kunstig intelligens
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Professor Anne Lise Fimreite spurde ChatGPT om tips til relevant litteratur. Ei av bøkene på lista var skriven av nettopp Fimreite. Det var berre eitt problem: Boka finst ikkje.
— Dette er ei bok eg kunne, og kanskje burde, skrive, seier Anne Lise Fimreite.
Professoren ved Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen brukar ChatGPT ein god del i undervisninga. Da ho skulle testa kva tips ho kunne få fekk til relevant litteratur i samband med læreboka ho skriv om offentleg forvaltning, fekk ho seg ei overrasking.
— Eg spurde om litteratur om bruk av styringsverkemiddel, fortel Fimreite.
Eitt av forslaga var «Kommunal organisering og styring» frå 2020, av Anne Lise Fimreite og Svein Erik Hagen. Boka går ifølgje ChatGPT mellom anna gjennom norske kommunereformer og «gir en grundig gjennomgang av hvordan norske kommuner er organisert og styrt».
Men boka finst ikkje.
Tok med til førelesingssalen
— Det første eg gjorde, var å ta ein skjermdump av forslaget og ta det med til førelesingssalen, seier Fimreite.
Ho viser ofte studentane kva kunstig intelligens seier om eit tema, kva den tilrådde litteraturen seier — og så drøftar ho det saman med studentane.
— Dette litteratursøket mitt viser kor utfordrande det kan vera å bruka ChatGPT. Ein ting er litteratursøk. Då vil ein jo kjapt finna ut om noko stemmer eller ikkje. Men det er mykje verre dersom ein til dømes stolar blindt på det ein finn og brukar det i ein bibliografi, seier Fimreite.
— Tull og gjetting
Khrono har tidlegare skrive fleire saker om studentar som har vorte tekne for å bruka ChatGPT på eksamen. Det er der Fimreite òg vil kunne sjå at studentar stolar på kunstig intelligens, trur ho.
— Mykje av den informasjonen ein får ut av ChatGPT, er nok rett. Men det er all grunn til å åtvara mot bruk, for kunnskapsproduksjonen vert veldig omtrentleg. Det vil eg ofte kunne sjå når eg sensurerer heimeeksamen og andre typar oppgåver, seier ho.
«Bare tull og gjetting», skreiv ho på si eiga Facebook-side om det overraskande bokforslaget ho sjølv fekk i dialogen med ChatGPT. Samstundes må ein finna ein fornuftig måte å bruka slike verktøy på ved norske universitet, meiner professoren.
Professor skreiv ikkje novelle
Også ved Nord universitet har ein professor fått æra for ein forfattarskap han ikkje skulle hatt. Hallvard Kjelen er litteraturprofessor, og saman med kona Berit Oksfjellelv gav han for nokre år sidan ut ei novellesamling.
— Eg vart kontakta av ein kjenning som sit i kommunestyret i heimkommunen min, og fekk beskjed om at no kunne eg kryssa av på bucket-lista at eg hadde vorte sitert i ei kommunal konsekvensutgreiing, seier Kjelen til Khrono og humrar.
Eit utdrag frå ein tekst som skulle vera frå denne novellesamlinga var nemleg sitert i utgreiinga. Problemet var berre at verken Kjelen eller kona kunne hugsa å ha skrive teksten. Oksfjellelv mistenkte at det var kunstig intelligens som stod bak, seier ho til Norsk forfattersentrum. Og det var slik det var.
– For sikkerheits skuld gjekk me likevel inn på pc-ane våre og søkte etter teksten. Ein kan jo ha hatt ein dårleg dag… Heldigvis kunne me konkludera med at nei, så ille er det ikkje stelt med oss.
Kjelen seier at kunstig intelligens er noko han diskuterer i stadig større grad med studentane sine. Han legg ikkje skjul på at han er skeptisk.
— Kunstig intelligens er ein pratmakar, og skal tilfredsstilla den som spør. Det er med andre ord ingen grunn til å ta det som kjem for god fisk, seier professoren.
— Her er det nok ein stakkars konsulent som har gått fem på.