Kortnytt

Sosiologi-lektor tildelt pris ved HVL

Publisert Oppdatert

Høgskulelektor Irina Pavlova er tildelt utdanningskvalitetsprisen 2020 ved Høgskulen på Vestlandet.

Pavlova får prisen for sitt arbeid med å innføre obligatorisk praksis i disiplinfaget sosiologi, skriv høgskulen i ei pressemelding.

Pavlova si innføring av obligatorisk praksis har vekt oppsikt nasjonalt, og ho har med det synlegggjort HVL i profesjons- og arbeidslivsretting, skriv høgskulen i meldinga.
Pavlova si innføring av obligatorisk praksis har vekt oppsikt nasjonalt, og ho har med det synlegggjort HVL i profesjons- og arbeidslivsretting, skriv høgskulen i meldinga.

Pavlova er emneansvarleg for praksisemnet «Arbeidslivsretta sosiologi», og det er særleg i dette faget ho har vist sine kreative og organisatoriske evner, ifølgje nominasjonen.

Den vart sendt inn av kollegaer og studentar ved Institutt for samfunnsvitskap, som blant anna la vekt på hennar pedagogiske metoder. Ho dramatiserar blant anna sosiologiske problemstillingar der ho trekker inn studentane som skodespelarar i rollespel.

Prisen er på 75.000 kroner.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS