korona
Studentar kan reisa heim
Å reisa heim kan vera naudsynt, meiner justisminster Monica Mæland.

Studentar kan reisa heim til påske. Det slo justisminister Monica Mæland fast då regjeringa hadde sin daglege pressekonferanse om koronautbrotet tysdag.
— Det er framleis slik at ein bør unngå reiser som ikke er naudsynte. Men det er ikkje sikkert at det ikkje er naudsynt å reisa heim, sa Mæland.
Statsministeren imponert
Etter at universitet og høgskular stengde dei fysiske studiestadane, har mange studentar site på studenthyblar. Fleire studentsamskipnader har sett i gang digitale løysingar for at studentar skal kunne ha nokon å snakka med. Studentinord tilbyr morgonprat for studenter som ønskjer det, Sammen, som er studentsamskipnaden på Vestlandet, har opna ei eiga pratelinje, og Studentsamskipnaden SiO tilbyr digital lege- eller psykologhjelp.
Men likevel er det krevjande tider for mange. Det sa statsminister Erna Solberg under den same pressekonferansen.
— Det er krevjande å stå i så strenge tiltak over tid. Eg er imponert over tolmodet og samhaldet, sa Solberg.
Må halda avstand
For dei studentane som no tenkjer at dei vil reisa heim til familie i påska, understreka Mæland følgjande: Ein må vera frisk for å kunne reisa, og ein må reisa på ein slik måte at ein kan halda avstand til andre.
4447 personar i Noreg har no fått påvist korona-viruset. Det har ikkje vore nokon dramatisk vekst i talet på smitta den siste veka, sa Folkehelseinstituttet sin fagdirektør Frode Forland på pressekonferansen.
Nyeste artikler
Slik får vi flere og bedre pensumbøker på norsk
Fleire droppar eksamen i medikamentrekning
Slik lager hun et godt studiemiljø via Zoom
Kunnskapsshopping
«Søknadshabitusen» må avlæres, mener professor
Mest lest
Strykrekord på eksamen for ferske sykepleiestudenter
Ansatte måtte gå på grunn av dårlig økonomi. Nå får sjefen økt sluttpakke.
Arbeidsmiljøundersøkelse førte til Norce-sjefens fall
Ber universiteter og høgskoler forsøke få til fysisk undervisning
Væpner seg til tennene med ytringsfrihet