Per i dag har Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen planar om eit samarbeid som lovar godt, meiner statsråd Torbjørn Røe Isaksen.
Per i dag har Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen planar om eit samarbeid som lovar godt, meiner statsråd Torbjørn Røe Isaksen.

Isaksen ser ikkje bort ifrå eitt samla Vestlandsuniversitet

Statsråd Isaksen er nøgd med at tre høgskular på Vestlandet skal forhandle om fusjon. På sikt synes han at eitt felles universitet på Vestlandet er ein spennenade tanke.

Publisert   Sist oppdatert

Torsdag gjorde høgskulane på Vestlandet tre vedtak som kan kome til å bli historiske. Alle sa dei «ja» til å fortsette samtalar som på sikt kan føre dei inn ein stor-fusjon - til i første omgang ei stor profesjonshøgskule, på sikt eit profesjonsuniversitet på Vestlandet.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er nøgd.

Tillit til styra

Først ut med eit fusjons-vedtak var Høgskulen i Sogn og Fjordane. Mot dei to studentane sine stemmer fekk styret mandatet dei ønska. Deretter kom ja-vedtaket frå Høgskolen Stord/Haugsesund. Også styret ved Høgskolen i Bergen ga tommel opp.

— Det er klare vedtak frå Høgskolen Stord/Haugesund, samt eit vedtak som legg til rette for ein vidare prosess for Sogn og Fjordane. Eg har tillit til at styra handterer dette vidare på ein god måte, seier Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.

– Sogn og Fjordane hadde først ei innstilling til vedtak som var klarare enn det som blei ordlyden til slutt: At de vil gjere «sonderingar om forhandlingar». Nokre ved HiB såg på dette som eit steg tilbake. Kva tenkjer du om at HiSF er så forsiktige?

– Er det ein ting denne prosessen har lært meg, så er det at det er viktig med gode prosessar. Og ein må  involvere så mange som mogleg. Eg meiner styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane oppsummerte det godt: Dei gjekk inn i denne prosessen med meir uro enn håp. No er det snudd.

– Aldri massiv motstand mot fusjon

-- Har du eit djuptliggjande ønske om at UiB og vestlands-høgskulen skal bli éin institusjon i løpet av nokre år?

– Det er ein spennande tanke. Eg er ein pragmatisk politikar, og eg tek eit steg av gongen.

Torbjørn Røe Isaksen
Kunnskapsminister (H)

– Styret ved HiSF har ikkje lagt skjul på at heile fusjonen er eit toppstyrt initiativ, og at dersom ikkje Kunnskapsdepartementet hadde kome med nye krav som fordra fusjon, hadde dei heldt fram aleine. Dette vedtaket har altså meir preg av plikt enn av lyst. Er dét eit godt utgangspunkt for vidare samhandling?

– Det er ingen grunn til å framstille det slik. Eg har full tillit til styreleiar, når han seier det har vore ein god prosess i forkant av det positive vedtaket, og at styret har organisasjonen bak seg.

– I Sogn og Fjordane har både tilsette ved høgskulen, leiinga, studentar, media vore klare på at dei meiner seg best tent med sjølvstendelinja. Det same var det styret, men i løpet av det siste halvåret har dei snudd. Med så mykje motstand i botn:  Har du tru på at HiSF vil bli ein god fusjonspartnar?

– Biletet har aldri vore så svartkvitt som det du malar no. Det har aldri vore ein massiv motstand mot fusjon, heller ikkje i det politiske miljøet. Fleire institusjonar, inkludert HiSF, har hatt ein modningsprosess. Dei ser no at mange slår seg saman, og at kartet har endra seg. Vi har valt å bruke god tid, og vi trur at gode samanslåingar kjem når ein har hatt gode prosessar i forkant.

Kvar går Volda? 

Høgskulen i Volda hadde lenge ein plan om å finne seg allierte, framfor fusjonspartnarar. Denne veka kom brevet frå KD som knuste alliansedraumen. No er det uvisst i kva retning Volda vil orientere seg.

– Høgskulen i Volda står etter allianseavslaget endå lenger unna ein fusjon enn HiSF. Har dei ei lærarutdanning i 2018 viss dei ikkje slår seg saman med nokon?

– Det kan eg ikkje seie noko om no. Men det eg kan seie noko om, er at lærarutdanningane er sikrare i ein større institusjon enn viss dei står aleine. Vel dei å stå aleine, vil vi sjølvsagt gje draghjelp for å bygge opp lærarutdanninga.

– Naturleg at UiB og ny høgskule samarbeider tett

– Høgskulane i Bergen og i Sogn og Fjordane har vore tydelege på at dei gjerne vil ha Universitetet i Bergen med i ein storfusjon, eventuelt i form av eit tett samarbeid. Kvar i denne kabalen hadde du helst sett at UiB plasserte seg?

– Per i dag har Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen planar om eit samarbeid som lovar godt. Rektor Dag Rune Olsen har skrive godt om korleis han og UiB vil ta i mot ein ny institusjon. Det er naturleg at UiB og ein ny profesjonshøgskule samarbeider tett, særleg med tanke på å bygge ein regional profil. Men eg har ikkje noko vegkart for korleis samarbeidet skal vere.

– Har du eit djuptliggjande ønske om at UiB og vestlandshøgskulen skal bli éin institusjon i løpet av nokre år?

– Det er ein spennande tanke. Eg er ein pragmatisk politikar, og eg tek eit steg av gongen.