Her er NTNU-student Sebastian Mevatne og studiekameratene på obligatorisk studietur som de måtte betale for ved NTNU i fjor sommer. Foto: Jacob Emil Larsen

Isaksen og gratisprinsippet

I si tolking av gratisprinsippet let Kunnskapsdepartementet til å endre innhaldet frå «gratisprinsipp» til «gratisalternativ». Og det under dekke av å verne prinsippet i seg sjølv, skriv Sindre R. Dueland.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Førre veke kunne ein lese i Khrono om ei brevveksling mellom Høgre på Stortinget og Høgre i Kunnskapsdepartementet. I grunn svarar Isaksen akkurat det same som departementet har svart til institusjonane i fleire år: ein studietur som er obligatorisk skal vere gratis.

Så langt er det ikkje noko å bekymre seg for, om svaret hadde stoppa der. Men både departementet og Isaksen ynskjer å presisere at det er mogleg å ta betalt for frivillige studieturar når det finst eit «fagleg tilfredsstillande alternativ» som er gratis. Og der hola både ministeren og departementet ut gratisprinsippet.

Det er stor skilnad på eit fagleg likeverdig alternativ og eit fagleg tilfredsstillande alternativ. Det departementet gjer er i røynda å leggje opp til ei fagleg klassedeling der dei som har råd får den beste utdanninga. Slik skal ikkje gratisprinsippet vere.

Då Stortinget i 2005 lovfesta gratisprinsippet la dei stor vekt på å fjerne ein kvar tvil om dette var eit prinsipp eller ikkje. Då lovforslaget vart sendt frå departementet var det me kjenner som gratisprinsippet føreslått som ein hovudregel. Det var komiteen på Stortinget som stadfesta gratisprinsippet som prinsipp, då dei endra lovteksten. Dei var og nøye med å presisere kor viktig gratisprinsippet er i høgare utdanning i Noreg.

Når departementet og ministeren no tolkar innhaldet i gratisprinsippet hoppar dei bukk over kva Stortinget sjølv meinte innhaldet i prinsippet skulle vere. Det er ikkje berre ein trugsel mot gratisprinsippet, men ein overtramp av dei rettar Stortinget har bestemt at studentane skal ha.

Det departementet gjer er i røynda å leggje opp til ei fagleg klassedeling der dei som har råd får den beste utdanninga. Slik skal ikkje gratisprinsippet
vere.

Sindre R. Dueland

Gratisprinsippet slik Stortinget har fastsett det er ikkje eit alternativ. Det er eit grunnleggjande prinsipp for høgare utdanning i Noreg. Studentane på statlege universitet og høgskular i Noreg har rett på eit gratis utdanningstilbod som ikkje berre er fagleg «tilfredsstillande» men som er det fremste institusjonen kan tilby. Då er det ikkje rom for å krevje betaling for eit tilbod som er betre enn det institusjonen skal tilby gratis.

Som student har ein rett på å sleppe eigenbetaling for undervisninga. Om institusjonen legg opp til betalte studieturar eller liknande skal dei i fylgje lova ha eit fagleg likeverdig alternativ som ikkje kostar pengar. Eit dårlegare alternativ er ikkje godt nok.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS