Språkdebatt på Litteraturhsuet mellom (f.v.) instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen, prosjektleiar Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014, seksjonssjef Daniel Ims frå Språkrådet og Venstreleiar Trine Skei Grande.
Språkdebatt på Litteraturhsuet mellom (f.v.) instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen, prosjektleiar Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014, seksjonssjef Daniel Ims frå Språkrådet og Venstreleiar Trine Skei Grande.

Vil ha ny finansiering av språksamlingane

Universitetet i Oslo skal bli verdsleiande og har ikkje råd til å ta seg av dei norske språksamlingane lenger. Trine Skei Grande foreslår ny finansiering av samlingane.

Publisert Oppdatert

Det var i ein debatt på Litteraturhuset om lagnaden til språksamlingane til Universitetet i Oslo, Venstre-leiaren kom med sitt forslag til løysing. I dag er opptil 50 prosent av budsjettet til Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO knytt til pengar dei får på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming dei har av studentar. Ein annan del av finansieringa er pengar instituttet får på grunnlag av publiseringspoeng, det såkalla teljekantsystemet.

Vil ha kulturministeren i tale

Trine Skei Grande tykte den rette løysinga vil vera å innføra eit eige finansieringssystem for språksamlingane og musea, som ikkje er avhengige av overføringar på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming det er av studentar.  

– Det lovar eg å ta opp i ein munnleg spørjetime med kulturminister Thorhild Widvey i oktober, sa ho.

Over 70 personar møtte opp på debatten i Litteraturhuset, der også prosjektleiar Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014, seksjonssjef Daniel Ims frå Språkrådet og instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO, deltok.

Me må prioritera hardt for at Universitetet i Oslo skal bli eit verdsleiande   universitet.

Kristian Emil Kristoffersen

 Språk=samlingane er endå viktigare i dag enn for 40 år sidan.

Åse Wetås

Det har aldri vore så mange som har lært seg norsk som i dag.

Trine Skei Grande

– Hard prioritering

Kristian Emil Kristoffersen forsvarte avgjerda til instituttstyret om at instituttet ikkje lenger kan ta ansvaret for språksamlingane.

– Me må prioritera hardt for at me skal kunna nå målet til universitetsleiinga om at Universitetet i Oslo skal bli eit verdsleiande universitet. Då skal me bli det også i teori og metode. Me måtte difor ta opp til vurdering om me skulle forvalta slike ordforvaltningsoppgåver. Me kan nemleg berre ha aktivitetar som står i samsvar med økonomien vår. Det var grunnen til at fleirtalet i instituttstyret stemte for at ILN ikkje lenger kunne ta ansvaret for språksamlingane, men rådde til at eksterne institusjonar kunne overta samlingane, forklarte Kristoffersen.

– Forskinga på språksamlingane er annleis enn mykje av den andre forskinga, men den held ikkje dårleg kvalitet, presiserte han.

– Samlingane kan få plass i Språkbanken, som Nasjonalbiblioteket held på å etablera, la han til.

– Dei vitskaplege ordsamlingane er grunnlaget

Prosjektdirektør Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014 var ikkje einig med instituttleiaren i hans vurdering av språksamlingane.

– Ordbøkene, altså Nynorskordboka og Bokmålsordboka er av stor verdi, men dei vitskaplege ordsamlingane er grunnlaget, og der har me også norrønt språk og stadnamna.

Det var eit stortingsvedtak som avgjorde at språksamlingane og Norsk leksikografisk institutt som husa dei, blei lagde til Universitetet i Oslo i 1972.

— I dag er Noreg eit språkkomplekst samfunn. Språksamlingane er difor endå viktigare i dag enn for 40 år sidan. Universitets- og høgskulelova slår også fast at universiteta kan vera vertskap for store samlingar eller kunnskapsbankar, poengterte ho.

–Tar ikkje vare på språksamlingane

Språkrådets assisterande direktør Daniel Ims syntest at det er ein tendens til at universiteta fråskriv seg ansvaret for språk.

– Me har sett gjennom mange år at universiteta ikkje lenger vil ta vare på språksamlingane sine, sjølv om Stortinget ynskjer at dei gjer det, understreka han. Samtidig tok han til orde for at det må skje ei digitalisering av dei første banda av Norsk Ordbok.

– Nynorskordboka og Bokmålsordboka er avhengige av den same digitale infrastrukturen som språksamlingane. Difor vil Språkrådet at det blir etablert eit eige dokumentasjonssenter for norsk språk, gjerne ved eit universitet, sa han.

– Eit danna samfunn har små fag

Venstre-leiar Trine Skei Grande la inn eit godt ord for ordninga med senter for framifrå forsking og satsinga på forskingsmiljø som kan bli mellom verdas beste.

– Men Noreg treng også folk som kan latin, italiensk og dei som kan ta vare på vårt eige språk. Dessutan treng universiteta både små og store fagmiljø, og me må laga eit system som sikrar at alle fagmiljøa får pengar. Om ikkje UiO vil ha språksamlingane, får me få andre universitet til å overta dei. Det er fornuftig med små fag på universitetet. På den måten kan me kalla oss for eit danna samfunn. I dag ha me nok ingeniørar etter at det var mangel på dei ei stund. No treng Noreg fleire norsklektorar. Det fortalde fylkesråd for utdanning i Troms meg nyleg, sa Skei Grande.

– Etter at Noreg er blitt eit fleirkulturelt og fleirspråkleg samfunn, har det aldri vore så mange som har lært seg norsk som i dag, la ho til.

– Uheldig

Den einaste gongen det var teikn til litt temperatur i debatten, var då Språkrådets Daniel Ims beklaga seg over framgangsmåten til Institutt for lingvistiske og nordiske studium i denne saka.

– Me synest det er uheldig at instituttet kjem med sitt vedtak midt i den prosessen som er i gang med forhandlingar mellom UiO, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet om språksamlingane, tykte Ims. Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen syntest måten instituttet hadde gått fram på, var heilt grei.

– Det må koma pengar til slike nøkkeloppgåver. Me har prøvd å finna løysingar for å finna plass til språksamlingane på UiO. Då ikkje det gjekk, måtte me berre gjera det vedtaket som instituttstyret til slutt gjorde, med stort fleirtal, peika han på.

 – Betre med to søyler enn med ei

Også instituttleiar Johan Myking frå systerinstituttet ved Universitetet i Bergen var til stades under debatten.

– Sjølv om det var sterke krefter på mitt institutt som først lanserte ideen om å flytta språksamlingane til Universitetet i Bergen, meiner eg at det aller beste er at dei blir verande på Universitetet i Oslo. For vårt språkmiljø er det best at dei har eit liknande språkmiljø også ein annan stad i landet. Det er betre at dette spesielle språkmiljøet kviler på to søyler enn berre på ei, meinte han.

Det var Oslo Mållag som arrangerte debatten, som altså samla fullt møtelokale i Litteraturhuset i Oslo.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS