fagskular
Sterk vekst i nettbasert utdanning, men berre halvparten fullfører
Andelen studentar som følger nettbasert undervisning auka til 60 prosent, står det i Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning.
Det har vore stor auke i talet på studentar i yrkesfagleg utdanning dei siste åra. Sidan 2018 har talet auka med om lag 70 prosent. I 2022 var det 28 000 studentar i sektoren, og over 10 000 vart uteksaminerte, står det i ei pressemelding frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Dei lanserte torsdag Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning med oppdaterte tal for 2022.
— Positivt
— Det er positivt at veksten og utviklinga i sektoren fortset. Det er også positivt at studiepoengproduksjonen har gått såpass opp. Det er fint at rapporten viser det same inntrykket vi har, seier Thea Tuset, leiar av Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter (ONF).
Thea Tuset har vore aktiv i ONF sidan 2018. Dei registrerer at fleire studentar tek kontakt og at dei får meir merksemd når de formidlar bodskapen til andre. Tuset ser også at den politiske satsinga på fagskulane har sete sektoren på kartet.
Direktør Sveinung Skule i HK-dir er også nøgd med tilstanden.
– Tala viser at sektoren har klart å ta unna den store auken i studieplassmidlar. Trass dette er fullføringsgraden lågare enn tidlegare. Dette kan vere ein etterverknad av pandemien. Utviklinga i åra som kjem vil gje oss svar på dette, seier Skule.
Om lag 70 prosent av studentane tek utdanninga på deltid.
Kraftig auke i skulepengar
ONF er imidlertid bekymra for for at det er så kraftig auke i skulepengar.
— Det er ei negativ og urettferdig utvikling og noko må gjerast med finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning, seier Tuset.
I tilstandsrapporten kjem det fram at summen innbetalt av studentar i 2022 låg på 39,9 millionar kroner mot 23, 7 mill. i 2021. Nesten ei fordobling.
Tuset peikar på at finansieringa av sektoren blir sentral i den komande stortingsmeldinga om høgare yrkesfagleg utdanning.
— Finansieringssystemet må endrast slik at gratisprinsippet blir innført i sektoren, og at finansieringa vert meir rettferdig, berekraftig og føreseieleg, poengterer ONF-leiaren.
Fleire tek helse- og velferdsfag
Tradisjonelt har stadbasert undervisning vore dominerande, men i 2020 hadde tilhøvet mellom stadbasert og nettbasert undervisning (med eller utan samlingar) vorte halvt om halvt.
– I 2022 har andelen studentar som følger nettbasert undervisning med eller utan samlingar auka til 60 prosent. Det er altså innan dei nettbaserte utdanningsformene at veksten har kome dei siste åra, seier Sveinung Skule.
Tekniske fag har flest studentar, deretter helse og velferd og økonomi og administrasjon.
I helse- og velferdsfaga har veksten i talet på studentar vore på 52 prosent sidan 2018. I dag er det 6500 registrerte studentar på desse faga.
– Sett i lys av dei demografiske endringane og mangelen på arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, er det positivt at talet på studentar på helse og velferdsfag aukar, seier Sveinung Skule.
Andelen som fullfører på normert tid går noko ned i høve til tidlegare år, står det i pressemeldinga. Tala for 2022 viser ein fullføringsgrad på 61 prosent mot 63 prosent for 2021.
– Det er særleg i helse- og velferdsfaga at vi ser utfordringar med fullføring på normert tid. Vi ser òg at stadbasert undervisning har høgast fullføringsgrad på normert tid, seier Skule.
Ber om nasjonalt studentombod
Studentane med nettbasert undervisning har lågast fullføringsgrad på normert tid, berre halvparten av desse fullførte på normert tid i 2022.
— Eg trur dette i hovudsak handlar om at det er ekstra krevjande å vere student på nett, seier ONF-leiar Thea Tuset.
— Studentar på deltid har ofte jobb ved sidan av. Da er det snakk om kor mykje tid dei har gjennom arbeidsdagen. Dei har kanskje ansvar for barn, familie og økonomi og kanskje må dei ta på seg ekstravakter, alt dette gjer det vanskeleg. Tid og økonomi er kanskje hovudutfordringa.
Eit viktig krav for Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter (ONF) er å få på plass eit nasjonalt studentombod. I Hurdalsplattformen lova regjeringa å innføre ei slik ordning, men førebels har ikkje noko skjedd. Tuset fortel at 1 av 10 ikkje har tilgang på studentombod, og løysinga fagskulane tilbyr er så ymse.
— Vi i ONF håper vi får eit nasjonalt studentombod snart. Det vil vere med å heve kvaliteten i sektoren.