Rektor på UiB Dag Rune Olsen (i midten). Universitetet i Bergen sender studenter til senteret i St. Petersburg for trolig siste gang i år. Arkvifoto: Skjalg Bøhmer Vold

Prøver å finne nytt tilbod til russiskstudentane

Russland. — Det er eit stort tap om studiesenteret i St. Petersburg vert lagt ned, seier instituttleiar Åse Johnsen. No jobbar UiB med å finna eit nytt tilbod til sine russiskstudentar.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidlegare denne veka meldte Uniforum at styret for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg har vedteke at drifta ved senteret skal leggast ned. Reint formelt er det rektorane frå dei fire eigarinstitusjonane, UiB, UiO, NTNU og UiT, som må fatta eit endeleg vedtak om avvikling, skriv På Høyden.

Tilrådinga frå senterstyret kom som lyn frå klar himmel for Åse Johnsen. Ho er instituttleiar ved Institutt for framandspråk ved UiB.

— Me har hatt tett kontakt med senterleiinga og med styreleiar Arne Bugge Amundsen om det praktiske kring kurs i St. Petersburg no i vår. Men at det var snakk om å avvikla senteret, var nytt for meg, seier Johnsen.

Lånekassen godkjenner ikkje

Før jul vart ni norske studentar kasta ut av russiske styresmakter. Universitetssenteret er ikkje godkjent av Lånekassen som undervisningsinstitusjon i utlandet, og studentane har difor ikkje kunne fått støtte til kursa. Reint praktisk har studentane difor vore knytt til eit russisk universitet, som har skrive ut visuminvitasjonar. Det russiske universitetet har òg stått for undervisinga, men denne har skjedd ved senteret. Det var dette russiske styresmakter reagerte på i fjor.

Me har brukt mykje tid på å finna ut om det er trygt å senda studentar til kurs i byen no i vår.

Åse Johnsen

— Me har brukt mykje tid på å finna ut om det er trygt å senda studentar til kurs i byen no i vår. Det har me vorte forsikra om at det skal vera, seier Johnsen.

Men det kan altså vera siste gongen norske studentar kan ta kurs på universitetssenteret i St. Petersburg.

— Det vil vera eit stort tap. Allereie på 100-nivå har russiskstudentar fått moglegheit til å ta kurs i Russland. Fire av språkfaga våre, russisk, tysk, fransk og engelsk, har moglegheit til å nytta universitetssenter for å gi studentane språktrening. For eit fag som russisk, der studentane ikkje har kunnskapar om språket før dei byrjar å studera det, er det ekstra viktig å få prøva seg i eit russisk miljø, seier Johnsen.

Berre ordinær utveksling?

Margje Post er førsteamanuensis i russisk språk, og ho er òg fagkoordinator. Saman med russiskmiljøet ved UiO og UiT er ho i gang med å leita etter alternativ for studentane.

— Men det vert vanskeleg å finna eit tilsvarande tilbod. Det er mange russiske universitet som tilbyr kurs, men ikkje slike skreddarsydde kurs som universitetssenteret har kunna tilby, med lærarar som òg kan norsk.

Johnsen seier at fleire av studentane ved instituttet reiser på ordinær utveksling i tillegg til å ta kurs i St. Petersburg. No er det kanskje berre ordinær utveksling som vil verta tilbodet.

Infrastruktur?

For eit par år sidan vart det laga ein rapport om utanlandssentra. Konklusjonen den gongen var at ingen skulle avviklast – då. Men for Aten og St. Petersburg vart det sagt at situasjonen burde vurderast på nytt om eitt år – altså i 2017.

— Det viser seg at det er ein del utfordringar med utanlandssentra, seier prorektor Margareth Hagen.

Ho var tidlegare dekan ved Det humanistiske fakultetet og leia arbeidsgruppa som såg på organiseringa av dei europeiske universitetssentra.

— Nokre av sentra vart etablert for lenge sidan, til dels før ein fekk Erasmus-ordninga for utveksling.

— Dersom senteret i St. Petersburg vert lagt ned, vil det vera starten på slutten for desse sentra?

— Kvart senter har si historie. Eg ønskjer at me skal sjå på dei med eit analytisk, evaluerande blikk. Spørsmålet er om sentra er beste strategi for å styrka internasjonalt samarbeid, om funksjonen dei har ikkje kan dekkast like godt på andre vis. Kanskje skal ein heller forstå nokre av dei som ein del av infrastrukturen for fagmiljøa, seier Hagen.

Ho seier ho håpar og trur det vil la seg gjera å finna andre gode bilaterale avtalar som gjer at russisk-studentar framleis kan få tilbod om kurs i Russland.

Fakta

Det norske universitetssenteret i St. Petersburg

Det norske universitetssenter i St. Petersburg er åpent for forsknings- og undervisningsaktiviteter innen alle vitenskapelige fagfelt.

Undervisningen som senteret tilrettelegger for, utgjør en integrert del av opplæringen i russisk språk, kultur og litteratur ved de norske universitetene.

Senteret eies og finansieres av NTNU og Universitetene i Bergen, Oslo og Tromsø i fellesskap.

grunn av at senteret administreres av Universitetet i Oslo på vegne av fellesskapet, må det etter russisk lov være registrert som et representasjonskontor for Universitetet i Oslo.

Styret anbefalte tidligere i år å stenge senteret.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS