Etter planen skal studenthuset byggast i fem etasjar i den bratte skråninga mellom Fossbygget og Fosshaugane i Sogndal. (Skisse: Arkitektkontoret 4B)

15 millionar til nytt studenthus i Sogndal

Planar for eit nytt studenthus på campus i Sogndal er ute på høyring, og 15 millionar kroner er sett av til prosjektet. Men på grunn av fusjonen er det ikkje garantert at planane lar seg realisera.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) sendte nyleg ut planar for eit nytt studenthus på campus Fosshaugane i Sogndal ut på høyring. 

Leigekontrakten til studenthuset «Meieriet» som ligg i sentrum går ut i 2023, og det er ifølge SISOF store vedlikehaldskostnadar knytt til drifta. 

Dei siste sju åra har dei jobba med planar om eit nytt studenthus, og dei siste to åra har det konkrete planarbeidet pågått. 

Tidlegare i år fryste styret i SISOF 15 millionar kroner av eigne midlar til prosjektet, skriv Kontrast1.no.

Dei har gjort eit prisoverslag på 35 millionar kroner, og dei håpar bygginga kan ta til i løpet av 2017. I dei nye lokala skal mellom anna vere konsertlokale, kafé, pub og undervisningsrom. 

Dette huset vil ha ein god økonomi. Det har eit solid fundament, og er ikkje noko risikoprosjekt. Det er ein av dei få samskipnadane som driv med overskot.

Randi Marie Sjøholt

— Det har vore jobba i mange år med å få til eit nytt studenthus i Sogndal. «Meieriet» er i ein stand som ikkje kan brukast til studenthus. Det er eit kostbart vedlikehald for SISOF. Me treng eit nytt hus som er trygt, og som kan ha fleire funksjonar enn i dag, seier administrerande direktør i SISOF, Randi Marie Sjøholt.  

— Vedtaket kan endrast

Men det er eit skjær i sjøen, som må passerast før bygginga kan ta til. 

I haust blei det bestemt at Studentsamskipnaden i Bergen, Studentsamskipnaden Stord/Haugesund og Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane blir slått saman til Samskipnaden på Vestlandet.

Styrevedtaket til SISOF blei gjort før fusjonen blei bestemt, men administrerande direktør i Studensdamskipnaden i Bergen (SiB), Per Kristian Knutsen, som blir direktør for den nye samskipnaden, kan ikkje koma med garantiar for at bygginga av studenthuset blir gjennomført. 

— Det er ikkje noko som er fryst. Det er ikkje hogd i stein at dei pengane skal brukast på studenthus. Vedtaket kan endrast av det nye styret, seier Knutsen. 

— Ingenting er bestemt

Styret i SiB ikkje har vore involvert i saka så langt.

— Me har visst at dei har hatt planar. Men det er ikkje noko som har blitt gjennomgått eller behandla av oss i det heile tatt. Det viktigaste for oss er at det ikkje er fatta avgjerder i saka. Det hadde vore ein heilt annan situasjon om ein hadde satt i gang bygging eller skrive under på kontraktar. Men at dei har jobba med planar, det må me ha full respekt for. 

Han seier det no er viktig å få ei god forståing for kvifor det er behov for nytt studenthus i Sogndal.

— Det er ei viktig sak for den nye samskipnaden. Dette er også knytt opp mot bidrag frå den nye vestlandshøgskulen. Me må ha ein dialog med den nye leiinga. Eg forstår veldig godt at eit studenthus er ein viktig del av miljøet der oppe. Det er viktig for meg personleg å danna eit godt grunnlag for kvifor Meieriet ikkje er rette staden å vera vidare. Er det andre alternativ, eller er nytt det einaste. Det er eit stort prosjekt i forhold til talet på studentar der oppe. 

— Ramaskrik om det ikkje blir nytt hus

SISOF har no sett ned eit arbeidsutval som vil jobba vidare med planlegginga av studenthuset. Sjøholt ser ikkje for seg at byggeplanane kan leggast på is. 

— For studentvelferden i Sogndal sin del så er dette svært viktig. Viss det ikkje blir bygd så blir det nok store ramaskrik. Dette er godt forankra politisk og i næringsmiljøet i Sogndal gjennom dei siste fem åra. Det er mange som meiner dette er naudsynt. Eg trur ein skal vegra seg litt for å ta det vekk, seier Sjøholt.

Ho peikar også på at dei har gode økonomiske føresetnadar for å gjennomføra prosjektet. 

— Det er ein veldig god finansiering i det huset me legg fram no. Det er basert på frivillig arbeid. I dag går «Meieriet» i overskot, noko som går tilbake til studentane. Dette huset vil ha ein god økonomi. Det har eit solid fundament, og er ikkje noko risikoprosjekt. Det er ein av dei få samskipnadane som driv med overskot, seier Sjøholt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS