arkitektur

Statsbygg seier nei til arkitekt­konkurranse for NTNU-bygg

Landets største arkitektutdanning skal inn i bygget. Men arkitektar skal ikkje vera med på å bestemma korleis bygget skal sjå ut.

Campussamlingprosjektet til NTNU er eit svært stort prosjekt. Først ut er nytt senter for kunst, arkitektur, musikk og design, kalla KAMD-senteret.
Campussamlingprosjektet til NTNU er eit svært stort prosjekt. Først ut er nytt senter for kunst, arkitektur, musikk og design, kalla KAMD-senteret.
Publisert Oppdatert

Formannskapet i Trondheim har sagt ja, og no er spørsmålet stilt i Stortinget. Men Statsbygg har ingen planar om å lysa ut arkitektkonkurranse når NTNU sitt nye senter for kunst, arkitektur, musikk og design skal byggast. Det skaper debatt, og saka har vore omtala både i Adresseavisen, Universitetsavisa, Morgenbladet og Arkitektnytt.

— Det er særleg ironisk at dei sier nei til konkurranse akkurat for dette senteret. Den største arkitektutdanninga i Noreg skal inn her. Eg er overtydd om at det vert betre kvalitet med konkurranse, og det er viktig for fagmiljøet som skal bruka senteret, sier Erling Moe til Adresseavisen.

Venstrepolitikaren fremja forslag i formannskapet i Trondheim om at Statsbygg skal vurdera konkurranse på nytt. Dette vart einstemmig vedteke.

Statsbygg: Tek for lang tid

Statsbygg seier ein arkitektkonkurranse vil ta for lang tid.

— Med den framdriftsplanen som er for heile campusprosjektet ville det vorte ein for stor risiko å setja i gang med ein så omfattande konkurranse no, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Arkitektnytt.

Mellom Studentersamfundet og det gamle trehusområdet i Grensen skal Statsbygg bygga 30 000 kvadratmeter for NTNU. Første byggetrinn skal skje frå Studentersamfundet og oppover mot Gløshaugen.

— Dette er kulturmiljø som er viktig nasjonalt. Det er viktig at dette vert bra både for universitetet og byen. Det er ei kompleks oppgåve, og me må bruka heile verktøykassen. Det er ikkje nok å berre koma med eitt forslag og seia at sånn vert det.

Det seier professor i arkitektur ved NTNU, Geir Brendeland, til Adressa. Brendeland meiner at Statsbygg ikkje forstår oppgåva si.

— Det er utruleg arrogant og vitnar om dårleg rolleforståing, seier Brendeland.

Skuffa dekan

Også dekan Marianne Skjulhaug ved Fakultet for arkitektur og design ved NTNU reagerer. Ho viser til at Rambøll og C.F Møller Architects i 2020 signerte ein avtale om om programmering og prosjekteringstenester til campussamlingsprosjektet. Skjulhaug mener at det i Doffin-utlysningen frå 2020 ligg i korta at det skal koma fleire konkurransar på delområde av prosjektet.

— Det er me sjølvsagt skuffa over. Det låg ei forventning her som Statsbygg sjølv har etablert.

Skjulhaug seier at det har vore dialog med Statsbygg om å få til konkurranse. Norske arkitekter landsforbund har òg vore inne i saka.

— Men det har dessverre ikkje ført fram, seier Skjulhaug.

Vil ha minister på bana

Siste ord i saka er neppe sagt. Ola Elvestuen (V) har nemleg no levert skriftleg spørsmål i Stortinget til kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp). Førebels ventar han på svar.

— Området mellom Studentersamfundet og Gløshaugen er eit av dei viktigaste områda i landet. Klart me må ha arkitektkonkurranse for å finna dei beste løysingane når me skal få nybygg til å passa saman med dei gamle, seier Elvestuen til Adressa.

— Statsbygg er staten. Det er vår reiskap for korleis me skal bygga. Her kan statsråden gi tydeleg beskjed for å sikra eit nybygg til Trondheim og landet som gjer området endå viktigare, meir attraktivt og betre.

Powered by Labrador CMS