Kortnytt

Stengjer idrettshall i Bergen

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I løpet av helga har meir enn tjue nye NHH-studentar fått påvist koronasmitte. Det totale talet er per måndag føremiddag 39.

No stengjer studentsamskipnaden Sammen Lehmkuhlhallen, som er ein idrettshall som ikkje ligg så langt unna NHH. Idrettshallen, med mellom anna klatrevegg og styrkerom, vil i første omgang verta stengt måndag og tysdag, opplyser kommunikasjonsdirektør Marita Monsen. I tillegg vil ein kaffibar på NHH verta stengt.

Studentforeininga NHHS har stengt ned både lokale og aktivitetar i ti dagar, skriv NHH sjølv på sine nettsider.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS