Studentleiar gjenvalt i vest

Publisert Oppdatert

Også studentparlamentet ved Høgskulen på Vestlandet hadde konstituerande møte denne helga. Henrik Waage Tjore vart gjenvalt som leiar.

Tjore er student i Bergen, men skal no vera studentpolitikar på fulltid. I arbeidsutvalet får han med seg Jenny Randine Skogly (Sogndal), Bettina Henrietter Strand Vik (Bergen), Anna Emilie Hagen (Bergen) og Marie Charlotte Moilanen Kettunen (Haugesund), alle i hundre prosent stilling. I tillegg er Bjarne Kattenberg i Førde og Janne Alice Tangjerd i Haugesund med i arbeidsutvalet, i 30 prosent stillingar.

Høgskulen på Vestlandet har studiestader i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund.

Bjørn Olav Østeby og Mari Ingeborg Bjor Hognestad er valde inn som studentrepresentantar i høgskulestyret.

Tjore seier i ei pressemelding at han gler seg til å gå i gang med eit nytt år som studentleiar.

— Me ser fram til å samarbeida tett med leiinga på HVL og andre samarbeidsaktørar, seier han.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)