korona

Smitte i studentbarnehage i Bergen

To barn har fått påvist covid-19 og fire avdelingar er i karantene. Også UiB melder om ytterlegare ein student som er smitta.

Barnehagen der det er påvist smitte er knytt til studentbyen på Fantoft i Bergen.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert)

Tysdag kveld fekk eit barn i Fantoft Gård barnehage i Bergen påvist covid-19. Dette skriv Bergens Tidende.

Onsdag ettermiddag får Khrono opplyst at ytterlegare eit barn sannsynlegvis er smitta ved same barnehage.

Barnehagen er ein studentbarnehage og er driven av studentsamskipnaden Sammen. Frå tysdag av vart barn og tilsette ved tre av dei seks avdelingane i sett karantene.

No opplyser samskipnaden at borna og dei tilsette ved ytterlegare ei avdeling er sett i karantene.

— Det betyr at fire avdelinger med totalt 49 barn og 15 ansatte er i karantene, opplyser kommunikasjonsdirektør Marita Monsen i Sammen til Khrono onsdag ettermiddag.

Fleire skal testa seg

Monsen fortel at fleire andre i barnehagen no skal testa seg.

— Har dette tilfellet samanheng med koronautbrotet blant studentar i Bergen?

— Det veit me ikkje, smittevernkontoret driv no med smittesporing, seier Monsen.

Onsdag ettermiddag opplyser smittevernoverlege i Bergen, Karina Koller Løland, at ingen fleire så langt er påvist smitta.

— Men fleire vil bli testa, seier Løland til Khrono.

24 smitta ved høgskulen

Som Khrono har skrive, er det eit koronautbrot blant studentar i Bergen.

Flest studentar ved Høgskulen på Vestlandet er smitta, der er talet no 24, skriv Forskerforum.

Også Universitetet i Bergen og NHH har hatt smitte påvist blant studentar, og tysdag kom meldinga om at også to BI-studentar er smitta.

Dei smitta ved HVL høyrer i hovudsak til i same faddergruppe.

Byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer, har sagt at han er kritisk til tidleg skjenkestopp, fordi han meiner det fører til fleire heimefestar.

Ein ny student smitta ved UiB

Onsdag ettermiddag melder Universitetet i Bergen at dei har fått stadfesta at ytterlegare ein student som har vore tilstades på undervisning dei siste vekene, er smitta av covid-19.

Studenten studerer ved Det juridiske fakultet, og er sett i karantene, opplyser universitetet i ei melding.

Studentar som har vore i same undervisningssituasjon er varsla og blir anbefalt å gå i karantene.

Smittevernoverlege Karina Koller Løland seier til Khrono at det per no er 32 studentar som har fått påvist covid-19.

— Vi ser på dette som eit utbrot. Studentane som er stadfesta smitta ved BI kan også knytast til dei andre studentane som er smitta, seier Løland.

Ho opplyser at fleire av dei som i det siste har fått påvist smitte har vore nærkontakter til studentar som tidlegare har fått påvist smitte og dermed har sete i karantene.

(Oppdatert 26.08 kl. 16.28 med opplysningar om at eit barn til er smitta ved barnehagen)

Powered by Labrador CMS