Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne leidde Erna Solberg opp den raude løparen til opninga av den nye høgskulen sist veke. Foto: Christian Blom, På Høyden
Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne leidde Erna Solberg opp den raude løparen til opninga av den nye høgskulen sist veke. Foto: Christian Blom, På Høyden

Solberg gir ein svak «A» til Røe Isaksen

Statsministeren gir karakteren A til statsråd Isaksen for samanslåing av høgskular. I dag kjem ho til kunnskapsministerens konferanse om kvalitet.

Publisert   Sist oppdatert

Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, (På Høyden):Statsminister Erna Solberg er begeistra over kva kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har fått til på Vestlandet – og i resten av landet når det gjeld fusjonar og ny struktur i universitets- og høgskulesektoren. Tysdag 17.januar får vi høyre kva ho meiner om kvalitetsarbeidet som er sett igang av den same Isaksen.

– Torbjørn har fått til ei fantastisk endring. Og det har vore ei stille reform, sa Solberg til På Høyden etter opninga av Høgskulen på Vestlandet (HVL) sist veke.

Toppkarakter

Ho meiner at innsatsen til kunnskapsministeren i alle fall må gi ein karakter mellom fem og seks, og omsett gjerne karakteren til dagens standard for høgare utdanning:

– Dette er heilt klart ein A, ein litt svak A, meinte regjeringssjefen.

Torbjørn har fått til ei fantastisk endring. Og det har vore ein stille reform.

Erna Solberg
Statsminister

Dei politiske og vedtaka er gjort, og vi kan senke skuldrene i Kunnskaps-departementet. Men jobben ved institusjonane er ikkje ferdig.

Bjørn Haugstad
Statssekretær i KD

– Men kan du garantere at dette òg vil vere bra for campusane på stader som Førde og Sogndal om fem år og femten år?

– Eg er ikkje i tvil om at dette er bra for Sogn og Fjordane, sa Solberg.

Men fusjonen må følgjast opp med hardt arbeid, meinte ho:  

– Ein må til dømes ha fokus på område som desentralisert undervisning, og å utvikle nisjene ein er gode på.

Ho er og nøgd med at Røe Isaksen og hans statssekretær Bjørn Haugstad har fått til reforma utan bruk av tvang. I alle fall ikkje direkte tvang, vil nok ein del rektorar og styremedlemmar i sektoren seie.

Mest ven med HVL?

Men Liv Signe Navarsete deler ikkje vurderinga av Høgre-politikken, skal vi tru facebook-oppdateringa der ho forklarer kvifor ho måtte utebli frå opninga av Høgskulen på Vestlandet denne veka. Erna Solberg sto for snorklippinga i Sogndal, ikkje langt frå heimbygda til Navarsete, Lærdal. Og Navarsete nyttar gjerne høvet til å markere kven ho meiner gjer mest for Høgskulen på Vestlandet:  

«I dag fekk eg melding om at eg var sterkt sakna på opninga av den nye Vestlandshøgskulen i Sogndal. (Spesielt frå Høgre-folka..)Eg sit i Utanriks og forsvarskomiteen og når både forsvars- og utanriksministeren kom til Stortinget for å greie ut om Afghanistan og NOUen som er lagt fram, var det min jobb å vera der. Eg hadde også fire saker til handsaming i salen den dagen. Kva gjeld Høgskulen har eg ikkje dårleg samvit. Så langt har eg gjennom mine år i Oslo fått gjennomført fleire viktige vedtak for utvikling av skuletilbod, bygg og studentvelferd ved Høgskulen enn Erna Solberg så langt har vunne å rive ned! Lukke til med Vestlandshøgskulen, eg skal arbeide for best mogleg tilbod også i framtida!»

Dermed er Høgskulen på Vestlandet sikra gode vener i minst to politiske parti i framtida.

– Samanslåing ikkje målet

Under opninga av Høgskulen på Vestlandet (HVL) var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Bergen, mens mannen mange har sett på som arkitekten bak heile reforma, eventuelt innpiskaren, Bjørn Haugstad, var i Haugesund.

– Viss du ser tre og eit halvt år tilbake i tid, så har vi fått slått saman veldig mange institusjonar, og som sjefen sa på scena frå Bergen, målet har ikkje vore å slå saman, men det har vore eit verkemiddel for å få sterkare universitet og høgskular, som kan gje betre studietilbod, betre forsking, og betre samarbeid med lokalt næringsliv, og så vidare. Eg synest me har kome veldig langt.

Må få ut gevinsten

Sjølv om ein ny struktur er klar, gjenstår mykje av jobben:

– Dei politiske vedtaka er gjort, og vi kan senke skuldrene i Kunnskapsdepartementet. Men jobben ved institusjonane er ikkje ferdig. Det er mykje som skal gjerast dei næraste åra for å få ut gevinsten. Så dette er eit langsiktig løp, seier Haugstad til På Høyden.

– Kva med høgskulane i Østfold, Volda og Molde, som framleis står aleine?

– Østfold har køyrd ein grundig og god prosess, og konkludert med at dei står støtt aleine. Det er vi einige i. I Volda og Molde har dei hatt litt andre prosessar, men gode prosessar der også. I Volda tenker dei at dei står støtt på eigne bein. Vi har nok vore litt meir urolege, men vi aksepterer det. Det kan henda at det er ein nisje for ein mindre, veldig skarpt profilert høgskule, om dei er villige til å ta nokre krevjande val, seier Haugstad.

Gøymer pisken

For den siste høgskulen er situasjonen litt annleis, men pisken er uansett sett tilbake i verkemiddelskapet til Kunnskapsdepartementet.

– I Molde må vi framleis avvente, fordi det verkar som om styret og omgjevnadane er ganske urolege for kor klokt det er å stå aleine. Men dei har kome seint i gong. Så det er ikkje umiddelbart enkelt å sjå kven dei skal slå seg saman med, der får vi vente å sjå. Vi kjem ikkje til å tvinga nokon av desse tre til å slå seg saman.

– Valår spelar ikkje inn

– Spelar det inn at det er valår på dette punktet?

– No synest eg ikkje at vi har hatt veldig god support frå Ap undervegs, men vi ser at når endringane er på plass, er dei raskt på bana og seier at dette har dei eigentleg vore for heile tida. Eg oppfattar at dette er breitt politisk forankra. Men det er også fordi vi har fått det til utan at det har spissa seg til for mykje. Men det er faktisk ikkje valår eller ikkje som gjer at vi no lettar presset, men det er meir at vi synest vi har gjort mykje for sektoren, og dei som står att aleine, dei har valt det sjølve.

Kunsthøgskulane neste?

Men det er framleis meir å slå saman for dei som vil. Dei kreative høgskulane i Oslo er i ein prosess saman, mens Kunst- og designhøgskolen i Bergen har blitt ein del av Universitetet i Bergen.

– Dei andre kreative høgskulane i Oslo har ein felles prosess. Vi håper dei kjem fram til noko spennande, men vi avventar kva dei landar på.

– Kva med å legga dei under eit fakultet ved UiO?

– Det må dei sjølv finna ut av i så fall. Eg sa vel på opninga i Bergen at det er fint viss Austlandet ser til Bergen og bruker det til inspirasjon, men inspirasjonen må dei finna sjølv. Vi kjem ikkje til å pressa dei saman, sa Haugstad.