Koronatesting
Stor pågang for koronabrakka på Blindern
No skal testtilbodet styrkast for studentar og tilsette i Oslo.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fleire studentar og tilsette stod i kø og venta på å ta koronatest i den nyoppsette testbrakka på Fredrikkeplassen ved Universitetet i Oslo (UiO) denne torsdagen.
Sidan brakka vart sett i drift onsdag kl 12, og allereie sidan dagen før har det kima i telefonen.
— Vi fylte opp onsdagens liste ganske tidleg på dagen tysdag, og også i dag har det fylt seg opp raskt. Vi set opp to studentar eller tilsette kvart femte minutt og har fulle lister, seier seksjonsoverlege Anders Sandvei ved SiO Helse til Khrono.
Skal auke testkapasiteten
Teststasjonen ved Blindern er sett opp som eit supplement til dei kommunale tenestene, og er tenkt som eit lågterskeltilbod til studentar og tilsette ved alle dei 27 institusjonane som er tilknytt Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) som mistenker at dei kan vere smitta av covid-19.
Per i dag er det slik at kvar enkelt må ringe SiO for å sette opp ein time. Men SiO jobbar med ei digital løysing som dei håper er på plass neste veke, der kvar enkelt sjølv kan bestille tid på nett.
Det skjer etter at styresmaktene endra testkriteria og opna for at alle som sjølv mistenker at dei kan vere smitta, får teste seg ut frå eige skjønn.
— Vi skal også oppskalere tilbodet og få ein bubil som kan køyre rundt der studentane er, enten på studentbustadane til SiO eller på campus til dei ulike andre institusjonane, seier Sandvei.
Gir honnør til SiO for tilbodet
Khrono møtte blant andre to studentar som fann tilbodet kjærkome.
Ola Eidet, som går lektorprogrammet i nordisk ved UiO, hadde ringt koronatelefonen i Oslo dagen før og fått time for testing laurdag denne veka.
— Difor må eg gi SiO honnør for å sette opp denne teststasjonen, kor eg fekk kome å teste meg dagen etter eg ringde inn, seier Eidet til Khrono.
Han var der for å teste seg etter å ha fått beskjed om at ein kompis hadde testa positivt. Sjølv var han litt sår i halsen og hadde vore litt redusert nokre dagar i forvegen, men hadde sjølv tenkt at det var på grunn av allergi.
Droppa fadderveka
Også Kaia Marie Strøm, som går tredje året på bachelor i programmering og systemarkitektur, var oppgitt over koronatelefonen i Oslo. Ho var glad for å raskt og enkelt kunne få testa seg på campus.
— Eg kjende eg vart litt tørr i halsen og tett i nasen utover søndagskvelden som var, fortel Strøm til Khrono.
Sjølv er ho frå Rakkestad, like ved Indre Østfold kommune, som har hatt fleire koronautbrot den siste tida. Ho tvilar på at ho kan ha blitt smitta der, men ville ta ein test for å vere sikker.
— Eg skulle jo eigentleg vere fadder, men varsla på mandag at eg måtte stå over. Sidan har eg isolert meg i leiligheita, som eg trur eg har vaska ned heile tre gonger, seier Strøm med eit smil.
— Testar så mange som mogleg
Seksjonsoverlege Sandvei oppmodar alle som mistenker at dei kan vere smitta, om å kome for å teste seg.
— Om studentane eller dei tilsette sjølv mistenker at dei har sjukdommen, så testar vi så mange som mogleg så langt vi har kapasitet. Det kan vere at dei har luftvegssymptom, eller at dei har vore på ei utlandsreise, eller at dei i løpet av dei siste ti dagane har vore på ein fest eller arrangement kor ein eller fleire er stadfesta smitta, seier Sandvei.
Det er jo fadderveke i desse dagar, det er varmt og fint vêr, fleire kan vere ute seint med lite kle på. Nokre tek seg kanskje eit kveldsbad.
Så kan ein vakne dagen etter med litt sår hals, kanskje litt tett i nasa.
— Mange vil jo tenke at det knyt seg til at ein var ute då det var kjølig kvelden før eller ein hadde bada og det kanskje var litt vind. Skal dei likevel kome å teste seg?
— Jada, eg tenker at folk ikkje skal sitte åleine heime og gruble på det. Har du luftvegssymptom, kjenner du deg forkjøla, så er det berre å kome å ta ein test, seier Sandvei.
Vil gjere det lettare å teste seg
Han har likevel forståing for at fleire kan bli forvirra, etter at terskelen for testing har blitt mykje lågare og etter meldingar om at mange unge kan ha så milde symptom at dei sjølv ikkje veit at dei smittar andre.
— Men så skal du på eit arrangement akkurat den dagen, du ønskjer så gjerne å bli kjent med nye folk, men veit at dersom du testar deg den dagen, så må du sitte inne på hybelen og vente på svar.
— Eg forstår det dilemmaet veldig godt. Men om du mistenker at du har covid-19, så bør du ikkje reise på den festen eller arrangementet. Det forstår eg er trasig for dei nye studentane, det er ei periode kor det er viktig å vere sosial og bli kjent med nye folk. Det er ei tøff tid for studentane, og det gjer at vi vil gjere det lettare for dei å teste seg, slik at dei får avklart det etter 1-2 dagar, seier Sandvei.
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut