Flytting
Studentar får gåvekort for å bli bergensarar
Bergen kommune spanderer to millionar i gåvekort til studentane i byen. Kravet er at dei må bli bergensarar.
— Det er alltid for få bergensarar, men det er fordi vi satsar på kvalitet framfor kvantitet. Derfor har vi latt Oslo bli litt større.
Byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) fleipar, men med ei kjerne av sanning. Unge menneske under utdanning er attraktive innbyggarar og potensielle skattebetalarar for framtida.
Derfor prøver Bergen kommune seg no med gåvekort for å lokke studentar som er folkeregistrert i andre kommunar til å melde flytting.
To millionar til tusen
To millionar kroner er sett av på budsjettet til gåvekort som kan brukast til å ta for seg av byens tilbod. Det rekk til 1000 av byens 40 000 studentar, som får 2000 kroner kvar til disposisjon. Gåvekorta går til dei første som melder seg inn i Bergen, og som er semesterregistrert frå og med 2023.
Leiar i Velferdstinget Vest, Ida Steinsland Lutro, rosar tiltaket.
— Dette tiltaket er viktig. Eg håper mange nyttar seg av dette gåvekortet, brukar det, og blir betre kjent med Bergen, seier Lutro.
Velferdstinget Vest arbeider for velferda til studentar på Vestlandet, og har representantar frå alle utdanningsinstitusjonane som høyrer til Studentsamskipnaden Saman.
Lutro trur at studentar som melder flytting er meir truande til å bli verande i byen etter at studietida er forbi.
— Når ein melder flytting, får ein også tilgang til goda med å vere folkeregistrert. Det gjer det lettare å føle tilknyting, seier ho.
Lutro har rett nok ikkje meldt flytting til Bergen sjølv, fordi ho stiller som fylkestingskandidat for Høgre i heimkommunen Ullensvang i Hardanger.
Gratis buss i Kristiansand
Bergen er ikkje den første studiebyen som prøver å lokke studentar til å melde flytting. I 2018 vekte det harme i nabokommunane då Kristiansand delte ut gratis busskort i bytte mot å bli borgar i byen. Kristiansand gir framleis studentar busskort for å flytte til kommunen.
— Vi kommunane rundt Kristiansand har i mange år støtta opp under etableringa av universitetet i Kristiansand. Og no kjem dei med tiltak som tappar kommunekassa for pengar og oss for innbyggarar, uttalte dåverande ordførar i Vegårshei, Kirsti Helen Myren, til Khrono.
Kommunane får basistilskot får kvar innbyggar, i tillegg til potensielle skatteinntekter. Telemarksforsking rekna ut at Kristiansand kommune tente minst 20 millionar kroner på tiltaket. 2000 studentar melde flytting.
Også fleire andre studiebyar, mellom andre Molde og Ålesund, har følgt etter Kristiansand og tilbydd studentane gratis buss, eller andre gode, i bytte mot flytting. I Volda får studentar frå andre stader gåvekort på 5000 kroner for å bli «volding»,
Gir byen «livsgnist»
Kulturbyråd Eduardo «Doddo» Andersen (Ap) håper studentane som sikrar seg gåvekort tar for seg av byens restaurant- og kulturtilbod. Utanom politikken er han sjølv musikar og artist med spellemannspris på hylla, i tillegg til ein høg profil som fotballekspert og fanatisk tilhengar av Sportsklubben Brann.
— Bergen er ein student- og kulturby. Det er ikkje tilfeldig at artistane ser på byen som ein av dei beste stadane å spele, seier han.
Bergenspolitikarane, begge innfødde, forsikrar om at skarre-r aldri blir eit krav for å bli med på laget så lenge dei får styre.
— Alle som ønsker å bli bergensarar, skal kunne bli det. Bergen skal vere mangfaldsbyen, seier kulturbyråden.
Byrådsleiar Bakervik meiner studentane gir byen «livsgnist».
— Dei er heilt avgjerande om byen skal utvikle seg i ei progressiv, liberal og rettferdig retning. Då må vi ha studentane med, seier han.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut