livsvitskapsbygget
Sparetiltak på do gjekk i vasken for Statsbygg
Statsbygg ville spare kostnader i Livsvitskapsbygget ved ikkje å setje opp heildekkande vegger mellom båsane på unisex-toaletta. Då blei det bråk.

Livsvitskapsbygget i Oslo kjem til å kosta over 12 milliardar kroner totalt, og allereie før arbeidet på tomta var skikkeleg i gang, kom meldingane om den første kostnadssprekken. I juni heitte det i sakspapira til styremøte i Helse Sørøst at det framleis er «en generelt stor kostnadsusikkerhet i prosjektet».
I sommar skreiv Aftenposten at Statsbygg skulle sjå på korleis dei kunne unngå ein endå større auke i kostnader. Eit av forslaga var å gjera noko med utforminga av toaletta i bygget.
Totalt skal det koma omlag 210 toalett i Livsvitskapsbygget.
Mest unisex
Dei fleste toaletta skal byggast som unisex-toalett, og slik altså brukast av både tilsette og studentar av alle kjønn.
Forslaget frå Statsbygg var at det skulle vera spanske dører mellom båsane, det vil seie dører som ikkje går heilt frå golv til tak.
Dette vert det no ikkje noko av, skriv Uniforum.
Uroa for filming
— Å kunne gå på toalettet med integritet og verdigheit er ein menneskerett, seier hovudverneombod ved Universitetet i Oslo, Hege Lynne, til avisa.
Ho seier at det ikkje var mykje pengar å spara på å ha slike skiljeveggar mellom toaletta.
Saka vart først drøfta på møte i informasjons- og drøftingsutvalet tidleg i oktober. Der åtvara Lynne mot låge skiljeveggar, og sa mellom anna at det har vore tilfelle der nokon har filma over slike veggar.
Innspela hennar fekk støtte frå fagforeiningane, og forslaget om spanske dører er no fjerna frå kuttlista.
Nyeste artikler
Studentbarnehager kan bli nedlagt. For få barn av studenter
Trump-rapport avslørt som juks
En debatt om prioriteringer
Rangeringen av 21.000 universiteter er klar. Sjekk status for de norske her
Døde på tur i regi av Nord universitet. Saken henlagt
Mest lest
Opprykk tilbake til start
Ex.phil. på fusketoppen. Så mange ble tatt for juks
Luksusstudentene på Harvard
USA vil kontrollere sosiale medier til gjesteforskere og studenter for å gi visum
Hadde «fuskelapp» på pulten. Sa hun fant den i søpla og ble frikjent