Feil diagnose og feil medisin frå Isaksen

Det er faktisk så ein kan lure på om kunnskapsministeren eigentleg vil legge ned alle høgskulane, skriv påtroppande rektor, Johann Roppen, ved Høgskulen i Volda i dette innlegget.

Publisert   Sist oppdatert

Kunnskapsministeren har det travelt med å slå i hop høgskulane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane – og i resten av landet. I lesarbrev og kommentarar i fleire aviser dei siste dagane har Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad stilt ein lite oppløftande diagnose på høgskulane i dei to fylka: Det blir forska for lite, høgskulane vinn ikkje nok i konkurransen om forskingsmiddel og det er for få studentar og kompetente forskarar til at utdanningane blir gode nok. Det er faktisk så ein kan lure på om kunnskapsministeren eigentleg vil legge ned alle høgskulane?

Kunnskapsministeren sin kritikk er heldigvis ikkje kunnskapsbasert. Ministeren og statssekretæren hans plukkar usystematisk fram data som støttar det dei har meint heile tida: Høgskulane bør bli større. Uansett korleis det eigentleg står til med kvaliteten.

Etter andre kvalitetskriterier scorar Høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane høgt: Volda er best i landet på gjennomføring av bachelorutdanning. Høgskolen i Ålesund er svært gode på samarbeid med det maritime næringslivet i regionen. Høgskolen i Molde har fått godkjent to ph.d.-utdanningar. Høgskulen i Sogn og Fjordane har svært nøgde studentar. Har ikkje det noko å bety? Tilsynelatande legg ikkje kunnskapsministeren særleg vekt på slike kriterier. Det er trist, for dette er informasjon som kunnskapsministeren eigentleg har full tilgang til gjennom svært detaljerte årlege rapporteringar frå høgskulane. Og står det dårleg til så bør ein vanlegvis få tid til bot og bedring. Men kunnskapsministeren har det altfor travelt.

Når det gjeld lærarutdanning har kunnskapsministeren særleg utfordra høgskulane i Sogn og Fjordane og Volda. Departementet er usikker på om høgskulane vil vere i stand til å oppfylle krava som blir stilt når lærarutdanninga blir master. Det er ikkje så lett å svare på denne kritikken – for korleis lærarutdanninga blir sjåande ut i framtida har ikkje ministeren bestemt seg for enno. Korleis kan ein då forholde seg til slike departementale mistankar?

Sikkert er det at utan at det vert gjeve lærarutdanning i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vil det bli lærarmangel og vanskeleg å halde oppe kvaliteten i grunnskulen. Lærarar som tek utdanninga si i dei store byane kjem sjeldnare tilbake til heimfylket.

Det er faktisk så ein kan lure på om Isaksen eigentleg vil legge ned alle høgskulane?

Johann Roppen
Seniorrådgivar og påtroppande rektor, Høgskulen i Volda

Også andre har peika på målforskyvinga til kunnskapsministeren. Blant anna har leiaren for Norsk Studentunion, Anders Kvernmo Langset, leita fram ei programerklæring frå Isaksen tilbake i januar 2014. Då sa Isaksen at først skulle kvalitetskriteria leggast på bordet – deretter skulle høgskulestrukturen fastsettast. Men det vart tydelegvis så vanskeleg for kunnskapsministeren å definere kvalitetskriteria at han hoppa bukk over arbeidet med å definere kvalitet og i staden gjekk rett på konklusjonen: Høgskulane må bli større.  Norsk Studentunion meiner då også at kunnskapsministeren driv eit slags NM i fusjonar, og har gløymt at det var kvalitet det skulle handle om. Eg er ikkje usamd i det.

Kritikken av kvaliteten er også merkeleg å høyre når ein veit at Kunnskapsdepartementet held seg med ein eigen etat med namnet NOKUT (Nasjonalt Organ for kvalitet i utdanningen). NOKUT har som oppgåve å overvake kvaliteten i høgare utdanning. Veit Kunnskapsdepartementet betre enn NOKUT korleis det står til med kvaliteten i høgare utdanning? NOKUT-direktør Terje Mørland har tvert i mot sagt at det ikkje er nokon automatikk i at små høgskular held dårlegare kvalitet enn store høgskular.

Det som verkeleg manglar i strukturdebatten er likevel ein analyse av om eventuelle kvalitetsproblem kan skuldast dårleg økonomi. Høgskulen i Volda er blant dei høgskulane i landet som har lågast budsjett i høve til studenttalet - men utdannar likevel flinke studentar og har høg forskingsproduksjon. Om løyvingane hadde vore på nivå med gjennomsnittet for høgskulane kunne Høgskulen i Volda vorte ein mykje tydelegare samfunnsaktør – og kanskje også hatt råd til å satse på ein risikosport som å prøve å skaffe forskingsmiddel frå EU.

Høgskulane i Møre og Romsdal har sine lokale særpreg og samarbeider tett med lokalt og regionalt arbeidsliv. Dei siste åra har høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane samarbeidd der dei kunne og konkurrert når dei må. Begge delar er lærerikt, og ei god blanding av begge delar er sunt og nødvendig. Høgskulane burde få halde fram som i dag – men gjerne med tettare samarbeid der det kan gje betre fagleg kvalitet. Fylkestinget i Møre og Romsdal sitt høgskulefond er eitt lovande tiltak som kan føre til fagleg utvikling på tvers av høgskulane. Andre stader i landet har dette gjeve spennande resultat.

Isaksens tvangsgifte av høgskular vil krevje store ressursar i samanslåingsfasen. Ein Høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vil vere samansett av fire-fem studiestader spreidd over to sundskorne fylke med store avstandar nærast uansett kva som blir fasiten. Diverre har Isaksen berre småpengar å bidra med for å dekkje meirkostnadane som følgjer av ein fusjon, anten det no blir to, tre eller fire høgskular som til slutt skal til pers. Enten innanfor Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane – eller i fusjonar mot Trondheim eller Bergen. Det blir dermed mindre ressursar til forsking og utvikling – og sannsynlegvis også dårlegare kvalitet på begge deler.

Men anna er dessverre ikkje å vente når diagnosen er stilt under tidspress, kriteria vart endra undervegs og medisinen som vart gitt var den einaste som ministeren visste om.