høgskulen i volda

Skal tilsetja ny mediedekan i Volda

Førre gong takka kandidaten nei. No prøver Høgskulen i Volda for andre gong å få tilsett ny dekan ved Avdeling for mediefag.

Mykje folk samla då dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø besøkte Avdeling for mediefag i august 2019 for å gi klarsignal til nytt bygg. Allereie då var det endringar i leiinga ved avdelinga.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har hatt ein konstituert dekan heile det siste studieåret. Etter ein arbeidsmiljøkonflikt, vart dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn mellombels omplassert i august i fjor. Åremålet hennar går ut i august i år, men Rotevatn har sagt opp stillinga si og fått ny jobb som direktør for Musea på Sunnmøre.

Rotevatn søkte stillinga som dekan på nytt i vinter, men vart ikkje tilsett. Den som fekk tilbod om stillinga var Tor Bang, som er førsteamanuensis ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved BI. Han var den einaste som var innstilt, men takka nei til stillinga av personlege årsaker.

Er optimist

Når høgskulestyret skal ha møte 28. mai, skal dei igjen tilsetja dekan ved Avdeling for mediefag. På søkjarlista stod det seks namn, tre av dei er unntatt offentlegheit. På den offentlege lista er det berre Kate Kartveit, som er førsteamanuensis ved Danmarks medie og journalisthøjskole, som har mediefagleg bakgrunn.

Rektor Johann Roppen vil ikkje seia så mykje om tilsetjinga.

— Eg vil ikkje gå i detaljar no, men det er grunn til optimisme, seier Roppen.

Eigentleg skulle ny dekan tilsetjast i styremøte 11.juni, har høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen tidlegare sagt til Khrono. No er det kome eit ekstraordinært møte på møteplanen, med fleire saker på dagsorden.

— Er planen no at ein skal få tilsett før 1. juni, slik at ein kan ha nokon på plass til studiestart eller i alle fall 1. september?

Odd Ragnar Hunnes vart ikkje pensjonist som han hadde tenkt, men dekan ved ei ny avdeling.

— Det er fleire grunnar til at me skal ha styremøte no, men ein kan tenkja slik du skisserer, ja, seier Roppen.

— Veit de om den eller dei som no er innstilte vil takka ja, og flytta til Volda?

— Me har hatt mykje kontakt med den innstilte, og det er som sagt grunn til optimisme.

Ytrehorn dekan

Odd Ragnar Hunnes har vore konstituert som dekan sidan august i fjor. Han gjekk eigentleg av med pensjon i fjor vår. 1. juni tek Jan Ytrehorn over. Han er høgskulelektor og i dag instituttleiar ved Institutt for journalistikk. Her vil Hans Martin Dypvik ta over som leiar medan Ytrehorn er konstituert som dekan.

— Ytrehorn vil fungera som dekan til nokon er på plass, seier Roppen.

Powered by Labrador CMS