Birk (18) tek allereie eksamen på masternivå

Publisert
Birk Tjelmeland vann førre helg Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved UiB. Biletet er frå den internasjonale finalen i Iran i fjor. Foto: Privat

Birk Tjelmeland vann førre helg Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved UiB. Biletet er frå den internasjonale finalen i Iran i fjor. Foto: Privat

Alder. Birk Tjelmeland er fersk noregsmeister i programmering. I tillegg er han, trass sin unge alder, allereie student.

Birk Tjelmeland er 18 år og går i 3. klasse på Bergen Katedralskole. Til hausten skal han etter planen verta fulltids UiB-student. Men allereie no har han tatt eksamen i fleire informatikk-emne, òg på masternivå.

— Eg tenkte det var ein god idé å ta informatikk-fag på universitetet, og så undersøkte eg om det var mogleg. Det var det, seier han til På Høyden.

Problemløysing

— Førebels følgjer eg ikkje førelesingar, men gjer obligatoriske oppgåver og tek eksamen, fortel Tjelmeland.

Førre helg var han med i Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved Universitetet i Bergen (UiB).

Førebels følgjer eg ikkje førelesingar, men gjer obligatoriske oppgåver og tek eksamen.
Birk Tjelmeland
UiB-student

Konkurransen er for elevar i den vidaregåande skulen, og Tjelmeland gjekk heilt til topps. I fjor vart han nummer to i den same konkurransen. For to år sidan hamna han noko lenger nede på resultatlista.

— Oppgåvene gjekk ut på å laga algoritmar og implementera dei. Me skulle mellom anna finna ein god måte å summera store tal på, seier han.

— Det er rett og slett problemløysing.

Programmering er ikkje noko han har lært på skulen.

— Eg har lært det sjølv. Eg har tenkt å studera meir informatikk, men eg har førebels ikkje bestemt meg for kva andre fag eg vil ta, seier 18-åringen.

Til Japan

I slutten av april reiser han som ein del av eit landslag på seks til Stockholm for å vera med i den baltisk-nordiske olympiaden.

I september vert det uansett ein pause i studia. Då reiser Tjelmeland saman med fire andre til Japan for å vera med i ein internasjonal programmeringsfinale.

Fakta

Norsk informatikk-olympiade

29 deltagere hadde 5 timer på seg til å løse 4 oppgaver.

De seks beste deltagerene vil få representere Norge i Baltic Olympiad in Informatics i Stockholm i slutten av april.

De fire beste vil i tillegg representere Norge i International Olympiad in Informatics som holdes i Tsukuba, Japan, i september.

Kilde: Norsk informatikkolympiade