Styremøte

Statusrapport for forsking: Nord universitet henger etter dei andre «nye» universiteta

Vekst i vitskapeleg publisering er lyspunktet i statusrapporten, som blir lagt fram for styret.

Prorektor for forsking, Ketil Eiane, har fortsatt mykje å jobbe med for å få Nord universitet opp til nivået på andre norske universitet på fleire område.
Publisert

Styret ved Nord universitet bestilte i 2020 ein årleg statusrapport over korleis forskinga ved universitetet utviklar seg. Rapporten for 2021 blir lagt fram på styremøtet i Bodø onsdag viser ei positiv utvikling på fleire område. Samstundes har Nord universitet ein veg å gå for å komme på nivå med dei andre «nye» universiteta i Noreg, om ein skal dømme etter dei såkalla styringsparametrane som vurderinga baserer seg på.

Følg styremøtet direkte på Teams HER

Nords utvikling sidan 2016 er særleg svak når det gjeld ekstern finansiering, samanlikna med andre universitet. Rapporten konkluderer med at det bør setjast i verk «fleire strategiske tiltak» for å auke inntektene.

Låge eksterne inntekter

Sjølv om universitetet hadde ein oppgang i talet på avlagde doktorgradar i 2021 – 28 mot 10 året før – er talet likevel lågt. Berre ved Universitetet i Søraust-Noreg er talet lågare.

Når det gjeld talet på ph.d.-kandidatar som gjennomfører innan seks år har Nord hatt vesentleg nedgang. Medan i snitt 71,6 prosent gjennomførte innan seks år i 2018, 2019 og 2020, er talet for 2021 nede i 57, 1 prosent.

Forskingstilstanden, målt etter publiseringspoeng per faglege årsverk er lyspunktet i rapporten: I 2021 har Nord hatt ein sterk vekst på 17 prosent i vitskapelege publiseringar. Dette er den neste høgaste auken blant alle norske universitet.

Blant kriteria statusrapporten bygger på, er graden av tildelingar frå EUs rammeprogram og andre bidrags- og oppdragsinntekter. Nords tildeling frå EU har hatt ein svak auke (11 prosent) siste året, og sidan 2016 har auken vore på heile 160 prosent. Men «samanlikna med resten av sektoren er likevel Nords tildeling frå EU framleis låg», står det i rapporten. «Tilsvarande ligg UiT og UiS på høvesvis kr. 25.079 og kr. 15.336 per fagleg årsverk, medan UiO ligg på heile kr. 60.645».

Likeins kan Nord notere ein oppgang i andre bidrags- og oppdragsinntekter per fagleg årsverk frå 2020 til 2021. Men perioden 2016-2021 under eitt viser ein nedgang på over 20 prosent. Nord ligg godt under gjennomsnittet i sektoren.

Nesna på kartet

På sakskartet til Nord-styrets møte i Bodø står også ei anna oppsummering av status: Nesna. Etter gode søkartal til utdanningane, dreier utfordringane seg no i større grad om å sikre lærekreftene. I løpet av mai skal eit arbeid fullførast med å reversere oppseiingar som vart gjort i samband med den planlagde nedlegginga av studiestaden. Universitetet ha også tilsett ein leiar i full stilling som skal leie utviklingsprosjektet av Nesna.

Ein kongeleg resolusjon slo i april fast at det skal vere høgare utdanningstilbod på Nesna. Det betyr i praksis at tilbodet ikkje kan leggast ned av Nord universitet, utan at vedtak blir fatta i statsråd.

Powered by Labrador CMS