Rektor i Volda, Johann Roppen (t.v), rektor i Lillehammer, Kathrine Skretting og rektor i Molde Hallgeir Gammelsæter i samtale på konferanse i Universitets- og høgskolerådet.
Rektor i Volda, Johann Roppen (t.v), rektor i Lillehammer, Kathrine Skretting og rektor i Molde Hallgeir Gammelsæter i samtale på konferanse i Universitets- og høgskolerådet.

Allianse slit med plan C, D og...

Høgskulen i Volda har endeleg takka ja til fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen. Elles er det meste framleis uavklart i strukturarbeidet både i aust og vest.

Publisert   Sist oppdatert

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda vil helst ikkje snakke om fusjon, men motvillig vedgår han at lærarutdanninga i Volda har mest å hente på ein fusjon med Universitetet i Bergen og/eller Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

Men nett no er det allianse med høgskulane i Molde og Lillehammer som gjeld for voldarektoren. Plan A er å halde fram åleine, plan B er allianse i tillegg til samarbeid med Universitetet i Bergen og helst Høgskulen i Sogn og Fjordane. Plan C er meir uklart og kan hende treng han ein plan D også.

Ja til samarbeid med Bergen

Roppen har tidlegare denne veka sendt brev til Universitetet i Bergen og takka ja til invitasjon om forpliktande fagleg samarbeid. Men sistnemde, Høgskulen i Sogn og FJordane, er med på utgreiing om eit komande profesjonsuniversitet saman med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Så Roppen rir fleire hestar samstundes. Og det begynner å haste med ein plan C og kanskje D både for han og alliansepartnarane.

Problemet med allianse-modellen er at det er ein kamuflasje-strategi. 

Tor Johan Ekeland
Professor og styremedlem Høgskulen i Volda

Skulle det bli fusjonstvang så har lærar-utdanningane våre mest å hente hos Universitetet i Bergen og gjerne Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

...eg registrerer - utan dårlege assosiasjonar - at det er mykje snakk om Hedmark her.

Kathrine Skretting
Rektor, Høgskolen i Lillehammer

Eg trur at vi vil få til ein god alliansemodell og eg synest vi bør få lov til å prøve ut den.

Hallgeir Gammelsæter
Rektor, Høgskolen i Molde

Ein kamuflasjestrategi

Tilsettrepresentant og professor Tor Johan Ekeland, sa det høgt på torsdagens styremøte ved Høgskulen i Volda då dei diskuterte strukturspørsmål:

— Problemet med alliansemodellen er at det er ein kamuflasjestrategi. Det er vanskeleg å få entusiasme blant dei tilsette for ein ide som har dukka opp berre for å erstatta noko anna som vi ihvertfall ikkje vil ha, sa professoren etter at rektor Johann Roppen opna for debatt om struktur og Voldas val av vidare strategi for om muleg å unngå ein fusjon.

Sørheim skeptisk

Høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda er i gang med å gjere ferdig ein rapport om alliansemodellen som skal til departementet 8.januar og helst overtyde dei om at det er betre, eller like bra løysing, som fusjon.

Også ein av dei eksterne styrerepresentantane i Volda, Kristin Marie Sørheim, uttrykte skepsis mot det ho hadde sett og høyrt om alliansemodellen så langt.  

— Eg vonar det kjem fram nokre fleire ting som alliansen kan samarbeide om. Marknadsføring, digitalisering og kvalitetssystem var litt lite, sa ho.

Tidlegare denne veka har Roppen sendt brev til rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og takka ha til invitasjon om eit forpliktande samarbeid.  

— Vi ønskjer å være med på eit fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen, seier Roppen til Khrono. 

— For samarbeid er normalaktivitet, og ei avtale med Bergen er ikkje hemmeleg for våre andre alliansepartnarar, seier han og viser til at både Lillehammer og Molde har godt samarbeid med NTNU allereie for eksempel.

Kva viss…?

— Men kva no viss departementet meiner at alliansar og samarbeid ikkje er godt nok og krev fusjon. Kva gjer du då?

— Det er eit godt spørsmål, svarar Roppen då Khrono snakkar med han dagen før styremøtet ved høgskulen.

Rektoren fortel at han i ledige stunder teiknar flytskjema over kva som blir neste steg «viss dei seier ja», eller «dei seier nei» og «departementet gjer slik» og Profesjonsuniversitetet Vest, med Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane blir noko av. (Bildet under). 

(Foto: Per Straume, Høgskulen i Volda).

— Eg kjem stadig attende til svaret om at det beste er å halde fram aleine, seier Roppen. 

Volda har mest å hente hjå UiB 

— Men gitt at det ikkje går, kven er førstvalet å snakka med om fusjon?

— Fusjon er aldri førstevalet, seier han, men legg motvillig til: 

— Då må eg gå til alliansepartnarane, høgskulane i Molde og Lillehammer, og gjerne få med Høgskulen i Sogn og Fjordane også, seier Roppen, men legg til: 

— Lærarutdanningane i Volda blir ikkje særleg styrka av ein allianse eller fusjon med Molde og Lillehammer, så vi må uansett samarbeide med andre høgskular og universitet. Skulle det bli fusjonstvang så har lærarutdanningane våre mest å hente hos Universitetet i Bergen og gjerne Høgskulen i Sogn og Fjordane, seier Roppen.

