— I Noreg kan studentar kjøpe seg ein genser eller gå på kafé utan å tenke så mykje meir over det, seier Ivana Spremic frå Serbia. Studiekvardagen i heimlandet er derimot av det meir sparsommelege slaget.
— I Noreg kan studentar kjøpe seg ein genser eller gå på kafé utan å tenke så mykje meir over det, seier Ivana Spremic frå Serbia. Studiekvardagen i heimlandet er derimot av det meir sparsommelege slaget.

Norske studentar er dei aller rikaste i Europa

— Norske studentar er bortskjemte, seier masterstudent Ivana Premic frå Serbia og meiner dei kunne gått ned eit par hakk i velstandsnivå. Undersøking viser at Noreg har dei rikaste studentane i Europa.

Publisert   Sist oppdatert

(Saka er oppdatert med kommentar frå SSB).

Norske bortebuande studentar får over 100.000 kroner i studiestøtte frå Lånekassa og dei jobbar i snitt 15 timar kvar veke. I tillegg kjem omlag 21 prosent av ei månadleg norsk studentinntekt som tilskot frå nær familie, viser årets Eurostudentrapport som har samanlikna studentøkonomien i 29 ulike land. Samla sett er norske studentar dei mest velståande i Europa. 

Trass det høge prisnivået i Noreg, meiner masterstudent på Høgskolen i Oslo og Akershus, Ivana Spremic (27) frå Serbia, at norske studentar har det svært godt.

Bortskjemte studentar

— Dei er bortskjemte. Studentane ein ser på t-bana her har nye smarttelefonar og fine vinterjakkar. Dei reiser på feriar. I Noreg kunne ein lett gått ned eit par velstandsnivå, meiner ho.

Norske studentar forstår ikkje kva dei har.

Ivana Spremic
Serbisk masterstudent i Noreg

Sjølv om bukostnadene til bortebuande studentar i Noreg er høgare samanlikna med andre land, utgjer desse kun ein tredel av studentanes samla utgifter, ein lågare del enn i alle dei andre nordiske landa.

SSB rapport 2015/50

Det er eit problem at studentar blir tvinga ut i ein deltidsjobb som tar tid, og som kunne blitt brukt på å studere.

Therese Eia Lerøen
Leiar av Norsk student organisasjon

Mens gjennomsnittsstudenten i Armenia må klare seg på 2278 kroner i månaden har den norske studenten nesten 10 gongar så mykje å rutte med; 21.876 kroner, viser EU-rapport.

— Norske studentar forstår ikkje kva dei har, smiler Ivana Spremic (27). I Serbia har gjennomsnittsstudenten 2987 norske kroner i månaden å leve for, viser tal frå årets Eurostudent-rapport.

Stressa økonomi

Spremic har nettopp levert masteroppgåva si i fleirkulturell og internasjonal utdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Men har ingen rett på hjelp frå Lånekassa og det finst heller ingen støtteordningar i heimlandet.

Spremic har dei siste to åra arbeidd som dagmamma, servitør, assistent på aktivitetsskule, pianolærar og barnehageassistent. Dei to sistnemnde jobbane har ho ennå. For å greie seg arbeider ho opp mot 20 timar i veka, i tillegg til så mykje som mogleg i alle feriar.

— Eg har stressa mykje på grunn av økonomien, seier Spremic.

Pappa eller partnar betalar

Basisstøtta til Lånekassa er på 100.920 kroner skuleåret 2015/2016. I tillegg kan norske fulltidsstudentar tene opptil 162.769 kroner (inntektsåret 2015 ) og framleis få 40 prosent av støtta omgjort til stipend ved bestått eksamen.

I tillegg viser tal frå Eurostudent-rapporten at 21 prosent av den månadlege inntekta til norske studentar, kjem frå familie eller partnar. Totalt har norske studentar som ikkje bur heime ei månadleg inntekt på 2446 euro, eller dryge 21.876 kroner (snittkurs 2014) ifølgje rapporten. Dette gjer norske studentar til dei med høgast inntekt av dei 29 landa i undersøkinga.

Studentar i nabolanda våre, Sverige, har 18.128 NOK i månaden og i Danmark, 10.428 NOK per månad. Inntekta til danske studentar kjem dårlegare ut fordi berre inntekta til heiltidsstudentar er rekna med. Utanom Noreg og Sverige er det berre sveitsiske studentar som har meir enn 2000 euro per månad. Snittet for Europa ligg på 885 euro, eller 7914 norske kroner.

Høge levekostnadar

Trass at norske studentar er på inntektstoppen, meiner leiaren av Norsk studentorganisasjon (NSO), Therese Eia Lerøen at dei treng meir pengar.

— Ein må sjå desse inntektene opp mot levekostnadane der ein bur. Dei er mykje høgare i Noreg enn for eksempel nabolanda våre, seier ho.

Ivana Spremic som var vand med at ein øl ute på byen i Serbia aldri kosta meir enn 15 kroner fekk bakoversveis over dei norske prisane da ho kom til Noreg i 2012.

— Eg fekk sjokk fyrste gongen eg gjekk inn på Kiwi for å kjøpe mat, ler Spremic.

For masterstudenten gjorde dyre Noreg det vanskeleg å få endane til å møtest. Det var i starten vanskeleg å få seg nok arbeid. Norskkurs hadde ho ikkje råd til, så det lærte ho seg på eiga hand.

— Det vart til slutt for mykje og eg møtte veggen. Eg stressa for mykje og begynte å slite med alt eg skulle gjere, fortel Spremic.

Bortskjemte

To år etter står Spremic utanfor Godt Brød i Thorvald Meyersgate, i eine handa har ho ein kaffikopp, i den andre ein sigarett. Økonomien har betra seg, men sigarettar er framleis ei vare ho stussar over prisen på. Trass det høge prisnivået, meiner ho at norske studentar har det svært godt.

— Dei er bortskjemte. Studentane ein ser på t-bana her har nye smarttelefonar og fine vinterjakker. Dei reiser på feriar. I Noreg kunne ein lett gått ned eit par velstandsnivå, seier ho.

Spremic har studert både musikk og engelsk språk og litteratur heime i Serbia, før ho begynte på mastergraden sin i Noreg. Ho ser store forskjellar på studenttilværet i dei to landa.

— Heime har dei fleste studentar gamle klede og det er ikkje sikkert telefonen har fargeskjerm ein gong. Ikkje mange har moglegheit til å reise på ferie på dei fire åra det tek å skaffe seg ein bachelorgrad, seier ho.

— Det er foreldra som betalar alt. Det er ingen lånekasse og ingen klarer å arbeide, sidan det ikkje finst nokre deltidsjobbar. I tillegg må ein betale skulepengar, fortel Spremic.

Ho ser på ingen måte ljost på ei framtid i heimlandet.

— Det er ingen som klarer å skaffe seg jobb etter studia og dei fleste må flytte heim til foreldra, som ikkje har igjen meir pengar etter at dei har forsørga ungane sine gjennom ei utdanning.

Jobbar mykje

Trass det høge prisnivået i Noreg, viser Eurostudent-rapporten at det det er mange studentar som sit att med mindre enn dei norske når husleige, skulepengar og transportkostnader er trekt frå. I 19 land har studentane prosentvis mindre igjen enn Noreg etter at desse utgiftene er betalte.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har sett nærmare på Eurostudent sine funn og skriv i rapporten sin:

«Sjølv om bukostnadene til bortebuande studentar i Noreg er høgare samanlikna med andre land, utgjer desse kun ein tredel av studentanes samla utgifter, ein lågare del enn i alle dei andre nordiske landa.»

Samtidig er det slik at norske bortebuande studentar i snitt arbeidar 15 timer i veka. Det er berre fem andre land i undersøkinga som arbeider så mykje eller meir.

— Med tanke på tolking av resultata er det viktig å vite at i Noreg er ein stor del av studentane over 30 år, og vi har mange deltidsstudentar samanlikna med andre land. Dette er med på å trekke opp gjennomsnittleg disponibel inntekt når vi ser på alle bortebuande studentar under eitt. Snittinntekta er klart lågare blant studentar under 30 år enn over 30 år, sier seniorrådgjevar Kjartan Steffensen i SSB til Khrono.

Les også: 

— Det er eit problem at studentar blir tvinga ut i ein deltidsjobb som tar tid som kunne blitt brukt på å studere, seier Lerøen (bilete under).

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Vil ha høgare studiestøtte

NSO-leiaren trur ei auka studistøtte vil gje norske studentar meir tid til studia. Dette vil igjen kome samfunnet til gode, meiner ho. 

— Studiestøtta har aldri vore så lav. Støtta studentane tek i mot i dag er mindre enn då Siv Jensen studerte. Vårt krav i NSO er at studiestøtta hevast frå 1.12 g i året til 1.5 G, seier Lerøen, som meiner Noreg har råd til å gje studentane denne goden.

Lerøen tykkjer det er synd at studentane må arbeide så mykje deltid, og referer til tal frå Statens institutt for forbruksforskning om viser at om ein kun skal leve på lånekassestøtte så går ein 4000 kroner i onderskot kvar månad.

— Burde ein ikkje kunne forvente at studentar arbeider i feriar samtidig som dei lev meir sparsomeleg enn dei som har gått over i arbeidslivet?

— Det er tilfellet allereie i dag. Du skal ha noko fri som student, samtidig som pengane ein tener om sommaren ska dekke levekostnadane i juni og juli. Det går rett og slett ikkje rundt, seier Lerøen.

Fornøgd med Noreg

Spremic har ikkje fått ei krone i studiestøtte, men hardt arbeid har fått ho gjennom masteren i fleirkulturell og internasjonal utdanning. Nå er målet å bli lærar her i Noreg.

— Livet mitt er her nå. Familien min er i Serbia, men eg er her, dit reiser eg på ferie, seier 27 åringen.

Ho ser kor mykje den norske velferdsstaten gjev, og kor mykje enklare det er å finne arbeid. Om ho stiftar familie er Noreg eit tryggare alternativ.

— Norge er betre for mine barn, seier Ivana Spremic.