Krav om kvalitet til høgskolar i staden for tvangsfusjonar
Fusjonar med tvang blir erstatta med krav om ein viss kvalitet til høgskolar som vil halde fram aleine. Dei konkrete krava kjem i strukturmeldinga neste veke.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Både opposisjonen og fleire høgskolar er nøgde med signal om at det ikkje blir tvangsfusjonar i universitets- og høgskolesektoren. Departementet stadfestar i dag at stortingsmeldinga om ny struktur blir lagt fram onsdag 25. mars. Ifølge NRK Sogn og Fjordane har statssekretær Bjørn Haugstad (H) allereie sagt at regjeringa ikkje vil slå saman høgskolar med tvang no.
– Vi kjem ikkje i denne stortingsmeldinga med konkrete forslag om at til dømes Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal slåast saman med andre institusjonar no, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet til NRK.
Krav om kvalitet
Sjølv om meldinga ikkje kjem til å innhalde konkrete fusjonskrav, kjem regjeringa til å lansere krav om kvalitet, som dei forventar at høgskolane skal innfri.
– Når vi legg fram slike kriterium, ligg det i korta at vi ønskjer å bruke dei saman med dei høgskolane som er i grenseland for om dei er robuste nok til å vere aleine, seier Haugstad. I praksis kan det bety at dei enkelte skolane som har stått lengst på sitt sjølvstende og vil halde fram aleine, slik som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Østfold til eksempel, likevel vil måtte finne seg ein fusjonspartnar etter kvart viss dei ikkje oppfyller dei gitte kriteria.
Når vi legg fram slike kriterium, ligg det i korta at vi ønsker å bruke dei saman med dei høgskolane som er i grenseland for om dei er robuste nok til å vere aleine.
Bjørn Haugstad (H)
– Vi kjem nok ikkje til å la det vere heilt opp til høgskolane sjølve å vurdere om kriteria blir innfridde. Men det oppfølgingsarbeidet vil vi skildre tydelegare i stortingsmeldinga, så det får vi nesten vente med til ho kjem, seier statssekretæren til NRK.
Sektoren vil kjenne seg igjen
Khrono har forsøkt å finne ut kva slags kvalitetskriterium det er snakk om, og får til svar frå departementet at dei ikkje vil gå ut med desse før meldinga blir lagt fram. Men «det vil vere kriteria som sektoren vil kjenne seg igjen i». Og då er det vel ikkje utenkeleg at det kan handle om krav til forsking og publisering, mellom anna.
(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er blant dei som har stritta mest imot fusjon med andre høgskolar og universitet. Rektor Åse Løkeland (biletet over) er ifølge NRK ikkje overraska over at regjeringa har kome til den konklusjonen dei har gjort når det gjeld tvangssamanslåing.
– Nei, vi har jo sett at det er ein del motførestillingar mot tvangsfusjon, og no er det vel og slik at stortingsfleirtalet også er imot tvangssamanslåing, seier ho. Også Trond Giske (Ap), leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, meiner at regjeringa ikkje hadde noko anna val.
— Å basere seg på frivilligheit er ei fornuftig tilnærming, seier han.
Også Regjeringa sine to støtteparti, KrF og Venstre, er nøgde med at tvangen er lagt bort.
Samarbeid høgskole/universitet
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har gått inn i eit nærare samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen for om mogleg å unngå fusjon, også på sikt.
Startskotet gjekk i forrige veke då dei tre institusjonane blei samde om å samarbeide om administrasjon, felles forskingsrådgiving for å få tak meir EU-forskingspengar, og om den nye femårige lærarutdanninga, som skal starte opp i 2017.
– Dette er veldig bra, fordi for HiSF er det krevjande om vi skal tilsette til dømes eigne EU-rådgivarar og tryggleiksvakter, seier Løkeland til NRK Sogn og Fjordane.
UiB-rektor: Verknadsfullt samarbeid
Samarbeidet er ei direkte oppfølging av HiSF-styret sitt subsidiære vedtak i februar om å arbeide for «ein tettare integrasjon» mellom vestlandsinstitusjonane, med UiB i førarsetet.
Også rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen vil ha samarbeid heller enn fusjon.
— For å løyse desse flokene kan eit tett samarbeid vere like verknadsfullt som ein fusjon. Vi har barka laus på nettopp det regjeringa har spurt etter – kvaliteten på utdanning og forsking. Så får vi til dette samarbeidet, har vi langt på veg fylt opp pliktene våre, seier Olsen til NRK.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!