Stor usikkerheit om neste trekk

Høgskulen i Sogn og Fjordane skal allereie 18.desember presentere ein rapport med ulike scenarier for eit Profesjonsunviersitet på Vestlandet saman med Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. Der kan også Høgskulen i Volda vere omtalt i nokre scenarier. 

Roppen la også fram det siste flytskjemaet sitt for høgskulestyret torsdag.

— Berre to trekk fram i tid, så er det stor usikkerheit og det er vanskeleg å vurdere kva som vil vere best eller korleis det kjem til å bli. Men nett no meiner eg at allianse er det sikraste, seier Roppen.

Til styret, som han drog igjennom skjemaet med, sa han at den smertefrie vegen var at departementet sa ja til allianse og at dei i tillegg får til eit fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen.

— Vi veit ikkje om dei andre alternativa vil vere smertefulle, sa han. 

Samarbeid med UiB no

Roppen har skrive brev til rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og takka ja til tettare samarbeid.

Det var i slutten av september at Olsen sendte eit «intensjonsnotat» til Roppen for å invitere Høgskulen i Volda til eit langsiktig og institusjonelt samarbeid mellom dei to institusjonane for å styrke forsking og utdanning i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Vel to månader seinare har Roppen bestemt seg: Han seier ja takk. 

«For Høgskulen i Volda har intensjonsnotatet frå Universitetet i Bergen vorte positivt teke i mot fordi brevet er så tydeleg fagleg orientert. Leiinga ved Høgskulen i Volda meiner det vil vere muleg å finne faglege baserte samarbeidsstrukturar mellom institusjonane, uavhengig av kva som blir Høgskulen i Voldas framtidige plass i den nasjonale universitets- og høgskulestrukturen», skriv Roppen i svarbrevet sitt.

Volda-rektoren har drøfta brevet både med styret, leiinga og dei fire avdelingane ved høgskulen. Olsen og Roppen har også hatt eit avklaringsmøte i november, og det er ei fyldig liste over potensielle samarbeidsprosjekt i rektor Roppens brev.  

I svara frå fagmiljøa i Volda er det, ifølge heimesida til høgskulen, nokre forventningar til eit samarbeid som blir nemnt av fleire:

  • Felles forskargrupper
  • Prosjektsamarbeid, nasjonalt og internasjonalt
  • Forskarutdanning
  • Samarbeid eller deling av toppstillingar på sentrale område

Fagmiljøa ved Høgskulen i Volda er samstundes merksame på at det er andre høgskular dei har meir til felles og større grunn til å samarbeide med, både innanfor UH Nett Vest og andre stader. 

Skretting ser til Hedmark også

Ein av alliansepartnarane til Johann Roppen, rektor Kathrine Skretting ved Høgskolen i Lillhammer, er så langt veldig nøgd med det ho meiner har vore interessante, spennande og gode samtalar og diskusjonar i alliansen.  

— Det store med alliansemodellen er at den er bygd på ei plattform med regionane og deire eiga kunnskapsbehov, seier Skretting som skal handsame rapporten frå alliansen i styremøte på Lillehammer 7.januar - dagen før rapporten skal sendast til departementet. Og så skal alliansehøgskulane i møte med departementet for muleg sensur på heimeeksamen 14.januar. 

Skretting meiner at tettare samarbeid mellom Volda og Universitetet i Bergen er heilt uproblematisk i høve alliansen. 

— Dette er vi heilt klare på i gruppa: Heile fusjonsnorge må samarbeide i mange ulike retninger. Alle fagfolk vil ønske det beste for sine kunnskapsfelt, seier ho. Sjølv er lillehammerrektoren rundt og snakkar med sine ulike einingar om dei bør fusjonere og eventuelt med kven. 

—  Mange her er opptatte av Høgskolen i Hedmark, da geografisk nærhet også er eit element, seier ho. 

— Eg har eigentleg ikkje tenkt så langt enno, men eg registrerer - utan dårlege assosiasjonar - at det er mykje snakk om Hedmark, ja, seier Skretting. 

I Molde har rektor Hallgeir Gammelsæter nyleg hatt allmøte. (Bildet under)

(Foto: Arild Johan Waagbø, Panorama).

Gammelsæter er kanskje den rektoren som har ivra mest for alliansetanken. Men han har forståing for at modellen ikkje er lett å selje inn til tilsette. 

— Det er ikkje tilsette ved høgskular og universitet som har stått i front for å få til nokre av dei strukturendringane som no meir eller mindre blir tvinga igjennom av departementet, seier molderektoren. 

— Viss alliansmodellen får nei hjå departementet, kva gjer du då? 

— Nei, då får departementet bestemme. Eg trur at vi vil få til ein god alliansemodell og eg synest vi bør få lov til å prøve ut den, seier han. 

Ifølgje plansjen frå allmøtet skal rektoren i Molde kome med framlegg til dei ulike einingane ved høgskulen rundt 1.februar. Styret skal ha strategimøte i byrjinga av mars og vil handsame strategiframlegg i møte i april eller juni.