nasjonal deleksamen
Slik jobba dei for å få ned strykprosenten
Nokre av studentane som seier at dei har grua seg til matematikken, vel matematikk som fag, seier universitetslektor Mette Nilssen.

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) sine lærarstudentar i Harstad gjer det svært godt på nasjonal deleksamen i matematikk. Eksamenen, som plar ha høg strykprosent — sjølv om det har gått noko betre i år — er noko mange matematikkstudentar gruar seg til. Men i Harstad var det berre to av 17 som ikkje bestod.
Det var hausten 2022 at UiT starta eit nett- og samlingsbasert grunnskulelærarutdanningstilbod i Harstad. No er studentane ferdige med andre studieår, og har altså gjennomført den nasjonale eksamenen.
— Dette skuleåret har me brukt fire heile dagar på fysiske samlingar til matematikk og ti halve digitale, seier universitetslektor Mette Nilssen.
Ho er ein av to som har hatt ansvar for matematikkundervisninga i Harstad.
Nilssen seier at faglærarane i alle fag det vert undervist i i Harstad har vore samkøyrde, og at dei har jobba mykje med klasseromskulturen.
— Det gjer at studentane torer å gjera feil i matematikk.
Tett oppfølging
I tillegg til at studentane i Harstad gjer det bra, er dei òg nøgde. Det viser mellom anna Studiebarometeret. Studiet kjem heilt på topp blant norske grunnskulelærarutdanningar når ein ser på kor nøgde studentane totalt sett er med utdanninga.
— Handlar dei gode resultata noko om kva type studentar de har?
— Det gjer truleg dels det, seier Kari-Anne Sæther, som er fagansvarleg for grunnskulelærarutdanning 1—7 ved UiT.
— Mange av desse studentane er vaksne, og ein del av dei jobbar eller har jobba i skulen. Me veit at nokre av dei har tenkt at «no kjem tilbodet om utdanning, no får eg sjansen».
Det er ikkje berre rein matematikk, men matematikkdidaktikk, studentane vert testa i. Det betyr at dei skal forklara og illustrera, ikkje berre rekna.
— På digitale samlingar nyttar me eit verktøy som heiter class notebook. Her samarbeider studentane i grupper på tre, og me som er faglærarar følgja med på korleis studentane reknar; korleis dei tenkjer, argumenterer og korleis dei fører bevis. Me kan gi dei tilbakemeldingar undervegs i prosessen, og etter samlingar får dei sjekk forståinga oppgåver der me kan sjekka kva dei har forstått, seier Mette Nilssen.
— Me har studentar som seier at dei har grua seg til matematikkfaget. Men så ser me at det er nettopp dei som vel matematikk som fag vidare.
Legg vekt på relasjonar
I samband med studiebarometeret sa Kari-Anne Sæther at faglærarane på tvers av fag har samarbeidd tett om å både planlegga og utvikla undervisninga i Harstad.
— Me er ganske sikre på at det at me er så samkøyrde, gjer utdanninga både betre og meir heilskapleg for studentane, sa ho.
Det er det same Sæther trekkjer fram når ho skal forklara gode matematikkresultat.
— Når me har dei fysiske samlingane, legg me vekt på å skapa gode relasjonar. Studentane skal samhandla, og dei skal læra saman.
Sidan studiet er nett- og samlingsbasert, er det obligatorisk digital undervisning kvar veke. Studentane får òg konkrete oppgåver som å ta med tre spørsmål dei sit att med etter å ha lese pensum.
Gode resultat òg på campus
Nokut-direktør Kristin Vinje sa i samband med offentleggjeringa av dei nasjonale tala i juni at snittkarakteren har gått opp på den nasjonale deleksamenen i matematikk.
— Det er grunn til å tru at betre resultat heng saman med institusjonane sitt eige arbeid med å styrka opplæringa, sa Vinje då.
Ved UiT har òg studentane på campus i Tromsø eit godt resultat på den nasjonale eksamenen. Her er strykprosenten 11,1.
I Tromsø er det studentar på grunnskulelærarutdanning 5—10 som har teke eksamen, og totalt sett er strykprosenten for denne gruppa lågare enn for 1—7. Men Tromsø gjer det nest best, berre slått av Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.
— Studiet i Tromsø er på campus, og annleis lagt opp enn det i Harstad. Men ein jobbar godt ved matematikkseksjonen ho oss. Heile lærarutdanninga er didaktisk orientert, men fokus på skulerelevans og på korleis elevane tenkjer, seier Sæther.
Nyeste artikler
Over 90 professorer er oppsagt for «umoralsk oppførsel» i Russland
Skippertak: Den nye pedagogikken
Vi må tenke nytt om læring og kompetanse for fremtidens arbeidsliv
Det er pedagogikk som er limet i lærerutdanninga
Disse landene trekker størst andel av sine publiserte artikler
Mest lest
Kathrine Sund-Henriksen (1980 — 2025)
Flere tusen forskere krever oppgjør med Elon Musk
Torstein kom inn på lærerstudiet med 2 i norsk, Endre kom inn med 2 i matte
Her får du mer penger om du er fagorganisert. Slik gikk det i lønnsoppgjøret
Forskere mistenker systematisk fusk ved 14 universiteter