FusjonJohann RoppenRasmus StokkeLiv Reidun GrimstvedtMøte på Terminus Foto: Tor Farstad

Høgt spel i Volda

Nokon som hugsar barne-tv «Rädda Joppe! Död eller levande!»? Her er det freistande å bytte ut Joppe med rektor Roppen i Volda. Treng ikkje han nokre gode hjelparar som kan redda han no, eller har han ikkje rota seg bort?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Rädda Joppe! Död eller levande!» var svensk barne-tv frå midten av 1980-talet som handla om Ola og kosedyret hans, moldvarpen Joppe. Gang på gang havna Joppe i trøbbel, Ola slog alarm og god hjelparar rykka ut for å redde Joppe - «död eller levande».

For oss som har den behagelege posisjonen det er å sitte på sidelinja og sjå på hendingar på avstand, er det mykje interessant å følgje med på i universitets- og høgskolesektoren om dagen. Ikkje minst på Vestlandet og i Innlandet skjer det spennande ting. 

Det er interessant å sjå kor ulikt dei tidlegare såkalla alliansehøgskolane agerer etter at statsråd Isaksen sa nei til ein laus, om enn forpliktande, allianse mellom høgskolane i Volda, Lillehammer og Molde. Bodskapen frå departementet var at ein allianse ikkje var styringsdyktig nok og ikkje ville bidra nok til å styrke t.d. lærarutdanninga i Volda. 

Denne veka har dei aller tre, og fleire til, styreseminar og nokre har også felles seminar. Felles for alle er at dei skal ta viktige avgjerder for framtidig struktur og mogelege fusjonar/samanslåingar. 

Rektor ved Høgskolen i Lillehammer, Kathrine Skretting, har vald å greie ut fusjon med Høgskolen i Hedmark. Sistnemnde har fått signal frå toppen i departementet om at dei kan halde fram aleine, men både Hedmark-rektor Anna Ottosen og Skretting i Lillehammer meiner at de to vil stå altfor svakt aleine - at dei vil bli for små i høve til konkurransen frå alle dei store rundt. Begge to har også på sikt ønske om å bli universitet og det kan dei i tilfelle berre få til saman. Ei utgreiing vil no kome sjølv om det ikkje er gitt at eit nytt Innlandsuniversitet vil sjå dagens lys etter at ideen om det forrige stranda i 2012. 

Kvifor er det ingen som ropar: <<Rädda
Roppen!>> 

Tove Lie

Rektor Hallgeir Gammelsæter i Molde skulle nok meir enn gjerne heldt fram aleine, men no har både styret ved høgskolen og ei undersøking blant studentar og tilsette gjort det klart at han må finne seg ein fusjonspartnar. Men spørsmålet er om nokon vil ha han. Gunnar Bovim på NTNU øvst på ønskelista og  Handelshøgskolen (NHH) i Bergen som nr.2. Sjølv om Gammelsæter nyleg sa på eit debattmøte at Bovim og NTNU ikkje har lukka døra til Molde, så er det ikkje lett å finne stor entusiasme korkje hjå NTNU eller NHH for å få Molde med på fusjonslaget. 

— Det har ikkje vore aktuelt for oss å fusjonere med nokon som driv med sjukepleiarutdanning. Men logistikkmiljøet i Molde har eit betydeleg omfang, og det er respektert også utanfor Molde, seier NHH-rektor Frøystein Gjesdal til På Høyden. Så kan hende kan NTNU og NHH dele Høgskolen i Molde imellom seg sjølv om dette ikkje er nokon ønskesituasjon for Molde?

Men han som ikkje følgjer straumen og som no vil gå heilt sine eigne vegar er rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda. Det er ikkje lenge sidan direktøren i Volda skreiv i styrepapira (til eit møte 24.februar) at dei måtte vurdera å hoppe på  tre tog samstundes: Eit utvida samarbeid med Universitetet i Bergen, fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane eller å bli ein del av Vestlandshøgskulen (med høgskolane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane). 

No er det ei anna låt i pipa: Rektor Roppen snur ryggen til den fusjonerte høgskolen på Vestlandet, sjølv om Høgskulen i Sogn og Fjordane gjerne skulle sett at dei blei med. Det ser ikkje ut som om han vil gifta seg med nokon, men prøve å halde fram aleine. Det er jo dette han har villa heile tida og han blei vald til rektor på ei sjølvstendelinje.

— Eg har ikkje den opplevinga at institusjonen står i fare for å miste akkrediteringa for grunnskolelærarutdanninga, seier Roppen til På Høyden.

I sin eigen blogg skriv han at «ein eventuell fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane er alternativet til sjølvstende som er minst trugande for sjølvstende og regional orientering». Men Sogn og Fjordane har allereie sagt at dei vil forhandla fusjon inn i Vestlandshøgskulen. Så Roppen kan risikera å bli ståande att på perrongen medan alle tre toga fér forbi. 

Kan hende gjer han lurt i det. Kan hende kan han lukkast. Kan hende vil ha få til det han aller mest ønskjer: Å stå aleine. Kan hende blir han unntaket som stadfester regelen om at alle høgskolane skal bli store. Eller kan hende rotar han seg bort? Treng han ikkje nokre gode hjelparar?

Kvifor er det ingen som ropar: «Rädda Roppen! Död eller levande!» Det er tyst. Også frå departementet. For dei er det viktigare å redde fusjonen for Vestlandshøgskulen utan at nokon trekker i naudbremsen. Volda trur dei kan klare å tilfredsstilla dei nye og høgare krava til ein lærarmaster. Det er lett å heie på dei små mot dei store, ihvertfall for oss som ikkje meiner at stort nødvendigvis er best. 

Og JoppeHan hadde bestandig ein god hjelpar som kom og redda han - kvar einaste gong han rota seg bort. Det er ikkje lett å sjå at Roppen har det same nett no. Men han kan jo kanskje klare seg sjølv. Han driv eit høgt spel i Volda. Dersom det blir ei Vestlandshøgskule så har jo departementet allereie «redda» ei lærarutdanning på Vestlandet. 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS