Stølen og UiO signerte samarbeidsavtale

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

UHR - konferanse. Svein Stølen

UiO-rektor Svein Stølen og leiarar frå seks andre europeiske universitet har skrive under på at dei skal samarbeida om framtidas utdanningstilbod. Dette melder Uniforum. Det var Tøyen hovedgård som var ramma rundt underskriftsseremonien der sju europeiske universitetsleiarar var på plass måndag 9. desember. Alle deltar i det europeiske universitetssamarbeidet Circle U. No er samarbeidet også formelt i orden.

I februar skal dei sju i universitetsalliansen Circle U senda inn ein felles søknad om å få status som European University. Alliansen vert leia av Universitetet i Oslo, som har med seg University of Paris, Aarhus Universitet, UC Louvain i Belgia, University of Belgrade, Humboldt-universitetet i Berlin og King's College London. Det europeiske universitetsinitiativet skal bidra til fred og auka konkurransekraft for Europa.

(Joar Hystad / Khrono)

Powered by Labrador CMS