bak spegelen
Paradoksalt nok vart det radikale
verkemiddel, i det som var blitt ein langt mindre radikal studentorganisasjon enn
tidlegare, som endeleg fekk politikarane til verkeleg å lytte til
studentane, og det som den gong heitte Norsk Studentunion (NSU).
— I tida etterpå låg det heile tida eit
slags ris bak spegelen, minnet om dei massive demonstrasjonane i 1993: Dersom
politikarane ikkje opna då studentane kom og banka på døra, kunne det bli bråk
og negative medieoppslag, seier Gjerde.
Den implisitte trusselen om bråk var
tilstrekkeleg, trur han, til at det rett og slett ikkje var nødvendig å lenger lage bråk. Studentpolitikarane blei lobbyistar. Det var ingen ny strategi — det nye
var at dei endeleg lykkast.
Men effekten ebba ut utover 2000-talet.
— I dei siste åra kan vi sjå teikn til at
det kan ha blitt vanskelegare for studentpolitikarane å få gjennomslag. Kanskje
er grunnen at politikarane ikkje lenger føler det finst eit slikt ris bak
spegelen, seier Gjerde.
Han peikar på krisepakkane i pandemitida,
der studentane kom dårleg ut.
— Kanskje var det eit symptom på at
politikarane no føler det er lettare å ignorere studentane utan at det får
nokon konsekvensar for dei.
Studentopprøret i 1993 tok først fyr i
Bergen. Deretter
spreidde det seg til heile landet, med demonstrasjonar og aksjonar.
Bakteppet for opprøret var ein stadig
tøffare økonomisk situasjon, og trongare nålauge for å få studieplass for
stadig fleire studentar. Startskotet gjekk etter lekkasjar frå statsbudsjettet
hausten 1993, mellom anna om reduserte rabattar på kollektivtrafikk.
Bergens Tidende publiserte ein kalkyle som viste at studentane i 1993 hadde mindre å rutte med enn studentane i 1973.
Lærte av professorane
Ein av dei som høyrde på innlegget til filosofistudenten, var den karismatiske leiaren for NSU i Bergen, jærbuen Arvid Ellingsen. I utgangspunktet var det ikkje
noko mål å få Hernes til å gå, men for Ellingsen var slagordet «Hernes må fjernes» uimotståeleg, og perfekt
til føremålet.
— Vi hadde hatt ein mislykka aksjon i
1992. Det neste året brukte vi på å skulere folk og setje oss inn i ting, fortel
Ellingsen til Khrono.
Ei av oppgåvene var å temje dei meir
ytterleggåande kreftene på den politiske venstresida. For å få gjennomslag
måtte det ein brei allianse til, frå høgre til venstre.
Dei begynte med grunnleggande
debatteknikk. Dei utarbeidde parolar, og tenkte ut ein slags regi. Dei studerte
studentopprør i andre tider og land. Og dei snakka med professorane, for å lære
og få råd om korleis dei burde legge opp taktikken.
— Vi snakka med Frank Aarebrot, blant
anna. Vi snakka med folk som hadde vore studentar på 1950- og 60-talet, og som
no var blitt professorar, og vi lærte mykje av dei. Vi jobba også for å få til
ein tverrpolitisk demonstrasjon, seier Ellingsen.
Lobbyismen trudde dei ikkje på, det hadde
organisasjonen ikkje kome nokon veg med gjennom 1980-talet og starten på
1990-talet.
— Vi meinte det måtte meir kraft bak. Vi
måtte heim til familiane våre, overtyde dei, reise rundt, overtyde grasrota.
Pen skjorte, revolusjon
I forkant av opprøret hadde NSU gått
gjennom ei rad endringar i organisasjonsstrukturen, og eit langt meir velsmurt
og effektivt apparat stod klart i 1993. Særleg i Bergen hadde dei vore tidleg
ute, og Ellingsen blei skuva fram som leiar. Omfanget og effekten av opprøret
som skulle kome var meir enn han hadde drøymt om.
Samstundes var det ikkje tilfeldig at det
blei slik.
Ellingsen hadde i utgangspunktet ein litt
rufsete stil. Men han var også blitt svært bevisst på korleis han kommuniserte,
og tilpassa seg alt etter kva slags grupper, kulturar og personar han kommuniserte med.
— Eg var jo ein raddis og gjekk ikkje
akkurat i Lacoste og seglarsko. Eg hadde militærsko og holete genser. Hos
sosialantropologane var det å hoppe på bordet og snakke om revolusjon. Men før
eg møtte jusstudentane, kledde eg meg om, tok på ei skikkeleg skjorte og børsta
håret.
Den første demonstrasjonen gjekk føre seg
i Bergen 20. oktober. Innleiingsvis sette studentane fyr på eit eksemplar av
statsbudsjettet. Og i spissen for eit demonstrasjonstog på kring 6000
studentar gjekk Ellingsen, berande på ein brustein med sløyfe på.
Symbolbruken var nøye uttenkt, sjølv
om akkurat brusteinen kom til som eit spontant forslag frå ein kompis som
meinte dei måtte «ha noko meir». Den bergenske brusteinen blei eit «symbol på
alvoret» og tyngda i opprøret, og vart planlagt overlevert (og faktisk overlevert) som gåve til
stortingspresidenten.
For dei som kjende til eller hugsa tilbake
til studentopprøret i Paris i 1968, var brusteinen som symbol særleg tydeleg. I dei hardhendte demonstrasjonane den gong, vart brustein blitt brote opp frå gatene og
kasta mot politiet, akkurat som i revolusjonskampane på 1800-talet.
Det gule pannebandet, som Ellingsen og
andre demonstrantar alltid hadde på, var direkte inspirert av pannebanda til
studentane som hadde demonstrert på Tiananmen-plassen (Den himmelske freds
plass) i Beijing i 1989.
Kidnappa ordførar
Aksjonen var berre starten, og blei
etterfølgd av fleire demonstrasjonar i Trondheim, Tromsø, Oslo — og igjen i
Bergen, denne gongen med 10 000 studentar i gatene. I Oslo stilte 15.000
studentar opp, ein av dei var Gudmund Hernes sin son.
I Tromsø vart det arrangert gravferd for
utdanningspolitikken. Oslo-studentane okkuperte Lånekassen. I Sogndal kidnappa studentar ordføraren og tok han med på ein lang køyretur for
å overlevere han til Stortinget. «Studentane tek sikte på koma seg over med 12-ferja frå Kaupanger», stod det i ein ingress i Sogn Avis torsdag 28. oktober 1993.
Ellingsen, som drog på turne til omtrent
alle studiestader i landet, heldt appellen. Hernes hadde erklært politisk sjølvmord, slo han fast, og fekk «massiv applaus attende».
Lokallagsleiaren frå Bergen, den
rufsete raddisen frå Bryne, blei i kraft av seg sjølv ein maktfaktor, som mediefenomen og kjendis.
Studentopprøret fekk støtte frå mange
hald, også leiarar og tilsette ved utdanningsstadene. Blant dei var den
legendariske og samfunnsengasjerte botanikkprofessoren i Bergen, Knut Fægri, som hadde vore med å
stifte NSUs forgjengar, Norsk Studentsamband (NSS) i 1936.
Radikal elite
Fægri var vanskeleg å
setje i bås politisk, men nokon revolusjonær eller venstreradikalar var han
ikkje. I 1936, då NSS vart skipa som den første betydelege studentorganisasjonen, var det kommunistane som hadde lagt grunnlaget, ifølgje Åsmund Borgen Gjerde.
— NSS hadde ikkje blitt til hadde det ikkje vore
for den kommunistiske studentorganisasjonen Mot Dag. For dei, og særleg for leiaren
Erling Falk, var det å bidra til verdsrevolusjonen i Noreg ein viktig motivasjon for å starte ein nasjonal
studentorganisasjon, seier Gjerde.
Mot Dag hadde mislykkast i sine framstøytar
for å ta makta i Arbeidarpartiet tidleg på 1920-talet og blitt ekskludert, seinare også frå Noregs kommunistiske parti. Strategien blei i staden å starte ei rekke
sosialistiske yrkesforeiningar, slik at dei radikale ideane kunne spreiast via yrkesutøvarar med akademisk
utdanning.
Mange av «motdagistane» var studentar, og Gjerde
peikar på at dei hadde suksess med å få styrka velferda på 1920-talet, ei tid
med tilvekst av studentar utanfrå den privilegerte eliten.
Samstundes peikar Berge
i boka si på korleis «de store kompromissenes tid» på midten av trettitalet
førte radikalarane og meir moderate krefter saman i kampen for studentane.
Det er ei sentral konfliktlinje som har
prega dei interne maktkampane gjennom historia til studentpolitikken: Pendlinga
mellom å skulle kjempe for breie samfunnsendringar med radikal ideologi i botn
— til ein reindyrka interessekamp for studentane, det som i etterkrigstida fekk
merkelappen «student as such».
Etter den andre verdskrigen endrar Noreg seg, Einar Gerhardsen er statsminister, den «korporative» arbeidarpartistaten tar form, verda går inn i kald krig. I etterkrigstida er det nettopp denne
linja, å konsentrere innsatsen om ein rein interessekamp, som vinn fram.
Sovjet, slips, CIA
Ein lang maktkamp enda med at
Studentsamskipnaden i Oslo tok over oppgåvene og skulle arbeide for
studentvelferd i tråd med prinsippet om «student as such». NSS si rolle blei
redusert til å vere representasjonsorgan for norske studentar internasjonalt.
— NSS, Norsk Studentsamband, blei rett og
slett vengeklipt, seier Gjerde.
Ein særleg grunn til dette var sekretær i
studentsamskipnaden Erling Fjellbirkelands tette band til sentrale maktpersonar
i Arbeidarpartiet.
— Ein direkte utløysande årsak til at
«student as such»-prinsippet fekk gjennomslag, var at Sovjetunionen jobba for å bruke kommunistiske studentar i andre land for å fremje sine
interesser. Det galdt ikkje minst den internasjonale organisasjonen,
International Union of Students, som var totalt kontrollert av Sovjetunionen.
Alle dei vestlege studentorganisasjonane trekte seg derfor ut i 1950 og skipa
ein lausare meir upolitisk organisasjon.
I ettertid skulle det vise seg at også denne
organisasjonen fungerte som marionett i den kalde krigen.
— I 1967 vart det avslørt at denne
organisasjonen hadde blitt kontrollert av CIA. Men det var det ingen som visste
på femtitalet, fortel Gjerde.
Frå midten av 1950-talet auka
frustrasjonen blant fleire av dei tillitsvalde over manglande
gjennomslag og det dei meinte var feil organisering av studentpolitikken. Det førte etter kvart
fram til ein ny nasjonal interesseorganisasjon, Norsk Studentunion, i 1964.
Dei neste åra styrte ein ganske pynteleg
gjeng i dress og slips, og dei få kvinnene i kjolar.
1950-talet var ei tid då organisasjonane
vart inkorporerte i statsapparatet. Det blei også eit mål for studentane å bli integrert i dette systemet. Men systemet var først og fremst rigga for fagforeiningane, arbeidsgivarorganisasjonane, bonde- og fiskarorganisasjonane.
Dei hadde til felles at dei kontrollerte store samfunnsmessige ressursar.
Fagforeiningane kunne streike, arbeidsgivarane gå til lockout.
Kva hadde eigentleg studentane å rutte
med?
— Dette er kanskje det store spørsmålet i
studentpolitikk-historia, seier Gjerde.
Etter kvart vart mangelen på gjennomslag
tydelegare.
«Kontinuerlig skuffelse»
Også meir meir djuptgripande straumdrag låg til
grunn for endringane utover 1960-talet. Studentar flest var ikkje lenger frå
eliten, eller frå foreldre med bestemte profesjonar, som jurist eller lege. Og
stadig fleire av dei vart opptekne av internasjonal solidaritet, Vietnam-krig,
avkoloniseringskampane og studentdemonstrasjonar ute i verda, som den i Paris
i 1968.
Det året blei NSU splitta, då det kom til
strid mellom ANSA-representantane, som hadde vore med å stifte NSU i 1964.
ANSA-representant Trygve Hegnars forslag om at NSU ikkje skulle ta stilling til nokon internasjonale spørsmål fall, og dermed trekte ANSA seg ut.
Derifrå endra NSU kurs, og gjekk inn i ein
ny radikalisert fase, på det myteomspunne 1970-talet.
— Ein kan seie at radikaliseringa av NSU
starta i 1968 og fram mot 1974, då Gerd Liv Valla tok over som leiar. Då får
NSU det som blir kalla ‘kvinne-AU’. Rett nok var ikkje fleirtalet i dette arbeidsutvalet
kvinner, berre tre av sju, seier Gjerde.
Det er ei ikkje uvanleg førestilling at det
var akp-ml’arane som kontrollerte studentpolitikken på 1970-talet. Det var det
ikkje.
— AKP-arane var berre ein del av det
store radikale miljøet, og dei hata det «konforme» NSU. SV-arane var langt
fleire, og det var dei som kontrollerte NSU, seier Gjerde.
Den første delen av 1970-talet er blitt
sett på som ein gullalder for studentpolitikken, ikkje minst av dei som var
aktive sjølv. Ifølgje Gjerde er det rett at det var god oppslutning om
demonstrasjonar mot moms og i EF-kampen fram mot 1972. Men allereie i 1974
klaga NSU-leiaren, Gerd Liv Valla, over dårleg oppmøte i demonstrasjonar mot
statsbudsjettet.
«Et mulig perspektiv
på 70-årenes studentpolitikk er at den var preget av kontinuerleg skuffelse
over at det aldri igjen lot seg gjøre å mobilisere like mange studenter som ved
tiårets begynnelse», skriv Gjerde.
Med blikk på kroner
og øre er det derimot meir naturleg å snakke om ein gullalder mot slutten av
1970-talet, meiner han.
— Utrekningar som
NSU gjorde på 1980-talet viste at studiefinansieringa var veldig god i perioden
1975—78. Det var slik sett ein gullalder, før det gjekk gradvis nedover på
1980-talet.
Bondestudentar
I boka si trekker Gjerde
linjene heilt tilbake til 1811, året Noregs første universitet vart etablert i
Kristiania. Første avsnitta i «Pamper og opprørere» handlar om Daniel Braut,
hovudpersonen i Arne Garborgs roman «Bondestudentar» frå 1883. Braut, som er bygd på Garborgs eigne erfaringar, kjenner seg djupt framandgjort i studentmiljøet.
«Bondestudentar» er også
«en roman om studentar som ikke kunne stå samlet i en kamp for felles krav, men
som var splittet mellom dem som var født til å bli studenter, og dem som måtte
fornedre seg for å bli det», skriv Gjerde.
Det Norske Studentersamfund (DNS), dåtidas studentorganisasjon, var «en selskapsklubb der de mest konservative blant
embetsmannssønnene gjorde sitt beste for å hindre at politikk ble diskutert».
110 år seinare, i 1993, dukka Arvid Ellingsen, (også han frå
Jæren) opp, i ein røyndom utenkeleg i Daniel Brauts tid.
— Ungdomskulla var store, og mange nye
grupper kom inn på universiteta. Det kjendest urettferdig at vi hadde dårlegare
studiefinansiering enn 68-arane, seier Ellingsen.
Foreldregenerasjonen blei oppfatta som privilegert,
68-arane «hatfiende nummer ein», motbildet til situasjonen 1990-tallsstudentane
hadde hamna i.
— Det var mykje prat om at dei var så mykje
meir ideologiske og idealistiske, og at vi stod for eit «lommebokopprør». Men
det var ikkje sant, dei kjempa også for betre studiefinansiering. Vi kom ut med
masse gjeld, og følte vi ikkje blei høyrde.
I 1993 vart det bortimot umogleg å lukke
øyra for studentane og opprøret som eskalerte i gatene, på universitet og
høgskolar, og på Dagsrevyen.
Farvel aksjonisme
Gudmund Hernes blei ikkje fjerna, men
studentane vann fram på fleire punkt. Kuttforslag blei reversert og
stipendandelen auka til 22 prosent.
Opprøret førte med seg ei varig endring i
arbeidsformene til studentorganisasjonen.
«Demonstrasjonene ble
fulgt opp fra NSU med systematisk lobbyvirksomhet mot stortingspolitikere som
nå var i ferd med å gjøre det til en vane å lytte til NSU», skriv Gjerde. Mot slutten av 1990-talet blei lobbyverksemda dyrka fram, parallelt
med ein stadig målretta og profesjonalisert mediearbeid. Demonstrasjonar og aksjonisme vart meir
eller mindre kassert som aktuelt verkemiddel.
På denne måten kan ein seie at tidenes
største og mest vellykka studentopprør var det som tok livet av
studentopprøret.
— Nesten ingen av oss som var med den
gongen fekk nyte godt av resultata vi vann fram med. På den tida var det 12—13
prosent stipendandel. I dag er han på over 40 prosent, seier Arvid Ellingsen.
Han ser likevel grunnar til at studentane
også i dag bør tenke i opprørske baner.
— Studielånet strekk ikkje til. Aldri før
har det vore så mange som jobbar parallelt med studia. Bustadsituasjonen er
verre enn nokon gong. Kanskje er dei økonomiske utfordringane for studentane
samla sett større i dag enn i 1993.
Ellingsen, som i dag er utdanningspolitisk
rådgivar i LO, har fått mange studentleiarar etter hans tid på besøk for å få
råd. På kontoret har han brusteinen frå 1993 på utstilling.
Styret ved Høgskulen i Volda vedtok 11. desember at dei ønskjer oppstart av sjukepleieutdanning frå august 2025. I vedtaket heiter det at ein går vidare med planane, men at ein i januar både skal handsama søknad om akkreditering og få ei sak om finansieringsplan.
Som Khrono har skrive, var både rektor og høgskuledirektør uroa for at prosessen går for fort. I styremøtet understreka begge at dei meiner at det er viktig at ein likevel satsar på august 2025. Dette var styret, etter ein lang debatt, samde om. Det var spørsmål knytt til finansiering og særleg til flytting av studieplassar, som gjorde at styret hadde ein del spørsmål. Høgskulen har ikkje fått eigne studieplassar frå Kunnskapsdepartementet til sjukepleie- og etterkvart vernepleieutdanning, så ein må sjølve finna rom for dette. Det er i første omgang snakk om tjue studieplassar i sjukepleie, i eit deltidsløp.
— Det er eit sterkt ønske om og stor entusiasme kring, desse studieplassane i samfunnet rundt oss. Me vil få eit forklaringsproblem dersom me utset oppstart, sa Jorunn Sem Fure.
Ho er dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, som er dei som skal husa ei eventuell helseutdanning.
Fure sa i si orientering at både øvingslab og avtalar om praksisplassar er godt i rute.
Stipendiatorganisasjonene i Norge (SiN) har fått nytt styre, som skal tiltre 1. januar 2025.
Det fremkommer i en pressemelding.
Karl Henrik Storhaug Reinås ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo er valgt som ny leder, og overtar dermed roret etter Ingvild Bergom Lunde.
Resten av det nye styret ser slik ut:
Nestleder: Claire Degail, TODOS
Myndighetsansvarlig: Kamil Piotr Szura, UiSDc
Kommunikasjonsansvarlig: Davit Gigilashvili, DION
Økonomiansvarlig: Fei Song, DION
EuroDoc Liaison officer: Naheeda Hamza, UiODoc
Med fornyet fokus fortsetter SiN å fremme interessene til midlertidige vitenskapelige ansatte i Norge, skriver organisasjonen i en pressmelding.
Ingvild Bergom Lunde er strålende fornøy med at det er nettopp Karl Henrik Storhaug Reinås som overtar stafettpinnen etter henne.
— Karl Henrik har politisk erfaring og teft, og forstår også viktigheten av å bygge gode relasjoner med medlemsorganisasjonene, melder den avtroppende lederen.
Ingar Kyrkjebø Haaland (34) blir professor ved NHH, melder høgskolen.
— Fantastisk gøy. Jeg har jobbet med kolleger i en helt fantastisk forskergruppe på Fair. Og det skal jeg fortsette med. Ingenting stopper opp når du blir professor. Tvert imot. Jeg har mange nye prosjekter som er i gang, sier Haaland.
Den ferske professoren leverte doktorgraden sin for fem år siden ved NHH, og har siden 2022 jobbet ved NHH. Han er del av forskergruppen Fair ved Institutt for samfunnsøkonomi.
— Vi har hatt den store gleden av å samarbeide med Ingar siden vi møtte han som student i bachelorkurset økonomi og psykologi for mer enn ti år siden, og er utrolig imponerte over alt han har fått til. Hans forskning er banebrytende for å forstå den økende polariseringen i samfunnet, professor Bertil Tungodden ved Fair.
I 2023 fikk Haaland 8 millioner kroner fra Forskningsrådet som et av årets unge forskningstalenter. Han ble nylig intervjuet i Khrono og ga sine råd om hvordan man bør bruke ChatGPT.
Universitetet i Stavanger (UiS) har ansatt Kristin Armstrong-Oma som ny museumsdirektør ved Arkeologisk museum. hun tiltrer 17. mars 2025.
— Jeg gleder meg stort til å gå løs på oppgaven. Særlig fordi jeg får med meg et lag med eksepsjonelt flinke folk, blant annet forskere i verdensklasse, sier Armstrong-Oma i en pressemelding.
Armstrong-Oma er professor i arkeologi og blir den første kvinnelige direktøren på museet siden det åpnet i 1975. Hun har ambisjoner om at museet skal levere høy kvalitet og være relevant for samfunnet rundt oss. Hun har jobbet ved Arkeologisk museum siden 2013.
— Vi gleder oss til å få Kristin Armstrong-Oma med på laget. Arkeologisk museum skal være en samfunnsaktuell arena, og jeg er sikker på at Armstrong-Oma kommer til å ivareta dette på best mulig måte, sier Mohn.
3 års bindingstid: 4,717 prosent (opp med 0,346 prosentpoeng)
5 års bindingstid: 4,611 prosent (opp med 0,403 prosentpoeng)
10 års bindingstid: 4,583 prosent opp med 0,308 prosentpoeng)
Flytende rente fra nyttår vil være på 5,214 prosent.
Nye tilbakebetalere får automatisk flytende rente, de som vil ha fastrente må må søke. Det kan gjøres mellom 10.-17.desember for å få den nye fastrenten fra 1. januar. Det er 812.000 personer som betaler tilbake lån til Lånekassen.
I Storbritannia lønnes ledere oftest per studieår, så for studieåret 2023—2024 mottok Buitendijk godt over 6 millioner kroner, selv om hun kun jobbet tre måneder i starten av studieåret.
Universitys of Leeds' regnskap viser at den tidligere rektoren fikk 2 millioner i ordinær lønn, 2,5 millioner kroner i kontraktfestet sluttpakke og 1,6 millioner kroner som følge av tap av verv, skriver THE, som omtaler den totale utbetalingen som en av de største kjente sluttpakkene i britisk universitets- og høgskolesektor de siste årene.
Simone Buitendijk har nå fått ny jobb som rektor ved University of Salford. Det er ikke kjent hvorfor hun sa opp, men den nederlandske 66-åringen skal ha vært kontroversiell, og blant annet ha uttalt at hun ønsket å avskaffe tradisjonelle forelesninger i UH-sektoren.
Ved UiT Norges arktiske universitet har det de siste to årene blitt jobbet ekstra med å rekruttere flere gutter til å velge helsefagutdanninger.
Pilotprosjektet har hatt navnet «Gutter til helsefag», og har sitt utspring i et oppdrag som UiT fikk fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) tilbake i 2022.
Før helgen la kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffera (Ap) frem regjeringens nye likestillingsstrategi, og der kom det fram at «Gutter til helsefag» nå skal bli et nasjonalt og flerårig prosjekt, skriver iTromsø.
I helgen var 1700 internasjonale studenter, vitenskapelige ansatte og bedriftspartnere samlet i Bergen da Norges Handelshøyskole (NHH) arrangerte «CEMS annual events og graduation».
CEMS-skoler kapret blant annet to av de seks topplasseringene på Financial Times’ ferske rangering over de beste handelshøyskolene i Europa. Under CEMS-paraplyen tilbys to grader som kan kombineres med et masterprogram ved den enkelte skole.
Lørdag ble samlingen rundet av med en høytidelig avslutningsseremoni for nesten 600 masterstudenter i Grieghallen, skriver NHH i en pressemelding.
Akademisk direktør ved NHH, Jan I. Haaland, uttaler at det er stort å få være vertskap for samlingen i Bergen.
— Dette har gitt oss en mulighet til å ønske CEMS-kolleger og kandidater fra hele verden velkommen til NHH og Bergen, og å vise frem hva vi har å tilby, både som skole og som by, sier Haaland.
Det er i 2024 23 år siden sist tilsvarende arrangement ble arrangert av og ved NHH. Årets arrangement er det største som er blitt arrangert ved NHH noensinne.
Nyeste artikler
Akademiet gir opp og legger ned fagskole
Statsråd Oddmund Hoel om økt studiestøtte: «butikkprisen av 1350 halvlitere ekstra per år»
Fjerning av innstillingsutvalg — den siste spikeren i kista
Nominert for sitt sterke og tydelige engasjement for Palestina og folket på Gaza
Forskningslinjer — en nøkkel til fremtidens teknologisuksesser
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
PST brukte bilde av NTNU-professor for å illustrere politisk motivert vold og ekstremisme