smitte

Smitte i studentbustad i Tromsø

Ein av dei smitta studentane i Tromsø bur i studentbustad saman med fleire andre. Dei siste dagane har fem studentar og tilsette ved UiT fått påvist covid-19.

Det er smitte i studentmiljøet i Tromsø.

Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT) held til i to byar der det for tida er mykje korona-smitte: Tromsø og Hammerfest.

I Tromsø har fem personar knytt til UiT fått påvist smitte den siste veka, fire av dei studentar. I tillegg er fleire frivillige ved studentpuben Driv smitta.

Ein av dei smitta bur i ein av Noregs Arktiske Studentsamskipnad sine bustader. Det skriv Nordlys.

15 deler kjøken

Samskipnaden sin kommunikasjonssjef, Sarah Yttermo Reibo, seier at studenten er flytta til kommunen sine isolasjonsbustader.

— Nærkontaktar bur òg i studentbustad. Dei er varsla og testa, seier Reibo.

Opp til 15 studentar deler kjøken, og Reibo seier at dei er rekna som ein husstand - og slik òg nærkontaktar dersom nokon får påvist covid-19.

Opnar campus i Hammerfest for nokre få

I Tromsø er nesten alle dei siste tilfella knytt til miljøet på Studentsamfunnet Driv. Det kom fram i ei pressemelding frå Tromsø kommune torsdag.

— Me ser på det som skjedde der som ei massesmitte-hending, seier smittevernoverlege Trond Brattland i ei pressemelding.

Tromsø har så langt ikkje innført lokale koronatiltak. Det har ein gjort i Hammerfest. Smitten der har vart heilt sidan like etter 17.mai, og det er ungdomsmiljøet som særleg har vore råka. UiT sin campus er stengt, men frå 7.juni kjem studentar som har behov for å førebu seg til eksamen og for å gjennomføra eksamen på campus til å få tilgang. Andre studentar og tilsette skal framleis jobba heimefrå, heiter det i ei melding på UiT sine nettsider.

Powered by Labrador CMS