Rektor Liv Reidun Grimstvedt i Stord/Haugesund, Rasmus Stokke i Sogn og Fjordane og Ole-Gunnar Søgnen ved Høgskolen i Bergen kjem med fusjonsutgreiing til jul.

Tilsette i vest får fusjonsrapport til jul

Analyse av samanslåing av høgskulane på Vestlandet kan bli det mest spennande juleheftet i år.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Vi sit no med eit utkast til rapporten, og i går hadde vi styringsgruppemøte om han, fortel Ole-Gunnar Søgnen, som er rektor ved Høgskulen i Bergen (HiB), til På Høyden.

Saman med Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har dei tinga ei utgreiing frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og denne veka blir rapporten ferdig. Fredag kjem den endelege versjonen, og tysdag 22. desember blir han etter planen offentleg.

Deretter blir det interne prosessar i kvar av institusjonane.

— Så skal vi ha felles styreseminar 3. februar, og parallelle styremøte den 4. februar. Deretter blir det eventuelt fusjonstingingar fram mot mai, og eit eventuelt fusjonsvedtak i slutten av månaden, fortel HiB-rektoren.

Hemmeleg konklusjon

Utgreiinga inneheld etter det På Høyden kjenner til ei vurdering av kor sterkt dei tre institusjonane står i eit framtidig universitets- og høgskulelandskap, mellom anna når det gjeld nye kvalitetskriterier som vil bli innførde, og som vil gjere det vanskelegare for mindre institusjonar å halde fram aleine. Ulike modellar for framtidig samarbeid eller samanslåing blir òg vurdert for dei tre.

Søgnen vil ikkje ut med kva som er konklusjonen i NIFU-rapporten.

— Men slik eg ser det trur eg dokumentet kan bli eit viktig grunnlag for styresaka. Men det er klart at skal HiB vurdere fusjon må vi sjå det frå vår institusjon sin ståstad, seier han.

Han synest rapporten er «ganske konkret», og at han gir ei svært god oversikt over dei tre institusjonane.

Berre mindre feil

HiSF-rektor Rasmus Stokke er òg nøgd med jobben som er gjort.

NIFU har teikna eit bra bilete. Det ser ut til å vere ein grundig rapport som gir et godt grunnlag for ei avgjerd, seier Stokke.

Det er berre mindre feil å rette i utkastet, mellom anna i talgrunnlaget.

HiSF-styret har det siste møtet torsdag denne veka, og vil då bli informert om innhaldet i den mellombelse utgåva av rapporten. Deretter blir det ein prosess i organisasjonen fram mot styrehandsaminga i byrjinga av februar. Der vil òg statssekretær Bjørn Haugstad delta.

Dei tre institusjonane er samla tildelt to millionar kroner i SAKS-middel for det arbeidet som skal gjerast frå arbeidet med utgreiing starta i september til eventuelle fusjonsforhandlingar er vedtatte primo februar. NIFU får eit honorar på 500.000 kroner for rapporten.

Vil framleis gå aleine

Mens både HiB og HSH har vedtatt at dei ønskjer ein fusjon, har HiSF-styret framleis ein eigen institusjon i Sogn og Fjordane som plan A. Samanslåing er plan B, er konklusjonen frå tidlegare styrevedtak.

— Vi har ikkje gjort endringar i det tidlegare styrevedtaket enno. Så er spørsmålet om diskusjonen rundt utgreiingane kan endre dette synet. Den vil bli veldig avgjerande, seier Stokke til På Høyden.

Direktør stakk berre innom

Den mulege fusjonen har allereie fått konsekvensar ved HiB: I går blei HiB-direktør Christian Fotland (49) røysta inn som ny rådmann av kommunestyret i Os. Det skjer berre tre og ein halv månad etter at Fotland byrja i jobben.

Han har oppgitt fusjon som årsak til at han går, då han ønskjer å vere toppleiar, og ein samanslått institusjon fort kan ende opp med tilsett rektor med både fagleg og administrativt ansvar.

Ved HiB har dei ikkje vore særleg nøgde med at direktøren jobbar så kort i ei krevjande tid for høgskulen.

— Det er uheldig at han truleg går så fort. Han seier at han ikkje ser seg som ein toppleiar i den nye institusjonen, og den argumentasjonen er for så vidt gangbar. Det kan jo bli tilsett rektor i den nye institusjonen, seier Søgnen.

Fotland sluttar truleg i jobben i januar, og HiB vil truleg konstituere ein person i rolla som høgskuledirektør i eitt år.

Kan bli fusjon med berre to

Sjølv om HiSF eventuelt skulle hoppe av fusjonstoget kan det likevel bli samanslåing på Vestlandet:

— På HiB ser vi det som muleg å slå oss saman med HSH, uavhengig av HiSF, seier Søgnen.

Men HSH har tidlegare freista å slå seg saman med Universitetet i Stavanger, men dei to institusjonane blei aldri einige om korleis ein samanslått institusjon skulle bli. 

Les også: Nei til fusjon i sørvest

NIFU har teikna eit bra bilete. Det ser ut til å vere ein grundig rapport som gir et godt grunnlag for ei avgjerd.

Rasmus Stokke

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS